Nedlegging av pelsdyrnæringa er eit ran frå nøysame bønder

Einaste måten å gjera erstatningsordninga rettferdig, er å teke verditakst på kvar enkelt pelsdyrfarm.

KOMPENSASJON: Regjeringa vil gjennomføre ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa. Scanpix

  • Gunnar Ljones Dolve
    Pelsdyroppdrettar i Kvam

Pelsdyrnæringa kjem til å verta nedlagt gjennom vedtak i Stortinget før dei tek sommarferie.

Me som er pelsdyroppdrettarar meiner dette er eit feil vedtak.

Dyrevelferda er like god i vår næring som i andre landbruksproduksjonar, me produserer eit organisk og fornybart produkt.

Råvarene me brukar er i hovudsak avfall frå fiskeri- og kjøttproduksjon.

Det som likevel opptek oss mest no, er at framlegget til vedtak i Stortinget vil medføra eit stort økonomisk tap.

Næringskomiteen vil føreslå at me skal få erstatning basert på bokført verdi. Dette verdsetjingsprinsippet vil seia at alle timar me har arbeidd med oppbygging av farmen er null verdt.

FRUSTRERT: Pelsdyrbonde Gunnar Ljones Dolve meiner det ikkje er for seint for Stortinget og komma opp med ei betre løysing. Privat

Om me hadde leigt desse timane av eit entreprenørfirma, ville dei derimot vore ein del av den bokførte verdien.

Vår situasjon er at me har bygd opp pelsdyrfarmen med stor eigeninnsats og materialar frå eigen skog over lang tid.

Me har også vedlikehalde den godt, og med eige arbeid gjennomført store tilpassingar til nye og strengare reglar.

Denne nøysame måten å utvikla verksemda vår på, vert me no straffa hardt for.

Me meiner at einaste måten å gjera erstatningsordninga rettferdig på, er at det vert teke ein verditakst på kvar enkelt pelsdyrfarm.

Det er ikkje for seint å endra dette enno.

Alle regjeringspartia har Stortingsrepresentantar frå Hordaland og dei andre vestlandsfylka. Dei kan gjera ein stor skilnad med å endra eit par ord i framlegget til vedtak i Stortinget.

I Stortingsvedtaket må erstatningsordninga endrast, omgrepet «bokført verdi» må bytast ut med «verditakst».

I tillegg burde me fått kompensert for det direkte inntektstapet i ein overgangsperiode på tre år.

Kjære Stortingsrepresentantar: Stå på vidare for å få retta opp saka i Stortinget!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg