Det politikarne eigentleg meiner

DEBATT: Ein røff guide til politikarspråket.

DUELL: Statsminister Erna Solberg (H) og partileder Jonas Gahr Støre (A) møttes til valgdebatt i Oslo 5. august. Terje Pedersen/ NTB scanpix

Debattinnlegg

Frode Igesund
Student

Arbeidsplass
m. det aller mest heilage, det einaste godet, eit fullt glas, lyset i enden av tunnellen, den heilage gral, stortingsfleirtal

Arving (person)
m. verkelegheitsfjernt pakk som er immune mot problem

Bompengar
m. Sjå landevegsrøveri

Dei Rike
idiom. Stein Erik Hagen, John Fredriksen og Røkke

Distriktspolitikk
m. akuttmottak, lensmannskontor og rådhus

Dugnad
m. eit ord internasjonale ordbøker ikkje har

Les også

Følg valkampen med BT-journalist Gerd Tjeldflåt

Elitist
m. dei som betalar for gjenstandar med el-prefiks; el-bil, el-sykkel, el-avgift. Tidlegare kalla kaffelatte-drikkarar, eller oslo-borgarar. Er for ulv.

Effektivisering
f. nedlegging

Folket
n. (særnamn) nokon som alltid meiner og vil ha det same som deg

Formue
f. berg av lett tilgjengelige gullmyntar i Dei Rike sine kvelv. Sjå Dei Rike.

Formueskatt
m. skatt på Dei Rike sine Formuer. Sjå, Dei Rike, Formue og velferd.

Forsvarspolitikk
m. drift av Andøya flyplass og deleskip

Forvaltning av ulv
idiom. felling av ulv.

Fylkesmann
m. elefantkyrkjegard for stortingsrepresentantar

Godheitstyrann
m. ein opplagt heiderstittel

Handlingsregel
m. meir som ei retningslinje å rekne. Kan setjast til side for innkjøp av regjeringsbygg eller fregatt.

Heksejakt
f. tradisjonell rettsleg forfølging av beviselege overtramp

Hylekor
(1) n. det kanskje verste ein kan kalle nokon
(2) n. opinionsgruppe som høglydt gjev uttrykk for misnøye over noko, gjerne slik at ytringsfridomen din blir knebla. Sjå Knebla ytringsfridom.

I forhold til
(idiom) Betyr det du vil. Kan brukast når og kor som helst.

Les også

LES OGSÅ: Er du med i det største «partiet»?

Innvandrar
(1) m. gjenstand som ikkje er velkomen, lykkejeger med sugerør ned i statskassa
(2) m. gjenstand som er veldig velkomen, omtrent på linje med arbeidsplassar, men skjøre mot humor eller politisk debatt.

Kaldt samfunn
n. (idiom) politisk klima der ein brukar nedsetjande karakteristikkar og retorikk som skremselspropaganda for å vinne fram politisk. «Dersom Høyre og Fremskrittspartiet vinner valget får vi et kaldere samfunn!».

Knebla ytringsfridom
m. (idiom). når ein har heile pressekorpset si merksemd. «Det Jon Helgheim nettopp sa på TV 2-nyheitene er heilt sant! Ingen i media rapporterer meininga hans! Ytringsfridomen vår er knebla.» Sjå Svenske tilstandar.

Kontantstøtte
f. språkbarriere og fødselshonorar.

Kraftkommune
f. kommunar som har arvesølv, og som ikkje vil slå seg saman.

Krenka
adj. noko du helst er på vegner av andre, ofte brukt for å karakterisere den som har vunne ein debatt.

Kristen kulturarv
f. brunost, dugnadssniking og taxfree frå Granka.

Landbrukspolitikk
m. sjå forvaltning av ulv

Landevegsrøveri
Sjå bompengar.

Maktkamp
m. ei universelt relevant forklaring på mektige menn si uheldige eksponering i media.

Næringsliv
n. samleomgrep for eigarar og arvingar som profitterer og aldri vil betale skatt.

Olje
f. den originale olja, tjuktflytande væske som kan gjere skade på fjell og fugl i Lofoten.

Populisme
m. strategigrunnlaget til den med størst oppslutning.

Profitt
m. tjuveri og bedrag.

Les også

LES OGSÅ: Beste-uvenner

Reform
f. sjå samanslåing.

Retorikk
m. noko berre meiningsmotstandaren din nyttar.

Samanslåing
f. nedlegging av distriktspolitikk. Sjå distriktspolitikk, effektivisering og EØS.

Sentralisering
f. ei blå-blå(-blå) regjering sitt hovudføremål.

Skatt
m. noko du ikkje vil betale, men betalar med glede – ofte proporsjonalt avhengig av kva inntekta di er. «I Noreg betalar folk skatten sin med glede, men Dei Rike betalar ikkje skatt.»

Sosialpolitikk
m. politikk mogleggjort av formueskatten.

Strategisk val
n. Venstre.

Svenske tilstandar
idiom. Dantes inste sirkel, det motsette av arbeidsplass. Der det er ein overflod av innvandrarar (1) og ingen norsk, kristen kulturarv.

Taxfree
m. hovudmotivatoren for norsk utanlandsreise.

«Troverdighet»
m. monopol på eit bodskap eller politisk område. «Undersøkelsen viser at Miljøpartiet De Grønne nyter stor troverdighet i miljøspørsmålet.»

Trygda (person)
adj. Sjå innvandrar. Forsvarar av norsk, kristen kulturarv.

Tørre
v. å overkomme keisemda (bokm: «kjedsomheten») knytt til å snakke om eit alltid-tilbakevendande tema som ingen fryktar å snakke om. «Vi må tørre å snakke om sosialpolitikk».

Tåkefyrste
m. tittel. Hertugen av Lillaveljarane

Utgreiing
Idiom. ”Mañana mañana”.

Valdebatt
m. reality-show der deltaking kvalifiserer til jobb i First House.

Valkamp
m. gratis svertekampanje eller offentleg kaffislabberas.

Valløfte
n. generell og nostalgisk mimring eller idémyldring utan behov for vidare oppfylging.

Valvinnar
m. den som har auka mest i oppslutning sidan sist, kan godt lande under sperregrensa og/eller i opposisjon.

Varmt samfunn
idiom. samfunn med formueskatt og raudt styre.

Velferdsprofittør
m. Sjå innvandrar (1). vedkomande gjer profitt på staten si rekning. Sjå profitt

Ytringsfridom
m. eit «Get Out of Jail Free»-kort

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!