Mann deg opp, du har ein kvinnesjukdom

DEBATT: Familie og vener fortel dei at dei er «mannen i huset», og at dei ikkje kan vere sjuk.

UTDATERT: Når helsevesenet diagnostiserer basert på uvitenheit og utdaterte omgrep, blir mange menn feildiagnosert. Og når mannfolka blir oversett, får myten om ein mystisk kvinnesjukdom fortsette å blomstre, skriv Elise Gulestøl. NTB Scanpix

  • Elise Gulestøl
    Florø

Ein gong på 90-talet kalla nokre uvitande legar fibromyalgi for ein kvinnesjukdom. Omgrepet sette seg fast som tyggis i håret. Kvinnesjukdom-stempelet viste seg å skulle gå ut over både kvinner og menn. Det har ikkje hengt på greip at ni av ti som får diagnosen, er kvinner. Fibromyalgi sit jo ikkje i livmora. Kor blir det av mannfolka?

Fibromyalgi gir blaffen i om du er mann eller kvinne, ung eller gammal, rik eller fattig. Den rammer minst tre prosent av oss. Likevel har sjukdommen knapt blitt forska på, før no. Men forskinga går i sniglefart, og sjukdommen er framleis dårleg forstått. Det er vanlegare å møte på ein lege som ikkje har peiling, enn ein som har det. Det er likevel betre enn å få ein lege som ikkje har kunnskap, berre fordommar. Og fordommane går ofte på kjønn.

I fjor skreiv eg ein kronikk i Bergens Tidende om korleis eg blir møtt som kvinne med fibromyalgi. Legane mine har brukt kjønn, alder og utsjånad mot meg. Etter kronikken blei innboksen min full av liknande historier frå heile landet.

«Eg har opplevd så utruleg mykje mistillit» skriv ein mann til meg på sosiale medier. «Klare du å møte opp på legetimen, så kan du jobbe» er noko av det han har fått høyre av fastlegen.

Når mannfolka blir oversett, får myten om ein mystisk kvinnesjukdom fortsette å blomstre, sier Elise Gulestøl. Privat

Kva med menn som har desse såkalla kvinnesjukdommane? Opplev dei også diskriminering basert på kjønn, utsjånad eller alder? Kvifor er det slik?

Eg dykka i forskinga. Det er ikkje hyggeleg lesing. Ny forsking frå 2018 viser at det var god grunn til å mistenkje store mørketal. Forskinga ser på korleis menn med fibromyalgi blir møtt i helsevesenet i USA og ellers i samfunnet. Resultatet var svært lite overraskande, men svært provoserande: Menn blir behandla annleis av legane.

Når helsevesenet diagnostiserer basert på uvitenheit og utdaterte omgrep, så blir mange menn feildiagnosert. Det kan ta tiår før mennene får riktig diagnose, om i det heile tatt. Når mannfolka blir oversett, får myten om ein mystisk kvinnesjukdom fortsette å blomstre.

Også heime møter menn med fibromyalgi fordommar. Familie og vener viser ofte skepsis, og fortel at dei må «manne seg opp». Ikkje vise svakheit. Dei er «mannen i huset» og har ansvar for familien og økonomien, og kan difor ikkje vere sjuk. Mennene fortel i forskninga at dei kjenner på eit stort stigma ved å ha kroniske smerter og i tillegg ha ein såkalla kvinnesjukdom.

Frå før er det eit problem at menn nøler med å oppsøkje hjelp for sjukdommar, anten det er prostatakreft eller depresjon. Problemet forsterkast ved fibromyalgi. Forsking viser at menn er redde for å ikkje bli trudd, og difor ikkje går til legen. Det understrekar kor mykje menn holder ut smerta før dei søkjer hjelp, og kor vanskeleg det er å finne ein som lyttar utan å dømme. Dette har store konsekvensar for mennene sine forhold, arbeid og psykiske helse.

Dette viser kor sterkt eit ord og tydinga av eit omgrep kan ha over folks liv. Er det fordommar om kva rolle samfunnet forventar av ein mann i forhold til ei kvinne som er det underliggjande problemet?

Så korleis skal vi få slutt på fordommane? Eg tenkjer at det er på tide at vi sluttar å bruke omgrep som kvinnesjukdom og mannesjukdom. Dei er unyttige, ukorrekte og stigmatiserande. Omgrepa kan vere forskjellen mellom forståing og fordom, som kan endre liv.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg