Ekstra rabatt for elbilar må ta slutt

Ein elbil tek like mykje plass på ferjene som ein vanleg bil, og bør betala deretter.

FEIL: Ein elbil inkludert førar betalar no mindre enn ein gåande passasjer, og det kan jo ikkje vera intensjonen når ein har vedteke at elbilar skal byrja å betala for seg, skriv innsendar. Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

  • Jan Hevrøy
    Stord

Til å byrja med var elbilar fritekne for betaling på riks- og fylkesvegferjer. Ein løyste då berre billett for føraren av bilen. Det vart endra i 2015 i Hordaland. Då vedtok fylkestinget at elbilar skulle betale for seg på lik linje med andre bilistar, men dei skulle berre betale 50 prosent av vanleg biltakst. Og då var føraren inkludert i prisen. Men dei som brukte ferjekort/verdikort, fekk ikkje ytterlegare rabatt.

Dette har det vorte ei endring på no. No får elbilane ekstra rabatt om dei nyttar verdikort. Det vil seie at dei får 40–50 prosent rabatt oppå 50-prosenten dei allereie har fått. Ein elbil inkludert førar betalar no mindre enn ein gåande passasjer, og det kan jo ikkje vera intensjonen når ein har vedteke at elbilar skal byrja å betala for seg.

Les også

Alle bilister bør betale

Ein pensjonist med honnørkort, som betalar 50 prosent av vaksenbillett, får ikkje ytterlegare rabatt om dei nyttar verdikort. Det må vera likhet mellom Kong Salomo og Jørgen Hattemaker her i landet.

Ein elbil tek like mykje plass på ferjene som ein vanleg bil, og bør betala deretter. Dei tek òg like mykje plass på vegane og slit like mykje på asfalten (svevestøv). Og når ein diesel- eller bensinbil reiser med ferje, forureinar dei like lite som ein el-bil.

Så innføringa av ekstra rabatt for elbilar må opphøyra like fort som det vart innført.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg