Farleg klimanekting

Dei fleste av oss er skuldige i klimanekting i ei eller anna form.

KLIMASKADAR: Temperaturauken er spesielt stor i Arktis, der isen smeltar og risikoen for store metanutslepp frå tundraen aukar, skriv Gunnar Kvåle. Scanpix

Debattinnlegg

Gunnar Kvåle
Professor emeritus, Senter for internasjonal helse, Universitetet i Bergen

Ved FN sitt klimatoppmøte i desember 2015, vart statsleiarar verda over samde om at om vi skal kunna unngå katastrofale klimaendringar, må ikkje global gjennomsnittstemperatur stiga med meir enn mellom 1,5 og 2,0 grader. FN peikar på at for å nå dette målet, er det viktig at radikale utsleppskutt startar før 2020. Rike land må redusera globale klimagassutslepp med om lag 80 prosent innan 2030.

Mange forskarar meiner at det alt no kan vera for seint å kunna avgrensa temperaturauken til 1,5 grad. I den siste publikasjonen frå Det internasjonale energibyrået, IEA, står det at energirelaterte utslepp må vera null innan 2040 for å ha ein 50 prosent sjanse for å nå dette målet.

Vi ser no kraftig auke i global gjennomsnittstemperatur og store synlege klimaskadar verda over. Temperaturauken er spesielt stor i Arktis der isen smeltar og risikoen for store metanutslepp frå tundraen aukar. Det kan setja i gong farlege sjølvforsterkande klimaendringar som ikkje kan stoggast. I denne situasjonen blir det i Noreg ført ein politikk som ikkje har ført til nedgang i utsleppa.

Årsaka til at ikkje meir blir gjort for å stogga denne utviklinga, er at dei fleste av oss er skuldige i klimanekting i ei eller anna form. Sjefskommentator i Financial Times, Martin Wolf, omtala nyleg Donald Trump som eit eksempel på ein ekte klimanektar. Dette er ein som ikkje trur på menneskeskapte klimaendringar, og som difor ikkje vil gjera noko for å stogga dei. Slike klimanektarar finn vi ein del av, også i Noreg, men stadig færre leiande politikarar gjev uttrykk for dette synet.

Les også

Fiji med melding til Trump: Redd oss fra klimaendringene

Meir overraskande er at Wolf også karakteriserte Hillary Clinton som klimanektar, men då av ein type som gjer seg skuldig i det han kallar «denial minor». Dette er politikarar og andre som erkjenner dei opplagde farane som klimaendringane er, men som argumenterer som om det å hindra alvorlege klimaendringar er ei relativ enkel sak, som kan løysast ved politikken dei står for og med tiltak som dei burde vita ikkje er tilstrekkelege.

Denne forma for klimanekting er typisk for dei fleste norske politikarar. Dei underslår informasjon om at effekten av mange av tiltaka som blir foreslått, er usikre og samla sett langt frå tilstrekkelege for å nå norske klimamål eller det Paris-avtalen krev. I Noreg har dei gått frå målsetjinga i klimaforliket om kutt på rundt 7 millionar tonn CO2 innan 2020. I staden lovar ein 40 prosent kutt innan 2030. Jens Stoltenberg vedgår no at politikarar har for vane å setja høge mål, samstundes som dei ikkje gjer nok for å oppfylla dei. I siste boka si «Min historie» skriv han: «Når datoen nærmar seg og vi ser at det blir vanskeleg, sluttar vi å snakke om dette målet og setter i staden nye mål enda lenger fram. Slik har vi bedratt oss sjølv fleire gonger».

Denne type klimafornekting er like alvorleg som «ekte» klimanekting. Det hjelper lite å vedgå at klimaendringane er reelle når kunnskapen om dette ikkje fører til klimatiltak som vil kunna hindra svært alvorlege skadar. Politikarar er då med på å bedra seg sjølv og andre og kan slik bidra til at færre bryr seg. Mange som veit at klimaendringane er reelle, stolar på at politikarane vil ordna opp. Difor lar dei vera å røysta på parti som tek klimasaka på alvor og finn det ikkje naudsynt å endra livsstil for slik å redusera eigne personlege utslepp.

Ei tredje form for klimanekting er dei som på same måten som gruppa over veit at klimaendringane er reelle og vil føra til stor skade, men som også krev politiske og strukturelle endringar og stemmer på parti som tek klimasaka på alvor. Men også mellom desse er det mange som gjer lite for å endra livsstil for å redusera eigne personlege utslepp. Deira handling kan ein sjå på som ei form for klimanekting sidan dei ikkje synest å bry seg med at skilnad mellom liv og lære vil svekkja bodskapen deira.

Den kjende klimaforskaren Kevin Anderson, nestleiar for det britiske Tyndall senter for klimaforsking, er mellom dei som meiner at det er naudsynt gjennom eigen livsstil å visa at saka er viktig. Han peikar på at folk som han sjølv har eit særleg stort ansvar for å gå føre som gode eksempel når det gjeld personlege klimagassutslepp. I praksis har dette ført til at han ikkje har reist med fly på rundt 12 år, og at han også elles lever eit liv i måtehald når det gjeld vanar som fører til klimagassutslepp. Han ser samstundes på strukturelle og politiske endringar som heilt naudsynte for å kunna avgrensa den global oppvarminga.

Les også

Klimaendringer – en kollektiv form for idioti

Men slike politiske endringar oppstår ikkje i eit vakuum. Den individuelle dimensjonen gjeld særleg dei av oss som veit kor alvorleg klimaendringane er og veit kva som må til for å avgrensa klimaendringane.

Einskildpersonar som kuttar utslepp, bidrar til endring, både ved at handlinga fører direkte til reduserte klimagassutslepp, og ved å verka som ein katalysator for kollektiv handling og systemendring. Anderson skriv mellom anna: «På ein måte ser eg på dette som ei plikt for oss som ikkje er råka av klimaendringane og som tilfeldigvis har vore så heldige at vi kan leva godt med ein livsstil som fører til mindre utslepp». Gjer vi ikkje dette, er vi med på å bidra til at menneske i fattige land vil døy av klimaendringar.

Det finst diverre ingen teknisk eller politisk «quick fix» for å hindra alvorlege klimaendringar. Trump si haldning til klimakunnskapen er svært uheldig. Men viktigare enn å kjempa mot denne velkjende forma for klimanekting, er kampen mot dei to sistnemnde formene. Endringar av livsstil av oss som forstår klimautfordringa, kan vera kritisk for at ein majoritet blant politikarane våre vil gå inn for tiltak som monar.

I ei tid der det hastar med handling, kan vi ikkje ta sjansen på å svekkja overtydingskrafta i argumenta våre slik vi gjer om vi praktiserer stor skilnad mellom liv og lære. Som Mahatma Gandhi formulerte det: «Du må vera den endringa du ønskjer å sjå i verda.»

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg