Kvifor går Norge motsett veg av Finland?

Når Norge prioriterer lesing og rekning, får vi ein innsnevra skule. Vel så viktig er leik, kreativitet og digital kompetanse. Det veit finnane.

Publisert Publisert

KREATIVITET: Leikfull læring, kreativitet, risktaking, eksperimentering, problemløysing, iderikdom, entreprenørskap og samarbeid er sett i høgsetet for å førebu barna til å kunne skapa dei nye arbeidsplassane Finland treng i framtida, skriv Arne Trageton. Foto: Paul S. Amundsen

Debattinnlegg

  • Arne Trageton
    Fyrsteamanuensis

**BT har nyleg** hatt ei rekkje artiklar om ein innsnevra skule med einsidig testing på avgrensa område, som lesing og rekning. Det skjer etter OECD-direktiv, men er i strid med den norske læreplanen frå 2006. Der står nemleg det å uttrykkje seg munnleg og skriftleg først i alle fag. Men desse basiskompetansane har ingen obligatorisk nasjonal prøve. I 2014 kom ei friviljug skriveprøve. Gjer denne obligatorisk og dropp ei upåliteleg leseprøve i ei femårsperiode. Då får vi vridd merksemda over på vel så viktige basiskompetansar, som fortel kva elevane har lært. Det er viktig seinare, for frå ungdomsskulen til doktorgradsnivå er det skrivenivået som blir målt, ikkje lesenivået.

Dei praktiske og estetiske faga i grunnskulen er redusert frå 20 til 12 prosent av totaltida i tiåret frå 2000 til 2010. Det verste er at den nye barneskulelæraren er ein firefagslærar utan eitt obligatorisk praktisk-estetisk fag. Framlegg om beskjedne 30 studiepoeng i kunst og handverk og musikk på barnesteget vart avfeia av departementet med at ein måtte prioritera 60 studiepoeng (eitt år) i norsk, matematikk og engelsk. Men dette tydde ikkje at kunst og handverk og musikk var mindre viktig, sa departementet. No risikerer ein at dei fleste barna får undervisning av lærarar utan kompetanse i desse faga.

Les også

«Ungdommene er fremtiden, sies det. Hvis de varer, sier vi.»

Finland går i motsett retning; dei styrkar dei estetiske faga. Med vidareutdanningskurs i «Playful computer writing» frå Helsinki universitet dei siste åtte åra, vart eg godt kjend med skulesystemet. Dei er på topp internasjonalt og treng ikkje nasjonale prøver som tek vekk tid frå læring og undervisning. Her er ingen politikerinnblanding, og foreldra er stolte av lærarane.

Berre 1— 15 prosent kjem inn på lærarstudiet etter toppkarakterar frå vidaregåande pluss intervju. Lærarar for ungdomsskule og gymnas er faglærarar, i tillegg til at dei har eit år pedagogikk og didaktikk. Men barneskulelærarens femårige masterutdanning legg mest vekt på pedagogikk og fagdidaktikk: Korleis undervisa i kunst og handverk, matematikk, finsk, og spesialpedagogikk fyller mest halve studiet, inkludert mastergraden. Finland brukar mest spesialpedagogiske ressursar i byrjaropplæringa (motsett Norge) og tilpassar opplæringa for å unngå skuletaparar frå start.

Finsk læreplan frå 2004 minner om vår læreplan frå 1997, der temaorganisering på tvers av fag og arbeidsmåtane leik, drama og praktisk arbeid skulle dominere på første til og med fjerde trinn. Borna jobbar i par, gruppe og klasse med overfaglege tema, opplyst med kunnskapar frå mange fag integrert i heilskapslæring. Finske lærarstudentar fekk allsidig danning i alle fags didaktikk, der dei estetiske fag hadde ein sterk posisjon som fundament.

Les også

Et samfunn der alle er tapere

Ny læreplan frå 2016 forsterkar dei estetiske faga. Leikfull læring, kreativitet, risktaking, eksperimentering, problemløysing, idérikdom, entreprenørskap og samarbeid er sett i høgsetet for å førebu barna til å kunne skapa dei nye arbeidsplassane Finland treng i framtida.

Leik, kreativitet og digital læring har fått aukande merksemd internasjonalt med tanke på ferdigheiter som er viktige i det 21. hundreåret, ifølgje professor Kristiina Kumpulainenved det nystarta Playful Learning Center ved Helsinki universitet. Senteret har ei rekkje master— og doktorgradsstudentar som utforskar effektivisering av læring, i pakt med 2016-læreplanen for å fostre kunnskapane, samarbeidande elevar med vekt på multimodalitet og digital læring.

Kumpulainen tykte kursa mine «Writing to Read. Playful computer writing» hadde tilsvarande filosofi. Barnet er ingen passiv konsument av informasjon, men ein kunnskapsprodusent som uttrykkjer eigen læring munnleg, skriftleg og digitalt, og som publiserer dei samansette tekstane sine på nettet, det vil seie teikningar og verbale tekstar. Ytringsfridom og demokratilæring for borna blir maksimal når læraren opprettar klassebloggar på heimesida til skulen. Tekstane deira kan lesast på internett av alle som har tilgang på internett.

Arne Trageton er fyrsteamanuensis og jobba tidlegare ved Høgskulen Stord/Haugesund. Han har mellom anna utvikla metodar for skriving og lesing. Læreboka «Å skrive seg til lesing» er omsett til dansk, svensk og finsk.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg