Uvitskapleg klimadebatt

Ifølge vitskapsfilosofien tek både klimaforskaren og skeptikaren feil.

Publisert: Publisert:

VER VARSAM! Professorane Jarle Tryti Nordeide og Hans Petter Saxi åtvarar mot lettvinte påstandar om vitskapen. Foto: Privat

Debattinnlegg

Jarle Tryti Nordeide, professor i økologi, Nord universitet og Hans Petter Saxi, professor i statsvitenskap, Nord universitet

Klimadebatten er ein arena for skråsikre påstandar. Ein klimaprofessor påstod, for eksempel, nyleg i Bergens Tidende at «Det finnes ingen usikkerhet rundt det faktum at vi mennesker påvirker temperaturen på jorden. Det kan kun komme av at vi forbrenner fossile energikilder, altså kull, olje og gass».

Klimaskeptikarar er minst like bombastiske. Ein skeptikar hevda i Avisa Nordland at hypotesen om drivhusgassane sin oppvarmande effekt enno ikkje er «... vitskapeleg verifisert. Det er derfor nå 100 prosent sikkert at denne effekten ikkje finnes».

Sjølv om begge argumenterer som om dei har vitskapleg belegg for sine påstandar, vil vi med utgangspunkt i vitskapsfilosofi hevde at begge tek feil.

Ifølgje vitskapsfilosofen Karl Popper kan ein påstand, eller hypotese, aldri verifiserast eller bevisast, slik både professoren og skeptikaren hevda. Derimot kan ein påstand «falsifiserast». Dette betyr at påstanden er usann dersom han ikkje består testane han vert utsett for.

Eit klassisk eksempel illustrerer dette: Sjølv om vi observerer 1000 kvite svaner, så beviser dette ikkje at alle svaner er kvite. Då europearane på 1700-talet steig i land på det nyoppdaga Australia, fann dei til si overrasking at det også fanst svarte svaner.

Dersom ein påstand har vist seg å stemme trass i mange forsøk på falsifisering, er han ifølgje Popper «koroborert» eller herda. Slike hypotesar er likevel ikkje verifiserte, dei er berre foreløpig ikkje falsifiserte. All vitskapeleg kunnskap var for Popper foreløpig.

Darwins evolusjonsteori er eit godt døme på ein truverdig teori med overveldande vitskapleg støtte blant biologar som arbeidar med temaet, fordi teorien har overlevd omfattande forsøk på vitskapleg falsifisering gjennom 160 år.

Eit framtidig funn av ei fossil kanin laga fleire millionar år før det fyrste pattedyr skulle ha blitt til ifølgje evolusjonsteorien, vil falsifisere teorien.

Les også

BTs Hans K. Mjelva: «Realitetssjekk i klimasaka»

Både evolusjonsteorien og påstanden om menneskeskapte klimaendringar har overveldande støtte blant forskarar som arbeider med desse tema. Slike fleirtalsargument treng likevel ikkje bety at teoriane nødvendigvis er rette.

Føresetnadane for at eit forskarsamfunn skal bidrar til reell kunnskapsutvikling, er at ordskiftet her er prega av «kritisk rasjonalisme». Dette betyr at diskusjonen er open og at deltakarane er villige til å bøye seg for gode argumenterer og nye data.

Vi driv ikkje med klimaforsking, men vi har erfart at innan våre fagfelt, biologi og statsvitskap, arbeidar forskarane hardt for å etterleve krava for open og kritisk diskusjon av forskingsresultat.

Forskinga vert diskutert med fagfellar frå heile verda på konferansar, og i internasjonale journalar blir utkast til artiklar grundig evaluert av anonyme fagfellar. Vi trur ikkje at klimaforsking avvik meir frå dei same ideala.

Eit spørsmål som reiser seg med utgangspunkt i Poppers falsifikasjonsprinsipp er: Når veit vi nok om menneskeskapte klimaendringar til å handle? Då det alltid vere mogeleg å tvile på den vitskaplege kunnskapen, vil det ifølgje vår klimaskeptikar aldri vere mogeleg å handle, sidan han krev bevis.

For Popper var ikkje hensikta med forsking å komme fram til abstrakte sanningar i form av ein slags katalog med verifiserte hypotesar. For han var føremålet med vitskap praktisk, nemleg å eliminere problem! Eit godt døme er frå legevitskap der ein søkjer å finne behandlingsopplegg som kurere sjukdomar.

Når ein kur har vist seg å virke, blir han brukt på pasientar med visse sjukdomar, i nokre høve faktiske før ein reint vitskapeleg har forstått kvifor kuren verkar. Det ville vere etisk uforsvarleg å ikkje tilby sjuke pasientar ein kur som har vist seg å virke.

Les også

Forsker: Skal vi redde klimaet, må vi ta folk med på råd

Dette er ein parallell til spørsmålet om menneskeskapt klimakrise. Konsekvensane av ikkje å handle no vil truleg vere store. Derfor ville det vere uetisk å ikkje sette inn tiltak for reduksjon av klimagassar, med den tilsynelatande overveldande mengde vitskapeleg dokumentasjon vi i dag har om dette, sjølv om dette ikkje er endeleg «bevist».

Når det gjeld vår professor som vi starta med, så er det bombastiske språket han bruker eit problem, sidan det i prinsippet alltid vil kunne reisast tvil om ei hypotese eller ein teori er sann.

Slike bastante formuleringar er uheldige også fordi dei provoserer klimaskeptikarane. Eit meir «popperiansk språk» vil dempe den sterke polariseringa vi finn i klimadebatten.

Klimaskeptikaren vi siterte argumenterte også for at klimaforskarane har «bevisbyrda for påstanden om at klimaendringane er menneskeskapt…». I tillegg til at påstanden er uvitskapleg, er han urimeleg, sidan det ikkje er greitt at dei som slepp potensielt skadelege kjemiske molekyl ut i naturen kan gøyme seg bak argumentet: «Ingen har verifisert at dette er skadeleg».

Tobakksindustrien nytta denne strategien i fire tiår for å kunne tene pengar på å øydelegge lungene til folk. «Bevisbyrda», som skeptikaren kallar det, ligg derfor på dei som utset oss alle for potensielt skadelege utslepp og klimaskeptikarar som forsvarer dette.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg