Bompengar er best, sjølvsagt

Heller faste samband som vert nedbetalte og gratis etter nokre år, enn desse hersens ferjene me må betala for i all framtid.

NY KVARDAG: I Kvinnherad fekk me Folgefonntunnelen, som opna kommunen vår mot Odda og gav oss eit ferjefritt samband mot både Austlandet og Sørlandet, skriv innsendaren frå Kvinnherad. ARKIV

Debattinnlegg

Lennart Sortland
Sunde i Kvinnherad

Til alle tider har det vore slik at dersom me vil ha noko, må me rekna med å betale for det òg. Slik er det når me vil byggja ut infrastrukturen i landet vårt.

Me ynskjer oss nye og betre vegar, jernbanar og bybanar, bruer og tunnelar. Dette kostar sjølvsagt mykje, men det må til for at landet vårt skal fungere, og me må laga oss på å betale for det – mellom anna med nettopp bompengar.

Korleis fungerer dette i praksis? I min eigen kommune, Kvinnherad, fekk me Folgefonntunnelen, som opna kommunen vår mot Odda og gav oss eit ferjefritt samband mot både Austlandet og Sørlandet. Det vart ein ny kvardag for oss.

Måtte me betala bompengar? Ja, sjølvsagt. Men tunnelen er nedbetalt, og vart gratis for fleire år sidan. Det same skjer med tunnelen som knyter Halsnøy saman med fastlandet i kommunen vår. I september forsvinn bompengane der.

I vest finn me Trekantsambandet, som har gitt Bømlo og Stord/Fitjar eit ferjefritt samband mot Haugalandet og vidare til både Austlandet og Sørlandet. For å få til dette måtte me som nytta oss av det, betale for det. Men som alle slike prosjekt vart dette òg nedbetalt, og har vore gratis i mange år no.

Les også

Her i Jondal settes bompengene ned

Lennart Sortland slår eit slag for bompengar. PRIVAT

På Bømlo bygger dei Bømlopakken, som gjev vegar med høg standard og inneber bompengar i nokre år. I nord er Hordfast under planlegging. Vender me augo mot sør, finn me eit tilsvarande prosjekt, Ryfast.

Når desse står ferdige om nokre år, får me eit ferjefritt samband frå Nordhordland til Stavanger og heile Sør-Noreg. Dette er det verkeleg vyar over.

Bompengar er sjølvsagt ein del av dette, men her, som i alle slike prosjekt, vert ein ferdig med det etter nokre år. Dersom desse sambanda ikkje vert realiserte, er ferjer alternativet. Og det kostar sjølvsagt.

Me har i alle år måtta betale ferjebillettar, eller kanskje kan me kalle det bompengar, for det er jo det det er. Og dette vert me aldri ferdig med, men må betale for desse hersens ferjene i all framtid.

Så kva er best – faste samband som vert nedbetalte og gratis etter nokre år, eller ferjer som me må betale for i all framtid? Bompengar, sjølvsagt. For dei vert me jo ferdige med før eller seinare.

I og omkring Bergen har det kome bomstasjonar tett som ein hagl. Eg har ikkje vanskar med å forstå at det vert ein del reaksjonar, men tenk på kva Bergen og nabokommunane får att for bompengane. Jo, ein infrastruktur som det er stor trong for, og som det skin av på same måte som vegane på Bømlo.

Bybane til Åsane og Fyllingsdalen er det verkeleg er trong for, og tenk på kva dette vil ha å seie for miljøet i byen! Kanskje kan Bergen verta kvitt den kvite skodda som kviler over byen på kalde og stille vinterdagar.

Er det ikkje grunn god nok til å betale nokre kroner i bompengar?