«Å stå i det» er visst det nye moteomgrepet

Men kva betyr det, og kven er det eigentleg som må «stå i det»?

Publisert Publisert

NATURINNGREP: «Betal deg ut av problema»-klubben trur dei kan betala seg ut av alt, men det kan dei ikkje, skriv Arnold Matre i «Folk for fjella». Gruppa arbeidar for å stanse all vindkraftutbygging mellom Stølsheimen i aust, Sognefjorden i nord, havet i vest og Osterfjorden i sør. Foto: Privat

Debattinnlegg

  • Arnold Matre
    «Folk for fjella»
  1. Leserne mener

«Politikarane må stå i det», seier administrerande direktør i NHO, Ole Erik Almlid, til Trønderavisa 10. januar. To dagar før sa konsernsjef Jannicke Hilland i BKK det same på Politisk kvarter på NRK P2: «Vi må tørre å stå i det, vi må tørre å ha ryggrad».

Ja vel? Kva meiner dei eigentleg med det? Kva skal dei tore å stå i? Kva og kven skal dei stå opp mot?

Det dei eigentleg seier og meiner, er vel at våre stortingspolitikarar må tore å sjå vekk frå folkeviljen, frå lokaldemokratiet, frå naturverdiar. Sjå vekk frå historia si største rasering av norsk natur, frå kommunar, fylkesmenn og miljødirektorat sine faglege innvendingar. Sjå vekk frå lover og forvaltninga sitt krav til objektivitet, frå folk sin livskvalitet.

For det kan sjå ut som om det berre er Almlid, Hilland og andre næringslivtoppar som kjenner sanninga. Det er jo berre dei som ser det store biletet. Som om det er industrien og næringslivet som har tradisjon for å gå først i kampen for klima, natur, miljø og berekraft; desse orda dei strør kring seg med største sjølvfølgje.

For deira kamp er jo berre for klimaet, miljøet og meg og deg, sjølvsagt. Det er jo ikkje for næringa si eiga vinning, og ikkje for verksemda sine eigne interesser. Det bør jo alle skjøna. Dei tek berre nasjonalt ansvar. Det heiter visst det når du skal forsvara at du køyrer over nokon.

Men det er ikkje slik. Kva betyr eigentleg «å stå i det»?

Professor Paul Otto Brunstad seier det slik i sine «ledelsesfilosofiske betraktningar»:

«Livet er ikke alltid like lett. I møte med motgang, motstand, eller konflikter, kan det røyne på for noen og enhver, særlig når ingen opplagte løsninger er i sikte. En må bare bli stående i det, ofte alene. Evnen til å tåle ubehag og smerte, uten å gi opp eller bukke under, kalles i litteraturen for resilience. Det kan oversettes med utholdenhet. Det betegner en form for livsmot, livskraft eller robusthet som gjør at en tross påkjenningene likevel kommer gjennom det hele. En evner å stå i det.»

Kven høver denne skildringa best på? Trønderenergi? BKK og Zephyr? Equinor? NVE? Regjering og Storting?

Eller kanskje folket på Frøya, Haramsøy, Andøya, Bremangerlandet, Sørmarkafjellet, Vardefjellet, Finnskogen, Dalsbotnfjellet, Bjørn West-fjella, samane på Fosen og mange fleire? Det er dei som opplever at deira røyst ikkje vert høyrt.

Les også

Aker-sjef: – Nå går toget for flytende havvind

Det er dei som opplever at lokaldemokrati berre er eit spel for galleriet, at nærmiljøet deira vert rasert, at tradisjonelt levesett vert oversett, at natur og kultur vert verdsett til null, at dei vert skulda for å vera nettroll og vandalar, at rikspressa for ofte ser ut til å gløyma kritisk journalistikk, og at «dei som ser heilskapen på toppen av det heile» berre har ein kommentar: «dette må du tola», «dette må bygdene tola», «dette må fuglelivet tola».

For dette veit jo NHO-toppane, kraftselskapa, kraftprofitørane og Zero-kameratane best. Dei som trur at motstand berre er eit spørsmål om kva det kostar å få motstandarane til å teia. Dei som har gløymt at det går an å stå for noko som er større enn ein sjølv, noko som ikkje let seg kjøpa for pengar, glansbilete eller status.

Difor feilar NHO-direktøren, Norwea-direktøren og «betal-deg-ut-av-problema»-klubben med sin «liksom dialog-strategi»: Litt meir pengar til kommunane og avbøtande tiltak i form av almisser til grendehus og lysløyper og liknande, så er sikkert bygdefolket nøgde.

Eller som dei no har byrja å seia: «Det må ligga noko att i lokalsamfunnet». Ja, det må det! Men det me er interesserte i, ligg der allereie og har lege der frå tidenes morgon. Naturen vår, fjella. Dette handlar ikkje om pengar og almisser.

Vindkraft på land raserer naturen, men løyser ikkje klimautfordringane. Øydeleggingane av fjella er for all framtid.

Nokon trur dei kan betala seg fri frå alt. Det kan dei ikkje, og det «må dei stå i». Det «må dei tola».

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg