Nei, kvinner treng ikkje skamme seg

Det er det berre vi mannfolka som bør gjera.

FLAU: Vi mannfolk burde vere flaue over å gå blindt etter prestisje, penger og ladepunkt for Teslaen, skriv Roar Ulvestad. Tuva Wallem Skare

Debattinnlegg

Roar Ulvestad
Bergen

Det er ein heilt spesiell sjarm over det som skjer når næringslivstoppar skal ut og «lifecoache», eller «gje gode råd» som vi kalla det før internett lærte oss engelsk.

Sist ute er banksjef Lisbet Karin Nærø sitt råd til kvinner som burde skamme seg: dei må vere «uredd og våge å hive seg ut i noko man ikkje beherskar hundre prosent». Då kan dei nemleg bli slik som mannfolka som dominerer inntektsstatistikken.

Agnar Mykle sa noko sånt som at Noreg er det einaste landet der misunninga er større enn kjønnsdrifta. Verd å tenkje på når det lyser mot oss inntektslister frå alle avisframsider, både digitalt og analogt. Banksjefen seier at «berre åtte av hundre på inntektstoppen er kvinner. Det er pinleg og vi burde skamme oss».

STARTET DEBATTEN: I onsdagsavisen kunne vi lese om at få kvinner er på inntektstoppen, og at banksjef Lisbet Karin Nærø derfor antyder at mange kvinner bør «skamme seg». Faksimile: BT 6. nov.

Eg er heilt samd. «Vi» burde skamme oss, som i «vi mannfolka». Alfahannane som går blindt etter prestisje, pengar og ladepunkt for Teslaen. Vi mannfolka burde vere flaue over at vi har skylappar i jakt på posisjonar og set eiga vinning over fellesskapet og «det beste for vår neste».

Vi mannfolka skal vere stolte over damene som er for gode. For gode for både dette rotteracet og for gode for oss. Vi skal vere stolte over dei som går inn i omsorgsyrka og jobbar dagar, kveldar og netter for å stelle med oss andre.

Vi skal vere stolte over vernepleiarane, hjelpepleiarane og sjukepleiarane som tek vare på dei svakaste av oss. Vi skal vere stolte av ein lærarstand der 80 prosent er kvinner, og gjer det dei kan for å kompensere for det vi ikkje fekk til i oppdragelsen av ungane våre.

Vi skal vere stolte av damene som yter service til oss på butikken, på restauranten og bak skrankane. Dei som plukkar opp all skiten etter oss på hotellrommet. Dei som smiler og er høflege i møte med sjølv dei frekkaste og mest nedlatande av oss.

Vi skal vere stolte av damene som ikkje går etter pengane, men som ønskjer å gjere ein forskjell for andre heller enn å polere eige omdømme. Dei viktigaste karrierane, som berre kjem i media når det er noko gale.

Desse tapre damene veit skilnaden på verdi og pris, det er nok meir enn ein kan seie om mange av dei som toppar inntektslistene. Overarbeidde og underbetalte held damene tannhjula i gang, og om du er heldig, har ei av dei tid til å halde deg i handa når du døyr. Før dei tek bussen heim og tømmer oppvaskmaskinen.