Hundelova gjer det farleg å vera hund

Grensa for kva me toler av menneske sin beste ven før me krev avliving, er snevra kraftig inn.

TØFFARE: Vanleg åtferd som å bjeffa, hoppa opp på eller markera seg med tenner og munn, er i mange tilfelle blitt nytta som grunnar for avliving etter at hundelova kom i 2003, skriv Ingvild Teigen (biletet). Privat

  • Ingvild Teigen
    Hundeeigar, Nesttun

Tanken på at den kjære familiemedlemmen min på fire bein skulle bli skulda for trugande åtferd overfor andre menneske eller dyr og dermed bli avliva, fyller meg med skrekk og fortviling. Dei som kjenner hunden min, vil seia at dei er trygge på at det er noko som aldri vil skje, men eg føler meg ikkje like trygg.

Grensa for kva me toler av menneske sin beste ven før me krev avliving, er blitt snevra kraftig inn – takka vera hundelova som blei vedteke i 2003. Paragraf 18 opnar for omplassering eller avliving av hunden om han har angripe eller skada eit menneske.

Men omgrepa «angrep» og «skade» er i mange dommar blitt tolka svært vidt. Vanleg åtferd som å bjeffa, hoppa opp på eller markera seg med tenner og munn, er i mange tilfelle blitt nytta som grunnar for avliving. Når lova i tillegg har omgrepet «utrygghetsfølelse» som grunn for avliving, er det blitt potensielt farleg å vera hund.

Etter at lova vart vedtatt, har det vore fleire saker med avlivingsvedtak på mange heilt vanlege familiehundar, som har utvist ei åtferd som ein tidlegare ikkje ville forventa avlivingsvedtak for.

To av dei mest omtala sakene gjeld blandingshundane Bamse og Bob. Bamse forårsaka eit sår og ikkje eit bitt, men blei likevel dømt til døden. Eigarane førte ein iherdig rettsleg kamp for Bamse, og til slutt fekk han leva etter dom i Lagmannsretten.

Men Bob vart dømt til døden av Høgsterett for ei hending som heller ikkje involverte bitt, men politiet meinte at Bob skulle bøta med livet fordi dei oppfatta han som aggressiv i den nemnde situasjonen.

Les også

To nye bøker om hunder: «En hund er mye mer enn bare en hund»

Dødsdomen er blitt ståande trass i fagkyndige vurderingar om at Bob er ein over gjennomsnittet trygg og snill hund. I tillegg har forskrifta om raseforbod ført til at mange hundar er blitt avliva fordi dei har likna på rasar som meir eller mindre er utpeikt til å vera farlege.

At visse rasar automatisk blir sett på som farlege, er problematisk nok. Det er både stigmatiserande for hundane og eigarane deira, men fører òg til at hunderasen blir problemet i seg sjølv i staden for å ta høgda for at i mange tilfelle er det dessverre hundeeigarar som ikkje eignar seg for den rasen dei har valt.

Les også

Torjus (5) er en hund etter høytlesing

Hundelova og raseforbodet har ført til auka frykt og intoleranse for hundar. Hundar er blitt kravd avliva på eit svært tynt grunnlag – ofte basert på frykt og manglande kunnskap om og forståing for hundar si åtferd. Er hunden på feil stad til feil tid (og møter feil menneske), kan han bli klaga på med påfølgande tragisk utkome.

Grunnleggjande sett handlar det om at me menneske krev total tryggleik i møte med andre artar, og at dei skal tilpassa seg oss utan vilkår.

Hunden har levd med menneske gjennom tusenvis av år, og har vore til stor hjelp – i redning og ettersøk, i terapi og som selskap, som vakt- og gjetarhund og mykje meir. Det er på høg tid at arten menneske viser seg denne lojaliteten verdig.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg