Rv. 13 er naudsynt for vekst i Vestland

Publisert Publisert

VIKTIG VEG: Det bur folk langs heile rv. 13, og eg reknar med at det politiske miljøet arbeider for at vegen skal utbetrast, skriv innsendaren. Bilete er tatt rett sør for Hardangerbrua i 2018. Foto: Odd Mehus (arkiv)

Debattinnlegg

  • Marta F. Halset
    Vik i Sogn

Ein ser kvardagen i Noreg langs rv. 13, med sitt pulserande liv, skuleungar, pendlarar og varelevering.

Eg reknar med at det politiske miljøet – frå regjeringa til fylkespolitikarane – arbeider for at tråden gjennom regionen skal utbetrast og styrkjast.

Les også

Jobbet for ny vei og bane i 20 år. Nå står huset hans i fare for å bli revet.

Rv. 13 treng gode tverrsamband vestover og austover, i naturlege knutepunkt som Tau, Sand, Røldal, Odda og Voss.

Vegen knyt Røldal og Stavanger saman og treffer E134, eit av hovudsambanda for rask og effektiv transport til og frå Europa. På strekningen Kristiansand til Trondheim er det berre ei ferje, på Vangsnes i Sogn.

I vest knyt Rv. 13 seg til Bergen via Voss og K5-planane Voss – Bergen. Her kan sogningane nå ein internasjonal flyplass og Bergen i rimeleg reiseavstand. Sist, men ikkje minst, Rv. 13 er naturleg omkøyringsveg på aust-vest sambandet.

Pålitelegheit i transportsystemet er eit hovudmål i Nasjonal Transportplan, og difor undrar det meg at Vikafjellstunnelen ikkje er med når den samfunnsøkonomiske nytten og effekten av investeringar i vegnettet skal vurderast. Effekten av pålitelegheit – å stola på at ein kjem fram, må òg inn i analysane.

Dei langsiktige effektane på regional utvikling er heller ikkje med i den samfunnsøkonomiske analysen. Me har kring fire milliardar arbeidstimar i landet. Det er realformuen me har til rådigheit i dag. Denne formuen skal ta oss vidare inn i framtida. Veginvesteringane er avgjerande for korleis me forvaltar realformuen vår. Det er ikkje finanssparinga som skapar realformuen og arbeidsplassane.

Landet vårt er langstrakt, og me er ikkje så mange innbyggarar – litt over fem millionar. Difor må samferdselsinvesteringane gjera regioninndelinga enkel, gjennom å redusere reisetida og utvide bu- og arbeidsmarknadane i regionen.

Ein slik utvikling treng òg satsing på vegane i distrikta.

Slik kan ein mindre region bli del av ein større, og gje vekst. NTP-arbeidet kan såleis ikkje sjåast isolert frå regioninndeling. Den indre stamvegen gjennom vestlandsregionen er Rv. 13.

Eg reknar med samarbeid framover, og at Rv. 13 kjem høgare på prioriteringslista.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg