Bratte fjell og mektig natur. Susen ifrå trea, fuglekvitter og elvebrus. Alt dette kan bli tatt ifrå oss.

DEBATT: Det er innbyggarane som må bæra tapet for feilslått politikk.

NOK ER NOK: Folkens, det er på tide å seia stopp, at nok er nok, skriv Eva Rosgaard Hausberg. Fred Ivar Utsi Klemetsen (ARKIV)

Debattinnlegg

Eva Rosgaard Hausberg
Lavik

Eg kom til Bosdal, Høyanger kommune, i 1985 etter lang leiting etter ein plass med bratte fjell og mektig natur. Ein vert aldri lei av å sjå på naturen som gjev fred i sinnet. Vinden som stryk deg over kinnet, susen ifrå trea, fuglekvitter og elvebrus. Alt dette blir teke frå oss om Høyanger kommune sel sjela si. Dette vil samtidig skapa splid mellom bygdefolket.

Vindmølleskamma gjev oss øydelagt natur for alltid. Støy, fugl- og insektdød, i tillegg til stor forureining, før vindmøllene kjem opp. Og kor mykje drit vert lagt igjen i miljøet etter ferdig produksjon?

Kor lenge må vindmøllene produsera, for å henta inn all forureining ved produksjon?

Kor mange år går det før vindmøllene produsera rein energi?

I 25 år skal vindmøllene truleg stå, før dei skal vekk. Kor skal avfallet av gjerast av? Kva gjer de med alle såra i naturen? Er det nokon som tør å svara på alle spørsmåla?

Les også

Les BTs leder: Vindkraftplan i grøften

På dei 17 fjelltrimpostane i Lavik IL har vi kring 10.000 besøk i året. Det er ikkje berre bygdefolket som går, men mange turistar òg. Snart er alle elvane våre utbygde.

Villaksen blir borte, saman med fisken i fjorden. Fjordane er forureina av kloakk og miljøgifter frå oppdrett, turistskip og industri, som ikkje har reinseanlegg for eigen drit.

Og no står fjellheimen vår for tur.

Folkens, det er på tide å seia stopp, at nok er nok. Det hadde vore ein stor dag om Høyanger kommune sa nei takk til vindmølleutbygging. Det er innbyggarane som må bæra tapet av feilslegen politikk.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!