Noreg held fram med sin innsats i Hellas

Vårt samla bidrag er omfattande.

Publisert Publisert

Ei mor flyktar med sitt barn frå den brennande Moria-leiren på øya Lesbos i Hellas. Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS/X90200

Debattinnlegg

  • Hilde Barstad
    Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet (H)

Utfordringane Hellas står overfor no, er Europa sine utfordringar. Noregs samla bidrag til Hellas er omfattande, med 600 millionar i EØS-midlar, relokalisering, hjelp til greske styresmakter og nødhjelp.
Den norske innsatsen for barna i Moria er skammeleg, skriv Morten Myksvoll i BT 9. september. Myksvoll omtalar dei 50 som no skal relokaliserast, som om det er alt Noreg gjer.

Det gir eit svært ufullstendig bilete av Noregs omfattande innsats i Hellas.

Utfordringane Hellas står overfor no, er Europa sine utfordringar. Noregs samla bidrag til Hellas er omfattande, med 600 millionar i EØS-midlar, relokalisering, hjelp til greske styresmakter og nødhjelp.

Gjennom EØS-midlane har Noreg bidrege til ei betre og meir effektiv asylforvalting og auka kapasitet i mottakssystemet. Mykje av innsatsen er retta mot sårbare grupper – som barn.

Statssekretær Hilde Barstad (H) Foto: Justis- og beredskapsdepartementet

Les også

Morten Myksvoll: «Den norske innsatsen for barna i Moria er skammeleg»

Eit sentralt tiltak i EØS-programmet for Hellas er pågåande etablering av 300 mottaksplassar. Dette tiltaket vil nå 1000 sårbare migrantar og einslege mindreårige både på øyane og fastlandet, einslege, mindreårige mødrer og valdsutsette kvinner med barn.

Noreg har støtta Hellas med personell gjennom EU sine byrå, og vi har støtta med utstyr til mottak og humanitær stønad. Dei siste åra har Noreg gitt nærmare 40 millionar kroner i humanitær stønad, og som materiell gjennom EU sine samordningsmekanismar for sivil beredskap.

I tillegg tilbyr no Noreg å sende eit medisinsk team på 25 personar til Hellas, og ytterlegare utstyr om det er behov for det.

Noreg er ein viktig bidragsytar til FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR), som yter tenester til greske styresmakter og i mottaksleirane på dei greske øyane. Noreg sin kjernestønad til UNHCR i 2020 er på 380 millionar kroner.

På grunn av den vanskelege situasjonen i Moria vil regjeringa no framskunde relokalisering av asylsøkjarar frå Hellas til Noreg. Vi vil prioritere sårbare familiar med barn frå Syria. Dette er ei gruppe som med sannsynleg vil få opphaldsløyve i Noreg.

Når Noreg relokaliserer 50 asylsøkjarar, er dette ein forholdsmessig stor del sett i høve til folketalet, og over land som Frankrike, Belgia og Irland.

Les også

BT på lederplass: «Kvoteflyktninger bør prioriteres»

Noreg deltok frivillig i EUs relokaliseringsordning i 2015–2016. Vi var då blant dei svært få landa som faktisk gjorde det vi hadde forplikta oss til. Vi relokaliserte då 1509 personar, av desse 693 frå Hellas.

For mange andre land viste det seg enklare å love enn å gjennomføre. Noreg gjennomfører det vi lover.

I tillegg til relokalisering, har Noreg sidan sommaren 2017 behandla sakene til 970 asylsøkjarar, som vi meiner Hellas var forplikta til å ta ansvar for etter Dublin-regelverket. Noreg vil halde fram med å hjelpe Hellas, men samtidig ligg norsk asylpolitikk fast.

Vi er blant dei landa som tek imot flest overføringsflyktningar, og som vi veit har eit behov for beskyttelse. Vi skal ta imot 3000 kvoteflyktningar i år og like mange neste år.

Av flyktningane vi tek imot på kvoten, er rundt halvparten barn. Dei vil få opphald, bustad og bli integrerte i Norge. Dette er regjeringas hovudprioritet.

Det er vårt syn at vi må bort frå kortsiktige løysingar. Vi må få på plass ordningar som sikrar varig og forpliktande ansvars- og byrdefordeling for asylsøkjarar til Europa.

Då hjelper vi fleire, betre og lengre.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Norge sender kriseteam til Moria-leiren i Hellas

  2. – Å ta imot 50 personer er ikke annet enn en hån

  3. Byråd i Bergen: – Det er direkte flaut at vi setter grensen ved 50 personer

  4. Norge henter familier fra Moria-leiren: – Det avklarte vi etter at vi så bildene

BT anbefaler

2020 skulle bli første år med overskudd. Nå stenger luksushotellet delvis ned.

Fikk ras av avbestillinger etter nye smitteverntiltak.

LES SAKEN
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg
  1. EØS
  2. Asylpolitikk
  3. Koronaviruset
  4. Flyktninger
  5. Hellas