Me må styre krafta vår sjølv

Stortingsfleirtalet vil omgå Grunnlova for å gi EU makt over krafta vår.

Publisert:

SJØLVSTYRE: Stortingsfleirtalet vil gjere krafta vår til ei marknadsvare på linje med brød og mjølk, skriv innsendaren. Det vil føre til dyrare kraft, og ei forvitring av demokratiet, meiner ho. Foto: Roar Christiansen

Debattinnlegg

Toril Mongstad
Nestleiar, Hordaland Nei til EU

Det var eit mangelfullt og til dels misvisande innlegg frå stortingsrepresentant Eigil Knutsen (Ap) om EUs tredje energidirektiv i BT 5. februar.

Spørsmålet er om Noreg skal slutta seg til EUs energibyrå, Agency of Cooperation of Energy Regulators (ACER).

Knutsen skriv at me vil få ein plass ved bordet. Ja, men ingen stemmerett. Det har EU avgjort, etter førespurnad frå Noreg. Og kva er det som gjer det naudsynleg å seia ifrå oss sjølvråderett på dette området? Det tek ikkje Knutsen opp. Han nemner heller ikkje Grunnlovas paragraf 115 om avståing av suverenitet.

Påstanden om at det er ytste venstre som hausar opp saka og ser spøkjelse på høglys dag, kommenterer eg ikkje. Her trengst reell og utfyllande informasjon, ikkje båstenking og bortforklaring.

Tidlegare i historia var det brei semje om at desse ressursane skulle tilhøyra og styrast av Noreg. Hovudtanken var å sikra oss straum. Dette synet har endra seg dramatisk. Vasskraft og gass skal framleis forsyna oss med energi, men det viktigaste no er å skapa profitt for eigarane. Dermed er det opna for konkurranse og fri marknad, heilt i tråd med regjeringa og EU sin politikk.

Fri flyt av det meste.

Les også

Krafta er vår

Viss Noreg sluttar seg til dette direktivet, vil EU overta styringa av norsk energi. Energiregulatoren ACER får då det siste og overordna ordet i saker som vedkjem utbygging av kraft, bygging av kablar i og mellom statar i Europa og korleis overskotet på eksport av straum skal forvaltast. Byrået skal sørgja for at det er ein open og reguleringsfri konkurranse på energimarknaden. Dersom det oppstår usemje mellom nasjonar på dette området, vil ACER ha mynde til å ta overordna avgjerd.

Det kan vere positive element i tanken bak. Det er viktig å regulera og sikra kraft, særleg og om det skulle oppstå ei krise. Men er det viktig nok til at me skal avstå eiga styring på eit så viktig politisk område? No skal krafta vår bli ei marknadsvare på lik linje med brød og mjølk. Endå verre, den blir underlagt styring utanfor eigne grenser.

Resultatet blir fort auka straumprisar og auka nettleige.

OPPFINNSAM: Regjeringa har laga ein modell for å unngå grunnlovsparagraften om å avstå suverenitet, skriv innsendaren. Foto: Ørjan Deisz

Europa har stort sett høgare straumprisar enn det me har, og ein konsekvens av ny reguleringsmynde på dette området vil vera at me overtar europeisk prisnivå. For mange bedrifter innan kraftkrevjande industri, vil dette kunna føra til konkursar og nedlegging.

Ein følgjeskade av dette vil vera at mange lokalsamfunn i distrikta vil missa livsgrunnlaget.

Dersom Stortinget bestemmer seg for å gje frå seg suverenitet på dette viktige området, må det handsamast etter Grunnlovas paragraf 115. Avståing av suverenitet krev tre firedels fleirtal i Stortinget. Regjeringa, med Høgre, Frp og Venstre, har laga ein oppkonstruert modell for å unngå dette.

Reguleringsmyndigheita for Energi (RME) skal bli instruert av det europeiske overvakingsorganet ESA, som kopierer ACER sine vedtak. RME er foreslått som eit nytt forvaltningsorgan som styresmaktene ikkje skal ha styringsrett over.

Ved rein forvaltningsmagi meiner regjeringa då at dei ikkje avstår suverenitet.

Les også

Skremmebilde om utenlandskabler

Regjeringa er oppfinnsame, for all del, men dei viser først og fremst ei forakt for det norske folket ved å lura energidirektivet inn på denne måten. Dei overser at det norske folket har sagt nei til medlemskap i EU to gonger, og at over 70 prosent av folket framleis er i mot medlemskap.

EØS er den einaste avtala som i tillegg til å regulera handel mellom nasjonar, også krev full politisk underordning. For å få handla, må me godta å kopiera dei lovene, dei direktiva og forordningane som EU presenterer for oss via EØS. Frå EØS vart vedteken og fram til i dag snakkar me om nærare 12.000 direktiv. Nokre snakkar om reservasjonsrett og veto. Ja, dette er mogeleg, men kva hjelper det når retten aldri vert brukt?

Kven skal styra Noreg framover? Demokratiet skal ha eit utbreitt folkestyre og bør ha ei regjering som sjølv utviklar og utøver politikk. Me er ikkje tente med styresmakter som finn det formålstenleg å kopiera EU sin politikk framfor å tenkja sjølve.

Me treng ikkje ei regjering som driv med utstrekt utmagring av norsk sjølvstyre og demokrati.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg