Er det «snøfnugg» som blir krenka av Seinfeld?
Svaret? Det er komplisert.
- John Magnus Ragnhildson DahlPostdoktor, Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB

Om du, som mange andre, konstaterer at «ein kan ikkje spøke utan at nokon blir krenka lenger», er storesyster mi ein av dei som kjem til å nikke. Ho er fødd på 70-talet – og tilhøyrer altså dei ein ofte kallar generasjon X.
Eg for min del er frå generasjon Y, meir populært kalla «Millenials», og sjølv om eg og storesyster er gode vener, let ho det av og til skine gjennom at ho tykkjer min generasjon er litt vel sensitive og bortskjemte – ho kan til og med finne på å nytte ordet «snøfnugg». Særskilt dersom nokon har blitt «krenka» av humor.
Og det er det tydelegvis mange som blir, skal ein tru både offentleg debatt og folk på gata. Fleire enn før. Men stemmer dette?
Blir fleire lettare krenka av humor no enn før – og blir humoren då også kansellert – standupkomikarar blir plutseleg ikkje booka meir, og gamle (og nye) TV- og radioinnslag forsvinn frå eteren og nettet?
Denne diskusjonen dukkar opp med jamne mellomrom, og svaret er: Det er komplisert.
Noko som derimot er sikkert, er at dette ikkje er på grunn av mindre ytringsfridom: Stortinget freista å stoppe NRK-humor på 60-talet, Monty Python-filmen «Life of Brian» blei faktisk stoppa i 1979, og Otto Jespersen blei støtt stempla som injurierande av både biskopar, sin eigen sjef og landets statsminister kring år 2000. At autoritetar grip inn mot humor, er heller sjeldnare no enn det var for berre 15–20 år sidan.
Likevel er det mange som meiner at det har blitt eit hardare klima kring humor og spøk no enn det var før. Mange kjenner på seg at noko har forandra seg.
Det trur eg også at det har, men eg trur at ein bør snu saka litt på hovudet: 90-talet, då generasjon X var dei unge og kule, var eit særskilt unntak der haldningane til kva ein kunne tulle med – og ikkje minst kva humor og spøk i det heile tatt var – var radikalt annleis enn både før og etter.
Det er alltid litt skummelt å tenkje i generasjonar fordi det er forenklande: Generasjon X finst jo framleis, og det er til og med dei som sit med mykje makt i samfunnet nettopp no; og det var, som eg allereie har nemnt, sterke reaksjonar mot humor også på 90-talet.
Ein kan nok til og med seie at opptil fleire mest truleg følte seg krenka, og skreiv om det i avisene og ringde inn om det til fjernsynskanalane (som var det ein gjorde på 90-talet).
Likevel er det mykje som tyder på at den kulturelle tidsånda var annleis, i alle fall blant dei som lagde humor, blant dei som lét komikarane opptre eller sende humoren på fjernsyn, og blant det unge publikummet som var kjernegruppa 90-talshumor vende seg til. Det var ein tidsånd fylt av ironi.
– Det verkar som krenkemulighetene ikkje har nokon ende
Ironien blei så klart ikkje funne opp i 1990, men den blei ekstremt populær som ei slags allmenn livshaldning, ein sensibilitet, som særskilt var synleg i populærkulturen over heile Vesten.
Den kunne få eit uttrykk som minner om totalt fjolleri, som i dei mange fjernsynsseriane til Harald Eia og Bård Tufte Johansen, men den kunne også kome i ein ganske aggressiv utgåve, som utskjellingane til Otto Jespersen eller gladvalden til Quentin Tarantino. Dei to siste blei ofte skulda for kynisme.
«Ein kan ikkje spøke utan at nokon blir krenka lenger.» Kva synest du om denne påstanden?
Og det er kanskje det som er nøkkelen til kvifor humor frå 90-talet kan verke upassande eller merkeleg i dag, og difor generasjon X meiner at me yngre blir så lett krenka. Me er litt meir alvorlege – og det er me som lager og konsumerer popkulturen no.
Våre internasjonale humor-flaggskip er komediedrama, som Girls, der den gamle klisjeen om at gråt og latter går hand i hand, faktisk stemmer, og der pinlege situasjonar kjennest pinlege, ikkje berre latterlege. Den totale, kyniske ironien er borte.
Sjølv om mange meinte at 90-talet var ein gullalder for den frie humoren, ser det ikkje ut som at den kyniske ironien var haldbar som total livshaldning. Quentin Tarantinos nye filmar har byrja å handle om å ta knekken på store historiske skurkar, som nazistar og slaveeigarar.
Otto Jespersen har forsvunne frå fjernsynet, og Harald Eia byrja å lage seriøse program om seriøse tema allereie for lenge sidan.
Det er derimot ein ting du aldri får Eia til å seie noko alvorleg om (både eg og mange andre har prøvd): humor. Det trur eg er ganske avslørande for haldningane generasjon X har (eller hadde) til kva humor og ironi eigentleg er.
Ricky Gervais’ standupshow blir kalla transfobisk. Nå slår han tilbake.
For i tillegg til at det er mindre av den laussleppte, skarpe ironien frå 90-talet, trur eg at mange som hadde den, eller kanskje heller tidsånda på 90-talet, som sin viktigaste humor-referanseramme då dei var unge, manglar erfaring med å reflektere kring korleis humor har ein sosial funksjon – og difor også kan vere problematisk i visse tilfelle.
Når ein har ein slags ironisk livshaldning, er det vanskeleg å sjå ironien utanfrå. Dessutan var dei fremste motstandarane mot 90-talshumoren folk som den konservative biskopen Per Lønning, som ikkje akkurat klarte å få ungdommen med på argumentasjonen sin.
Difor ender offentlege (og private!) diskusjonar om humor opp i ein evig runddans om kor krenkbare folk har blitt, eller ikkje blitt.
Det hadde vore mykje betre om ein kunne nytta høvet kvar gong nokon reagerte om humor til å diskutere kvifor humor kan vere problematisk, og kvifor det kan vere viktig. Kanskje me hadde risikert at norsk humor då hadde blitt både viktigare og morsommare.
BT RETTER: I en tidligere versjon av dette innlegget sto det at Inge Lønning var biskop. Det riktige er Per Lønning. Denne rettelsen ble gjort 26.01.23 klokken 07.22.