**Den tragiske hendinga** i Valdres har sett spiseforstyrringar på dagsorden att. Utsegn i debatten gjer det tydeleg at dette er ei liding som vert bagatellisert i utstrekt grad. Spiseforstyrringar står i ei særstilling samanlikna med andre psykiske lidingar fordi det også er knytt fleire positive assosiasjonar.

E

in slik samfunnsskapt glorifisering fører til at det som er blant dei vanlegaste dødsårsakene blant unge i Norge i dag ikkje vert tatt på alvor.Debattant mener mobbing fører til makt, tilhørighet og status:

Å få ned talet debutantar , og å korte ned tida for å bli frisk for dei allereie ramma, krev ei handlingsendring. Samfunnsøkonomisk vil dette kunne gje ein omfattande gevinst. Den største sigeren vil sjølvsagt vere om færre familiar mister sine, men sjukdomen legg også band på betydelege summar i helsestellet, og ikkje minst legg den band på ressursane til dei ramma: Så lenge ein er underlagt det fulltidsregimet som ei spiseforstyrring er, vil ein aldri kunna nyttiggjera sitt potensial i eit samfunn fullt ut.

Kan haldningane endrast ? Eg trur det. Om ein tek tak i assosiasjonane og spreier kunnskap. Om ein saman gjer sjukdomen sjukare.

En mor oppfordrer til å vise varsomhet når man snakker til barn om vekt:

Ei vanleg oppfatning av spiseforstyrringar er at det dreier seg om unge jenter som driv ønskje om perfeksjon for langt. Dei opplever press frå fleire hald, og vert til slutt sjuke av eige prestasjonsjag. Til å kunne vere hovudregel vert resonnementet for svakt. Lidinga opptrer i ulike former, i alle samfunnslag og aldrar, og med ein aukande del av gutar og menn. Det mest uheldige med bruken av eit slikt «flinkpikesyndrom» er likevel at ein skapar ein idé om at spiseforstyrringar er noko «flinkt»:

Desse personane som tilsynelatande meistrar alt, meistrar også å vere spiseforstyrra. Og i det å vere spiseforstyrra ligg det at ein nektar seg primærbehov. Og i det å nekte seg primærbehov ligg det ein styrke. Og i denne tankerekkja ligg det noko farleg; nemleg at folk vert fascinert og nysgjerrige. Spiseforstyrringar fengjer. Det bør det ikkje gjere.

13-åring døde av avmagring:

Sett på spissen kan ein seia at lidinga har noko ved seg som appellerer til det norske sjølvet. Me omfamnar personar som er sjølvoppofrande, målretta, og som arbeider hardt for å kome dit dei vil. «Å få mykje ut av dagen» er like norsk som dugnad og å ta fri på inneklemte dagar. Det er noko asketisk ved den norske folkesjela som matchar straff/påskjøning-tankegongen som kjenneteiknar mange typar spiseforstyrringar perfekt.

Dette gjer det vanskelegare å bryte ut fordi ein føler seg dyktig. Skal ein bli frisk frå ei spiseforstyrring er det avgjerande at ein kjem til punktet der ein innser at ein nyttegjer egne ressursar feil. At det ein driv med er eit tapsprosjekt. Det motsette av meistring. Å kome dit vert vanskelegare om samfunnet rundt indirekte applauderer deira destruktive levesett.

Legemiddelverket vil hindre misbruk blant unge jenter med spiseforstyrrelser:

I håp om ei handlingsendring bør media også vurdere eigen praksis i saker om spiseforstyrringar. Særleg aktuelt er det for såkalla «stå-fram-saker». Generelt for slike saker bør ein spørje seg: Er dette ein nyttig reportasje? Kan saka redusere tabu ved å gje sjukdomen eit ansikt? Gjer den det enklare for andre i same situasjon? Når Carina Olset i NRK-sporten står fram med sin inflammatoriske tarmsjukdom er det utan tvil ein nyttig reportasje. Gjeld saka nokon som står fram med ei spiseforstyrring stiller det seg ofte annleis.

Kven er personen som ynsker å stå fram? Pressa har ein tendens til stort sett å trykkje saker om suksessrike ressurspersonar. Me treng ikkje fleire artiklar om adm. direktør som møtte veggen. Slike saker held ved like oppfatninga av den stereotype spiseforstyrra. Pressa bør heller vise mangfaldet blant ramma ved å velje personar som ein ikkje vanlegvis forbind med lidinga.

Media bør også vere varsame fordi fleire av lesarane sjølve er ramma av spiseforstyrringar. Det som for dei fleste lesarar verkar trist og uforståeleg, vil for ein spiseforstyrra kunne oppfattast motsett. Saka vert saumfare etter metodar å etterleve, nye ritual, og nye reglar. Knoklar er eit kvalitetsstempel. Ribbein eit prov på at ein gjer noko rett — at ein framleis har kontroll. Dei vil ikkje sjå ein person som sleit, men ein person som dreiv same livsprosjekt som ein sjølv.

Slik var kvinneåret 2015:

Fokuset i slike reportasjar bør ikkje vere på kor mange dagar personen klarte seg utan mat, kor mange avføringsspillar dei tok, kva vekt dei kom ned i, eller andre «bragder», men på korleis spiseforstyrringa forringa personen sin livsutføring— og kvalitet.

For å endre tankesettet knytt til sjukdommen må ein spreie kunnskap. I dag då «alle» er opptekne av kosthald og trening er dette truleg viktigare enn nokon gong. For å kunne skilje ut dei som er sjuke i ein tilsynelatande homogen masse i 2XU-tights må ein kjenne varselsteikna. Forutan kreft og ulykker er det spiseforstyrringar som tek flest unge liv i Noreg kvart år, noko som syner kor viktig det er å opplyse tilsette i skular, idrettsmiljø og helsestell i større grad enn det vert gjort i dag.

Spiseforstyrrelser tar liv og krefter:

Spiseforstyrringar kan hevdast å ha fleire likskapstrekk med narkomani. Dei sjuke er ofte klar over at det dei driv med er både usunt og farleg, men det blir nesten umogeleg å bryte ut fordi effekten dei oppnår gjennom rituala kjennest naudsynt for å halde hovudet over vatnet i eit indre liv som er vanskeleg.

Dagens dose kjem ikkje i pulverform , men ved at dagen «går opp» i tråd med det regimet for mat og trening ein har laga seg på førehand. Det er eit skjørt, skjørt korthus der byggherrens eigenverdi er totalt avhengig av at huset vert ståande. Og regimet har som oftast ein underliggjande årsak — ein årsak som sjeldan er knytt til eit ønskje om å gå ned i vekt.

Når vi framover høyrer ordet «spiseforstyrra» må vi ikkje lenger instinktivt tenkje på den flinke jenta som berre skal ned nokre kilo. Vi må endre våre assosiasjonar frå noko flinkt, ufarleg og forbigåande, til eit uhyre komplekst og ambivalent fengsel av uro, skam, tvang, oppkast, hårtap, fertilitetsvanskar, magesår, tannròte, brotne relasjonar, beinskjørheit, sjølvskading, angst, depresjon, og med død som einaste utveg for så altfor mange, anten i form av sjølvmord eller hjartesvikt. Klarer vi det har vi tatt eit stort steg i retning av å gjere sjukdommen sjukare.

Innlegget er etter ynskje frå forfattar endra 13. januar. Det gjeld mindre, språklege endringar, i tillegg til eit nytt avsnitt om medias rolle. Red. mrk.