Retten til å byta skriftspråk i grunnskulen må falla bort

Det er urimeleg å overlata ansvaret for ei så viktig avgjerd til 12-åringar.

TRYGT: Det kan vere utfordrande å vere ein av få nynorskelevar i ein klasse. Nynorsk skal lærast i trygge omgjevnader, difor bør ein ha språkdelte klassar i ungdomsskulen på landsbasis, meiner Knut O. Dale.

Debattinnlegg

Knut O. Dale
Leiar, Odda Mållag

Retten til å byta skriftspråk i grunnskulen må falla bort. Det skriftspråket som elevane byrjar med i fyrste klasse, må følgja dei i alle ti åra i grunnskulen, og retten til å gå i språkdelte klassar på ungdomssteget må lovfestast. Dette må til for å styrkja nynorsken og få fleire dugande nynorskbrukarar!

I Noreg går nynorskelevar og bokmålselevar i språkblanda klassar på ungdomssteget. Unntaket har vore Odda ungdomsskule. I nynorskklassane har undervisninga føregått på nynorsk og i bokmålsklassane på bokmål. Det er dette som er Oddamodellen. Grunngjevinga har vore at elevane skal verta trygge og dugande språkbrukarar.

I Odda har det ikkje vore målbyte frå barneskulen til ungdomsskulen. Vidare er det svært lite målbyte frå ungdomsskulen til den vidaregåande skulen. Hausten 2015 bytte til dømes under fire prosent av nynorskelevane over til bokmål då dei byrja på Odda vidaregåande skule.

På landsplan har halvparten av nynorskelevane på barnesteget bytt til bokmål innan dei går ut or den vidaregåande skulen, og i somme område, til dømes i Rogaland og Valdres, er dette målbytet endå høgare.

Ein elev står fritt til å skifta skriftspråk når han tek til på ungdomsskulen, frå nynorsk til bokmål og frå bokmål til nynorsk. Men dette målbytet er asymmetrisk. Eg vil tru at for kvar bokmålselev som byter frå bokmål til nynorsk, er det 100 nynorskelevar som byter til bokmål.

Så kan me spørja oss: Er det rimeleg at born på 12 år skal overlatast ansvaret for ei så viktig avgjerd?

Foreldreretten er grunnleggande i Noreg. Frå fyrste klasse i grunnskulen har foreldra rett til å oppretta klassar med eit anna skriftspråk enn det krinsen har valt. I bokmålskrinsar kan nynorskforeldre krevja at barna deira skal gå i ein rein nynorskklasse, og bokmålsforeldre kan krevja det same i ein nynorskkrins.

Eg kan forstå at Kunnskapsdepartementet ikkje vil innføra Oddamodellen med dagens lovverk. Det ein kan risikera, er at det dukkar opp klassar på ungdomssteget med eit anna skriftspråk enn det i krinsen. Og mang ein gong ville dette ha drege med seg meirutgifter for samfunnet.

Men dersom me seier at språket elevane vel i fyrste klasse, skal følgja dei gjennom heile grunnskulen, vil me sleppa språkblanda klassar på ungdomsskulen. Dessutan vil elevane vera langt meir mogne når dei eventuelt seinare vel å skifta skriftspråk.

Ei anna sak som må avklarast, er kva som skal vera grensa for at det vert utløyst statlege midlar til språkdelte klassar (parallellklassar). I dag er nedre grense på barnesteget ti elevar. For ungdomssteget har Utdanningsdirektoratet gjort framlegg om grense på 15 elevar. Eg meiner at grensa bør vera ti elevar for heile grunnskulen, og at språkdelte kommunar bør få dekt meirkostnadane med språkdeling.

Dersom det ikkje er høve til målbyte i grunnskulen, og dersom ein kjenner elevtalet i eventuelle språkdelte klassar, vil det vera lett for staten – med hjelp av dei kommunale skuleadministrasjonane – å rekna ut meirkostnadane med språkdeling.

I språkblanda klassar vil nynorskelevane ofte vera i mindretal, og dei vil lett verta utsette for mobbing, tilsikta eller ikkje. Nynorsk må lærast i trygge omgjevnader – det vil seie i språkdelte klassar. Og den retten må lovfestast. Og vidare: Retten til å byta skriftspråk i grunnskulen må falla bort.