Husarbeid, helvetes pine og Fjord1

Fjord1-salet er noko av det svakaste politiske handverket eg har sett.

Salet av Fjord1 er prega av feilvurderingar, naive haldningar og fylkeskommunale krumspring, skriv Jan Erik Kjerpeseth. Han meiner at ein i det minste må lære av saka. Foto: Sunde, Helge

  • Jan Erik Kjerpeseth
    Konsernsjef, Sparebanken Vest
Publisert:

«Alt har ein ende, unntatt husarbeid og helvetes pine», sa Einar Førde. Då eg var heime i Sunnfjord i romjula, slo det meg at ein også kan leggje til debatten rundt Fjord1.

Kvifor blir vi ikkje ferdige med den? Kvifor må fylkesordføraren framleis kommentere kvartalstala og børsverdien til Fjord1?

Det kan sjølvsagt vere fordi saka i seg sjølv var viktig. Salet markerte den historiske sluttstreken for eigarskapen i reiarlaget som under ulike namn og skorsteinsmerke har frakta folk på fjordane våre sidan D/S «Framnæs» vart sett i drift i 1858.

159 års eigarskap tok slutt.

Det kan òg vere den kaotiske prosessen. Saka som blei handsama i fylkestinget måndag 23. november 2015 var den største saka i fylkestinget til Sogn og Fjordane på fleire tiår.

Ein kaotisk sak der fylkestinget var kløyvd i bitter strid.

Det kan òg vere fordi det i etterkant kom fram at fylkesrådmannen hadde kjøpt konsulentoppdrag for ufattelege 20 millionar kroner i Fjord1-saka. Oppdrag som ein i tillegg ikkje hadde konkurranseutsett, og som på toppen av det heile skulle betalast av kjøparen.

Eg trur ikkje det er difor saka ikkje tek slutt.

Les også

Børsklokken ringer for Fylkesbaatane

Til sjuande og sist trur eg det handlar om at vi treng å høyre at dei ansvarlege tek sjølvkritikk, etter ei skandale av ei sak som ikkje har fått konsekvensar for dei involverte.

Dei partia som pressa salet av Fjord1 til transportkonsernet Torghatten gjennom i fylkestinget i 2015, har ikkje på noko tidspunkt kome med ei beklaging. Trass i Torghatten-avtalens totalhavari og sterke åtvaringar i forkant.

Tvert om snakkar Senterpartiet om «god timing» og om ein prosess som har auka verdiane for Sogn og Fjordane monaleg. Fylkesordføraren peikar hyppig på at det ville vore høg risiko å eige vidare i Fjord1, og at det var umogeleg for fylkeskommunen å få ut verdiane i selskapet.

Er det verkeleg slik at fylkeskommunen ikkje kunne børsnotert selskapet og selt seg gradvis ut av Fjord1? Er det slik at ein bransje med lange kontraktar mot det offentlege er å betrakta som høg risiko?

Vi veit alle at dette er bortforklaringar.

Det som eit knapt fleirtal i fylkestinget vedtok i november 2015, er noko av det svakaste politiske handverket eg har sett.

SVIKT: Salsprosessen har synleggjort mange sviktande vurderingar frå fylkeskommunen, meiner Jan Erik Kjerpeseth. Her representert ved fylkesordførar Jenny Følling (Sp) Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

Sogn og Fjordane fylkeskommune laga ein selskapskonstruksjon som berre var meint å bidra til å omgå den lovbeskytta forkjøpsretten til Havilafjord AS. Ein føresetnad som viste seg å vere langt meir etisk og rettsleg problematisk enn det fylkesrådmann gav uttrykk for.

Hadde ikkje Konkurransetilsynet sagt nei til desse krumspringa, ville fylkeskommunen opplevd ei lang og opprivande rettssak. Ein rettssak som fylket fort ville ha tapt.

Fylkesrådmannen og hans rådgjevarar hadde ei naiv tilnærming til Konkurransetilsynet. Dei meinte at tilsynet ikkje kom til å ha motsegn på ein fusjon mellom dei to største ferjeselskapa i landet. Dei same rådgjevarane hadde tidlegare hevda at ein fusjon mellom Fjord1 og Norled, det tredje største ferjeselskapet i landet, ikkje ville bli godkjend av tilsynet.

Forstå det den som vil.

Konkurransetilsynet konkluderte føreseieleg nok stikk i strid med kva rådgjevarane sa då fylkestinget behandla saka.

Eit sal til Torghatten ville ført til dyrare tenester. Gjermund Nesse i Konkurransetilsynet uttalte etter vedtaket at Torghatten sitt kjøp av eigardelar i Fjord1 ville ført til redusert konkurranse og auka kostnader for fylkeskommunane.

Berre nokre dagar etter at Konkurransetilsynet sa at salet til Torghatten ville hemme konkurransen, fekk dei meir rett enn dei kunne håpe på. Torghatten gav eit anbod på Halhjem-Sandvikvåg som var 1,1 milliardar billegare enn Fjord1 sitt tilbod.

Skattytarar, passasjerar og fylkeskommunen sjølv skal vere glade for at Konkurransetilsynet sa nei. Dette perspektivet var i liten grad vektlagt i vedtaket til fylkestinget. Det er oppsiktsvekkjande.

Les også

Fjord1 etablerer seg i Bergen

Førestillingane om plassering av hovudkontor var naive. I Sogn og Fjordane burde ein vite meir enn nokon annan plass at hovudkontor i leiande selskap ikkje veks på tre.

Vi ser no eit Fjord1 som har 16 elektriske fartøy under bygging og leier an når det gjeld framtidas samferdsle-, energi- og klimaløysingar. Eit selskap som vinn stadig nye anbod og løpande tilset nye årsverk.

Ville det vore slik om ein hadde selt til hovudkonkurrenten Torghatten? Sjølvsagt ikkje.

Det er like sannsynleg som at TV2 sitt hovudkontor blir i Bergen utan tydelege konsesjonskrav. Like sannsynleg som at Rieber & Søn skulle halde på hovudkontor-arbeidsplassane på Vestlandet etter oppkjøpet frå Orkla.

Fakta er at denne gongen redda Konkurransetilsynet eit svært viktig hovudkontor i Sogn og Fjordane. På same måte som Finanstilsynet for litt over ti år sida redda Sparebanken Sogn og Fjordane då ein prøvde å omgå sparebankloven for å selje banken til Gjensidige.

Les også

Per Sævik har tjent over en milliard på Fjord1

I tillegg til at prosessen var lukka og svært lite tillitvekkjande, var mi hovudinnvending til behandlinga i fylkestinget i 2015 knytt til konsekvens for hovudkontor og pris.

Sogn og Fjordane fylkeskommune selde 59 prosent av aksjane i Fjord1 til Per Sævik for 1,07 milliardar.

Fjord1 la for tredje kvartal 2017 fram eit driftsresultat på 302 millionar kroner, og selskapet er verdsett til heile 4,5 milliardar kroner.

I debatten i fylkesutvalet om salet gjekk fylkesrådmannen til angrep på dei leiarane frå næringslivet som stilte spørsmål om verdien på selskapet. Han uttalte frå talarstolen til fylkesutvalet at fleire med meg hadde lav kunnskap om økonomi.

Tala talar for seg sjølv.

Med betre kompetanse, lovlege innkjøp og rådgjevarar som ikkje i hovudsak var betalt av kjøparen, er eg trygg på at fylkeskommunen hadde oppnådd ein heilt annan pris.

MILLIARDGEVINST: Per Sævik har tjent store pengar på å kjøpe seg inn i Fjord1. Han vil vere ein god eigar for Fjord1, skriv innsendaren. Foto: Elias Dahlen

Salsprosessen har synleggjort mange sviktande vurderingar. Overordna var altså dokumentasjonen og vurderingane som blei lagt fram feil på alle område. Og det mangla ikkje på åtvaringar frå LO, NHO og ei mengde andre aktørar.

Per Sævik vil nok vere ein god eigar for Fjord1. Salet var nok riktig. At løysinga til slutt sikra hovudkontor og arbeidsplassar i fylket er likevel ikkje politikarane si forteneste. Vi kan takke Konkurransetilsynet.

Vi treng å vite at ein har lært av Fjord1-saka. Vi treng å høyre at desse dyrkjøpte erfaringane ikkje er utan verdi.

Det må til om ein skal klare å gjenoppbygge tillit. Det må til om Fjord1-saka skal ha ein ende.

Fylkesleiar for Ap, Hilmar Høl, samanfatta saka godt i Firda, då han sa at «Vi har gjort oss til latter for heile Norge.»

La det ikkje vere fånyttes.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg