Ulv høyrer ikkje til i Norge

Det må givast fellingsløyver før ulven spreier seg, og det over heile landet.

ULVEJAKT: Naturen vert livsfarleg for alle dei som likar å gå på tur i landet vårt, skriv innsendar. Scanpix

Åshild Lien

I dag 4. januar kjem det fram at regjeringa opnar for ulvejakt i vinter. Statsminister Erna Solberg seier no at regjeringa vil gjere ein ny vurdering av ulvens skadepotensial, og at det kan opne for ulvejakt i vinter. Talet på ulvar i landet har auka med dagens regjering.

Eg vaks opp på gard i innlandet, med skytebane på nabogarden. Eg var der ofte og lytta til historier om jakt. I tillegg var eg som barn ekstra interessert i sanne historier frå fortida om naturen, dyr og folk, som mora mi og tantene henna og fleire fortalde.

I fire år representerte eg Hordaland fylke i Jervenemda for Sør-Norge, og fekk der god opplæring om rovdyra. Folk som er oppvaksen i byane har ingen erfaring med rovdyr, som for eksempel Erna Solberg. Eit resultat som no kjem tydeleg fram.

Naturen vert livsfarleg for alle dei som likar å gå på tur i landet vårt, samt alle villdyra som held den grøne naturen i livet, og husdyra som gir kroppen vår den maten som den kan leva med.

Ulv høyrer ikkje til i norsk natur, og dei rasane som no kjem inn i landet vårt er ekstra farlege for både folk, villdyr og husdyr. Derfor må det givast fellingsløyver før ulven spreier seg, og det over heile landet.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg