Nokre gongar veit verken barn eller foreldre at det ikkje er lov å slå

Barn som blir krenkte av foreldra sine, skammar seg og opplever at dei ikkje er verdt noko.

BEKYMRING: Skal ein satse på folkehelse, bør ein starte tidleg, helst når barna ligg i magen til mor, skriv helsesjukepleiar Marianne Enoksen. Scanpix (illustrasjonsfoto)

Debattinnlegg

Mariann Enoksen
Helsesøster Årstad bydel

Korleis ein har det i familien har mykje å seia for helse og trivsel. Som helsesjukepleiar i skulen, opplever eg at barn fortel meg om vald heime.

Barna har ofte andre utfordringar også; psykisk, fysisk eller sosialt. Å bli utsett for vald kan påverke barn og unge si utvikling, og korleis dei fungerer på mange område i livet.

Nokre fortel om fysisk vald, andre om psykisk vald. Mange opplever begge deler. Den psykiske valden kan vere vanskeleg å få auga på.

Psykisk vald kan vere når foreldre trugar, skremmer eller krenkjer barna sine. Når foreldre fortel barna at dei er udugelege og ikkje får til noko. Når foreldre latterleggjer barna sine.

Psykisk vald kan også vere å avvise barna når dei treng trøyst. Dersom desse handlingane skjer ein gong og foreldra ber om unnskyldning, er det kanskje ikkje psykisk vald.

Skjer hendingane derimot hyppig og følgjer barnet eller ungdommen gjennom oppveksten, kan det setje varige spor.

VALD MOT BARN: – Mi erfaring som helsesjukepleiar er at mange barn som vert utsette for vald, ikkje har blitt fanga opp på helsestasjonen, eller i barnehagen, skriv helsesjukepleiar Mariann Enoksen. PRIVAT

Barna og ungdommane som blir krenkte av foreldra sine, skammar seg og opplever at dei ikkje er verdt noko. Dei kjenner seg ofte redde og triste utan å vite kvifor. Mange forstår ikkje samanhengen mellom det dei opplever heime og korleis dei har det elles i livet.

Fleire studiar syner at om lag eitt av ti barn har opplevd vald minst ein gong av foreldre. Barn som har opplevd vald har større risiko for å utvikle sjukdom seinare i livet, både fysisk og psykisk.

Dei psykiske konsekvensane har fått mest merksemd. Men fleire studiar syner at dei også har større risiko for overvekt, undervekt, diabetes, kreft, hjartesjukdom og mange andre sjukdommar.

Helseplager som hovudverk, magevondt, svimmelheit og ubehag er også vanleg. Det kan føra til at barn og unge får fråvær i grunnskulen og fell ut på vidaregåande. Seinare i livet kan helseplagene gjere det vanskeleg i arbeidslivet, og mange blir uføre.

Forsking syner at barn som har opplevd vald og overgrep, oftare er utsette for mobbing i skulen, er meir einsame og er i risiko for å oppleve meir vald seinare i livet.

I folkehelselova står det at folkehelsearbeid skal førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding, beskytte mot helsetruslar og arbeide for ei jamnare fordeling av faktorar som direkte eller indirekte påverkar helsa. Vald, overgrep og omsorgssvikt er ifølgje NOU 2017:12 ei av dei største folkehelseutfordringane i Noreg.

Vi helsesjukepleiarar i skulen skal ta opp temaet vald og overgrep med elevane, og tek det opp når dei kjem til oss i fyrste, tredje, femte/sjette og i åttandeklasse på ordinære helseundersøkingar. Fleire gongar har eg opplevd at barn har oppsøkt meg og fortalt om vald heime i etterkant av samtalane.

Nokre gongar fortel dei om vald også når foreldre er til stades. Det er svært ulikt korleis foreldra handterer at vi snakkar om temaet. Nokre gongar veit verken barn eller foreldre at det ikkje er lov å slå. Mange foreldre vil ha hjelp.

Av og til kjem lærarar med barn som nektar å gå inn i klasserommet, eller som er svært urolege og viser at dei ikkje har det bra. Då spør eg barna kvifor han eller ho er uroleg, sint eller lei seg. Ikkje sjeldan fortel dei om vonde opplevingar heime.

Dei siste åra har merksemda på å avdekke vald og overgrep vore stor, både i vår teneste og elles i samfunnet. Det er bra, for då kan vi stoppe det vonde som skjer og gje foreldra andre strategiar dei kan bruke. Sjølv om avdekking er bra, trur eg likevel meir på førebygging.

Det er langt meir krevjande å reparere enn å førebygge. I folkehelsemeldinga 2019 legg regjeringa vekt på at tidleg innsats for barn og unge er avgjerande for god helse. Det står at ein skal styrkje det førebyggande arbeidet, og at skular, barnehagar og helsetenestene skal bli betre på å avdekke.

Eg saknar meir merksemd på å førebygge at vald og overgrep skjer. Dersom vi styrkar folkehelsearbeidet i den tidlege fasen av familielivet, vil det sannsynlegvis vere færre som fortel at dei vert utsette for vald når dei byrjar på skulen. Færre vil få helseplager og sjukdom seinare i livet.

Alle foreldre treng å læra kva vald og overgrep er, og kva konsekvensar valden har for barna. Mange foreldre har sjølve opplevd vald som barn. Dei treng å lære seg andre strategiar enn vald i oppdraginga, før dei utøver vald mot eigne barn.

Det finst mange ulike foreldrerettleiingsprogram, som har godt dokumentert effekt. Ein del foreldre får tilbod om det i dag, men det er fleire som treng det.

Mi erfaring som helsesjukepleiar er at mange barn som vert utsette for vald, ikkje har blitt fanga opp på helsestasjonen, eller i barnehagen. Fyrst når barnet byrjar på skulen og strevar, byrjar vi å stille spørsmål om korleis barnet eigentleg har det.

Dårleg samspel mellom barn og foreldre byrjar som regel lenge før barna startar på skulen og har blitt eit innarbeidd mønster, som ikkje alltid er lett å snu.

Skal ein satse på folkehelse bør ein starte tidleg, helst når barna ligg i magen til mor. Då kan ein legge eit godt grunnlag for oppvekst og god helse seinare i livet. Folkehelsearbeid handlar om å tenkje langsiktig.

Lærarar, helsesjukepleiarar og andre som arbeider i skulen, kan vera trygge vaksne for barn og gjera ein forskjell. Det er likevel foreldra som legg det viktigaste grunnlaget for korleis barna får det i framtida, og dei er barna sine viktigaste læremeistrar.

Eg håpar politikarar og andre får auga opp for kor viktig folkehelsearbeid er, og at godt folkehelsearbeid handlar om mykje meir enn informasjon og kampanjar.

Barna er framtida vår. Det håpar eg alle som arbeider med folkehelse forstår.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg