Kva vil det stå på gravsteinen min?

DØDEN: Eg kjem til å bli hugsa for korleis eg møtte mi beste venninne då ho ringde for å fortelje at det var slutt med kjærasten, skriv Magnhild Solvoll. Foto: NTB Scanpix

  • Magnhild Solvoll
Publisert:

På gravsteinen min kjem det til å stå:

«Magnhild Solvoll
født 23.10.1994.»

Og så datoen eg gjekk bort.

Eg kjem ikkje til å bli hugsa for min personlege rekord i knebøy, buksestørrelsen min eller om eg var tjukk eller tynn. Eg kjem til å bli hugsa for korleis eg møtte mi beste venninne då ho ringde for å fortelje at det var slutt med kjærasten. Eg kjem til å bli hugsa for måten eg behandla andre menneske, og for kva eg var oppteken av.

Bror min har allereie ein gravstein. På den står det:

Magnhild Solvoll

«Magnus Solvoll
født 05.09.1986
død 16.12.2006»

Magnus blir hugsa som han som ein dag ville blitt ein innmari kul onkel til ungane mine. Han hadde lært dei skilnaden på Vinskvetten og Vassendgutane, på Lada og Toyota og på Brann og Rosenborg. Han hadde nok blitt den første som lærte ungane mine å banna, men til gjengjeld hadde han lært dei å stille opp for seg sjølv, og å bite ifrå seg. Då kan jo banning kome godt med.

Det er heilt uvesentleg kor vidt Magnus var veltrent og vellykka. Det som betyr noko for meg, er at eg aldri får sjå han smile igjen. Aldri får høyre latteren hans. Og den dagen eg får barn, då er han ikkje der.

Eg har lenge tenkt at kven eg er, det blir bestemt ut ifrå kor godt eg presterer og om eg er fin nok. Det må eg slutte med, for det er ikkje sant. No veit eg at dersom eg var død, og det var Magnus som var i live, hadde han tenkt på akkurat same måte som meg: Han hadde tenkt at eg òg er uerstatteleg.
Dette innlegget kom på 3.-plass i Vestlandets talekonkurranse.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg