Rundt juletider, hugsar ikkje heilt om det var før eller etter jul, var mi 15 år gamle dotter og ei venninne på Åsane Storsenter.

Lena Bø Nilsen

Dei kom heim og fortalde at dei hadde blitt kontakta av nokre svært pågåande ungdom, som sa dei gjekk «på vidaregåande» og ville ha underskrifta deira, og dette kosta fem kroner. Underskriftene var etter sigande for betre og billegare buss til ungdom og betre stipendordningar.Jentene ville ikkje skrive under og betale, men denne jenta og guten spurte om ikkje dette var gode saker, spesielt sidan dei snart skulle starte på vidaregåande sjølv. Sidan jenta var så hyggeleg, og ho hadde eit poeng med at dette var bra for ungdom, skreiv dei under og betalte. Mi dotter gav dei ikkje adresse og telefonnummer.

Trodde de ga sin støtte til billigere nattbus og mer stipend:

Seinare vart dei kontakta om det same av ein gut då dei skulle ete på McDonald’s. Dei gav beskjed om at dei allereie hadde signert og ville ete i fred. Han gav seg ikkje, spurte om dei to dei snakka med tidlegare såg slik og slik ut, noko jentene bekrefta. Han spurte om dei ikkje kunne signere hjå han også. Ei av jentene turte ikkje å seie nei, så ho signerte og betalte igjen, sjølv om han fekk klar melding om at dei allereie hadde gjort det. Jenta fekk heller ikkje gå derifrå før han hadde fått ein klem, noko ho fann svært ubehageleg.

Ungdomspolitikere kritiske til «Cowspiracy», men

Så kjem det brev om at dei er medlem i AUF. Ikkje på noko tidspunkt vart dei gjort merksam på at dei ville bli innmeldt. Eg spør jenta om ho vil vere medlem der. Svaret var: Nei, meld meg ut! Eg sende difor ein e-post til AUF der eg gjer greie for metodane som er nytta, og at dei får fjerne ho frå medlemsregisteret sitt. Svaret eg får provoserer! Dei takkar for at ho ville vere medlem, og at ho er hjarteleg velkommen tilbake. Det kan også ta litt tid før dei får ho ut av systemet deira, men ho treng ikkje betale kontingent for 2016. Ikkje på noko tidspunkt har ho «villa vore medlem i AUF», og eg lurer på kvifor ein nyttar desse metodane. Kvifor kan det ta tid å få ho ut av systemet igjen? Har det noko med teljedatoar av medlemane, som avgjer kva ein får i offentleg støtte? Kvifor forlanga dei kontant betaling, og kvar er desse pengane blitt av? Kvifor vart ei av jentene innmeldt og måtte betale to gonger, når dei sa at dei allereie hadde signert? Intern konkurranse med vervepremiar kanskje?

Det er mange spørsmål, og heile opplegget verkar litt muffens med tanke på både lovar og reglar.

No i ettertid er eg blitt gjort merksam på at dette var oppe i media i januar 2015 også, der AUF forsikrar at slikt aldri skulle skje igjen. Vel, dei har noko å gå på i internopplæringa.

Oppfording fra Rødt-ungdom:

For ordens skuld kan eg opplyse at eg sjølv er med i Frp. Eg syns det er flott at ungdom engasjerer seg, og har sagt til jenta at om ho vil vere med i eit politisk parti, så er det flott. Om det er SU, AUF, Unge Venstre eller FpU er knekkande likegyldig, så lenge det er eit bevisst val og frivillig innmelding. Det var det ikkje i denne saka, og eg hadde blitt like opptrekt over metodane uansett kva parti det gjaldt.

Eg har ei sterk oppmoding til AUF, eventuelt andre ungdomsparti som nyttar same vervemetodar: På neste kurs om verving/rekruttering så tar de ein runde på korleis ein skal skaffe medlem på ein open og ærleg måte. Lureri og tvang hjelper sjeldan i lengda, sjølv om det kan gje ein aller så liten økonomisk gevinst i starten.