Kyrkje på tomt batteri

Den norske kyrkja har berre batteri til ein kveld i året, julaftan.

JOHANNESKYRKJA: Det er meir enn dei 20-30 sjelene som møtte opp i Johanneskyrkja langfredag som trur på Jesus og at han sto opp tredje dag. Men kyrkjene har gått tom for straum og har berre batteri til ein kveld i året, julaftan, skriv innsendaren. Odd E. Nerbø (arkiv)

Randi Førsund
Filmskapar

I samband med påska dette året kom biskop Per Arne Dahl og preses Helga Byfuglien med tankevekkjande innlegg i dagspressa til deg og meg. Alle oss statskyrkjemedlem, og dei som av ulike årsaker ikkje er der.

Per Arne Dahl konstaterer at påskebodskapen er irrelevant for altfor mange, medan Byfuglien peiker på at landet vårt syner motsett utvikling om vi samanliknar oss med t.d. katolske land.

Eg trur diverre svaret på tomme kyrkjer er ganske enkelt.

I fjor var eg i Dublin i påska. Det var fleire gudstenester for dagen i det fleirkulturelle samfunnet. 1. påskedag var kyrkja så full at eg måtte stå bakarst ved utgangen. Eg tenkte kor mange rockestjerner og konsertarenaer rommar ikkje denne byen? Kor mange har vore i alle kyrkjene i Dublin denne påska? Veldig mange.

Langt frå dei 30 eller drygt 20 vi høyrde om på TV 2 Nyheitskanalen, som møtte opp i Johanneskyrkja i Bergen langfredag. Den mest heilage og dramatiske dagen i året for alle kristne.

BISKOP: Per Arne Dahl konstaterer at påskebodskapen er irrelevant for altfor mange, skriv innsendaren om biskopen sitt innlegg i påska. Håkon Mosvold Larsen, Scanpix (arkiv)

Det er meir enn 20-30 sjeler i Bergen som trur på Jesus og at han sto opp tredje dag. Men kyrkjene har gått tom for straum. Den norske kyrkja har berre batteri til ein kveld i året, julaftan. Så dabbar det av før det døyr heilt til pinse. Då sjølve mysteriet og poenget med juleevangeliet og påskebodskapen vert stadfesta.

Kyrkja står tom som om ho var død, når ho skal forkynne at Den heilage ande kjem til oss og skapar tru og evig liv blant kvar den som vil, uansett ståstad i livet eller kvar du vart fødd.

I Dublin har eg mine næraste vener og kollegaer. Dei er katolikkar. Ei av dei fortalde meg om Den heilage ande, korleis han som den tredje personlegdomen i treeinigheita fungerer for deg og meg her i verda og i liv og død. Dette er kunnskap som katolikkane får inn med morsmjølka.

Kyrkjene som ikkje forkynner Den heilage ande, han som reiser Kristus opp frå grava tredje dag, blir stadig tommare. Medan t.d. dei katolske kyrkjene lev vidare. Dei anerkjenner sjølve grunnlaget for all kristen tru og forståing, Anden sjølv.

Eg fekk på kjøkenbenken den dagen, i samtale med ein økonom, oppdratt som katolikk, innsikt i det eg mangla for å forstå mi eiga lutheranske kristendom. Når eg har fått kunnskapen og forståinga av Den heilage ande på plass, har eg fått hand om ladaren til verdas viktigaste iPhone. iPhonen låg der med alle sine uunnverlege funksjonar til inga nytte fordi batteriet var tommare enn Johanneskyrkja langfredag.

TOM: Kyrkja står tom som om ho var død, når ho skal forkynne at Den heilage ande kjem til oss og skapar tru og evig liv, skriv innsendaren. Paul S. Amundsen (arkiv)

Per Arne Dahl og Helga Byfuglien har saman med dei andre biskopane og prestane i Den norske kyrkja ikkje lukkast formidle den tredje personlegdomen i trua vår. Det lyt de gjere noko med. Det er dykkar ansvar i dykkar tid å ta dette på alvor.

De har mykje å gjere.

Sjølv har eg erfart at gjennom livets verste stormar og orkanar kan ingen hjelp måle seg med den hjelpa du får i møte med Jesus, sett at du har eit aktivt forhold til han. Det får du ikkje ved å t.d. hengje på sosiale medier, men med eigentid med skaparen i form av bøn og bibel.

Så enkelt, så kjedeleg, vil du kanskje seie. Nei, på ingen måte. Men det er ein prosess, på same måte som du må gjennom tøffe tak før du har fått på plass toppforma i joggeløypa eller på treningssenteret. Det er ikkje alltid du elskar tanken på å springe, men den gode helsa kan du ikkje la forfalle.

Berre eit forsvinnande fåtal av soknebarna til kyrkjene under Helga Byfuglien sitt embete har eit aktivt bøneliv. Det blir som å ikkje ha ein iPhone i det heile tatt.

IKKJE LUKKAST: Helga Byfuglien har saman med dei andre biskopane og prestane i Den norske kyrkja ikkje lukkast formidle den tredje personlegdomen i trua vår, skriv innsendaren. Berit Roald, Scanpix (arkiv)

I staden for å invitere til yoga og kultur, bør bønekulturen takast på alvor. Eg hadde som vanleg lutheranar, oppalen i ein fri heim av ein Ap-far og Sp-mor, ikkje nok kunnskap om eiga tru. Eg fekk ikkje og fann ikkje der eg søkte i mi kyrkje i mitt land, men via ein katolsk økonom på eit kjøken i Dublin.

Med tredje personlegdom i treeinigheita på plass, forstår eg kyrkja mi. Eg er ofte innom kyrkja i Førde når eg er der, ei av dei mest brukte i Bjørgvin bispedøme. Eg har tenkt at viss folk visste kor mykje hjelp, kraft, gjennombrot og gjenoppreising ein får av søkje Jesus i ei heilt vanleg kyrkje, hadde det vore kamp om plassane.

Eller kanskje slik som i Dublin, der lyt kyrkjene ha fleire gudstenester om dagen for at alle skal få plass. Dei har alltid med ladaren til iPhonen, slik at dei alltid har tilgang på alle funksjonane og tenestene denne fantastiske skapningen har å tilby.

Viss Byfuglien og hennar mannskap ikkje har mannskap til å formidle kunnskapen om Den heilage ande og krafta i Jesus, som uansett skapar oppstode både før og no og alltid vil, kva er då poenget med Den norske kyrkja?

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg