Netthandel er den usynlege regionale pesten

Å leve i lokalsamfunnet betyr å handle lokalt.

Publisert Publisert

NEDGANGSTIDER: Vi ser innarbeidde lokale merkevarer legge ned i tettstadene våre, skriv innsendaren. Foto: Geir Amundsen

Debattinnlegg

  • Randi Førsund
    Filmskapar
  1. Leserne mener

Fylkesordføraren i Vestland, Jon Askeland, seier distriktskommunane i Vestland skal fortelje om kor fint ein har det, i staden for løfte fram alt som manglar. Har vestlendingane for høge krav om feite jobbar, gode lønningar og ferdig dekka bord?

Viss ein vil ha eit lokalsamfunn, lyt ein gjere to ting: Ein lyt bu der og leve der. Å leve i lokalsamfunnet betyr å handle lokalt. Men vi ser innarbeidde lokale merkevarer lyt legge ned i tettstadane våre. Lokale verksemder og bedrifter, som i alle år har definert til dømes Sogn og Fjordane, forsvinn bit for bit.

Netthandel er ikkje berre eit distriktsproblem, men også for byane. Vil vi ha tomme bygder og byar med ein pizzasjappe og eit haltande hotell? Skal alt gjerast på nett, legg vi med nokre tastetrykk ned våre eigne lokalsamfunn. Var eg fylkesordførar i Vestland, ville eg lagt ned forbod om netthandel.

Les også

Gøril H. Florvaag: «Småbutikkene dør hvis du ikke bruker dem»

Dette er den usynlege pesten som drep lokalsamfunna våre, medan alle ropar om ferjer og vegar. Kva skal vi med vegar og ferjer, med edruelege prisar, viss vi ikkje lenger har levande samfunn?

I ei tid der alt skal vere kostnadseffektivt og automatisert, forsvinn både bussjåførar, reinhaldarar og kassadamer. Tida med Skaparen er for lengst skrota, no står tida med medmenneske for tur. Er dette kostnadseffektivt i verdas rikaste land, som ligg i toppen når det gjeld sjølvdrap?

Eg lurer rett og slett på om fylkesordføraren i Vestland har rett. Fråflyttinga er synleg i terrenget vårt, men det er den usynlege pesten vi no må ta på alvor. Det er opp til oss om byar og lokalsamfunn skal leve eller pakkast ned. Lat det lyse i levande grender.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg