Ikkje la deg lura av dei som snakkar om «moralsk forfall»

Min påstand er at ting har vorte betre, ikkje verre, på fleire område.

Publisert Publisert

Førestillingar om moralsk forfall har vore ein del av vinnaroppskrifta til Donald Trump i USA, skriv Jørn Øyrehagen Sunde. Foto: JONATHAN ERNST / REUTERS / NTB SCANPIX

Debattinnlegg

  • Jørn Øyrehagen Sunde
    Professor ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Oslo
  1. Leserne mener

Kjensla av moralsk forfall er ei av drivkreftene bak populisme, og eit av dei akutte trugsmåla for det liberale demokratiet. Vestleg dekanens har vorte brukt som argument for å innskrenka politiske og sivile rettar i både Kina, Russland og Ungarn.

Førestillingar om moralsk forfall, særleg knytt til abort, har vore ein del av vinnaroppskrifta til Donald Trump i USA og PIS-partiet i Polen.

Òg i Noreg vert det snakka om moralsk forfall. Kva ein meiner er moralsk rett, er eit viktig spørsmål for eit kvart individ. Men finst det ein vestleg dekanens som er eit så stort trugsmål mot samfunnsstabiliteten, at det rettferdiggjer innskrenkingar i politiske og sivile rettar?

Går det ikkje i staden an å argumentera for at det moralske nivået i samfunnet har vorte monaleg betre?

Dei seinare åra har det vorte vist til statistikk for å driva tilbake ei generell kjensle av ei verd i krise. Statistikk kan alltid diskuterast, men det verkar å vera semje om at stadig fleire vert løfta ut av akutt fattigdom, det er færre krigar (men mange interne, valdelege konfliktar), og i den vestlege verda er det stadig mindre kriminalitet av typen mord, tjuveri og ran.

Det er verre å laga statistikk for moralsk forfall. Eg vil likevel argumentera for at – i alle høve i Noreg – er ein påstand om dekanens tufta på at ein overser ei svært positiv utvikling i vår eiga samtid, også om ein legg eit familieperspektiv til grunn.

Lenge var det slik at det av fleire samfunnsgrupper vart forventa ei langt mindre moralsk framferd av, som landstrykarar og lausarbeidarar, skriv Jørn Øyrehagen Sunde. Foto: UiB

Det fyrste ein då må ha i minnet, er at det er ganske nytt at ein meiner alle i samfunnet er moralsk kapable, og difor skal teljast med i den moralske rekneskapen. Dette er noko som først og fremst høyer 1900-talet til, og vaks fram i løpet av 1800-talet med meir omfattande allmenn skulegang og allmenn stemmerett.

Lenge var det i staden slik at fleire samfunnsgrupper vart det forventa ei langt mindre moralsk framferd av. Det var landstrykarar og deira like. Det var lausarbeidarane i byane og på landsbygda. Dels var det òg husmenn og industriarbeidarar. Dette var samfunnsgrupper som til dels stod utanfor det økonomiske livet, og dermed det moralske regimet.

Det andre ein må ha i minnet, er at familieliv er mykje meir enn giftarmål og barn. Problemet er at mange aspekt ved familielivet har vi lite statistikk på.

Eit døme er vald i familien. Lenge hadde far ein refsingsrett i høve til både kone og barn, og mor i høve barn. Vi har ikkje talmateriale for kor utbreidd det var å bruka denne refsingsretten. Ein kjenner berre dei sakene der kone og barn vart påført så stor skade at ein rekna grensene for refsingsretten som overskriden.

Langsamt vart refsingsretten i høve barn innskrenka frå 1870-talet av. Men først etter 100 år kom det verkeleg fart i utviklinga, og mykje har skjedd på 2000-talet.

Eit anna døme er seksuelt misbruk av barn. I motsetnad til vald i familien, var seksuell omgang med mindreårig ikkje ein rett. Men fordi ein måtte ha tilståing eller to vitne for å domfella, var det neste umogeleg å bevisa.

Vidare rekna ein til etter andre verdskrig barn ned i 11-årsalderen som kapable til å freista vaksne til seksuell omgang. Det gjorde at ein gjerne fann barnet heilt eller delvis skuld i den overlast det hadde lidd.

Samla gjorde dette at få tok slike saker til rettsvesenet. Fyrst utover på 1990-talet endra dette seg, og mykje har skjedd på 2000-talet.

Les også

Jørn Øyrehagen Sunde: «Dette er kjernen i Nav-skandalen»

Eit siste døme er valdtekt. Igjen har vi ingen sikra tal for kor vanleg det var før i tida. Årsaka er at valdtekt – som seksuelt misbruk av barn – måtte bevisast med tilståing, eller to vitne. Og igjen som for seksuelt misbruk av barn, var kvinna si framferd ein viktig vurderingsfaktor – vart ho valdteken etter at det var mørkt, var ho lettkledd, var ho rusa, eller vart ho tvinga til seksuell omgang av eigen ektemann, så var det kvinna sjølv som måtte bera heile, eller mykje av ansvaret.

Det har skjedd store endringar dei siste tiåra, men på dette feltet står det likevel mykje igjen.

Dette overser ein gjerne når ein, i alle høve i ein norsk samanheng, snakkar om moralsk forfall. Men min påstand er altså at ting har vorte betre, ikkje verre, på områda som er nemnde ovanfor. Det betyr ikkje at ein ikkje står ovanfor moralske utfordringar.

Ei stor moralsk utfordring i vår samtid, er at digitalisering av kommunikasjon og tenester tek bort det menneskelege aspektet, og dermed evna til å føla skuld og ansvar. Ei anna er forbruksmentaliteten ovanfor medmenneske og natur, der eigen nytte vert sett framfor andre sine behov. I begge tilfella er det vår evne til å vera ein god neste, som står på spel.

Men heller ikkje desse moralske utfordringane rettferdiggjer ei innskrenking av politiske og sivile rettar. Snarare kan det liberale demokratiet skilta med suksess når det gjeld kampen mot vald i familien, seksuelt misbruk av barn og (vonleg snart) valdtekt.

Det illiberale demokratiet i land som Russland, Ungarn og Polen, den autoritære dreiinga USA har tatt under først Obama og no Trump, eller det autoritære regimet i Kina, har ikkje anna å skilta med enn tom retorikk.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg