Stans finansieringa av forureining av havet

Noreg må følgje internasjonale bankar sitt eksempel, og ta ansvar.

Publisert: Publisert:

STOPP: I dag er det berre Noreg, Chile, Tyrkia, Indonesia og Papua New Guinea som har gruver der gruveavfallet blir dumpa i sjø frå land, skriv innsendarane. Biletet er teke under førebuing til ein demonstrasjon i Vevring, Sogn og Fjordane. Foto: Oddleiv Apneseth

Debattinnlegg

  • Jorunn Vallestad
    Fagrådgjevar, Naturvernforbundet
  • Mads Løkeland
    Naturvernforbundets gruveutval

Erkjenninga av at havet slit på grunn av menneskeleg forureining, ruller i desse tider som ei grøn bølgje over samfunnet. Denne bølgja har no nådd store internasjonale bankar, som tek grep mot gruveselskap som dumpar avfallet sitt i havet.

Dei fleste bankane og gruveselskapa held seg langt unna dumping av gruveavfall i sjø utan å uttrykkje det formelt, men nokre har no gått eit steg lengre, og eintydig erklært at dei ikkje vil vera med på dette.

Dei fleste bankar og gruveselskap har haldt seg langt unna dumping av gruveavfall. No har storbankane Standard Chartered Bank og Citibank som respons på ei internasjonal kampanje nyleg gått eit steg vidare, og eintydig erklært at dei ikkje vil finansiere gruver som dumpar gruveavfall i sjø.

International Finance Corporation (World Bank Group) har lenge hatt som praksis at dei ikkje finansierer slikt, og formelle vilkår utelukkar alle norske pågåande og planlagde prosjekt med sjødumping.

Vi utfordrar no norske bankar til å ta det same ansvaret for livet i havet.

Les også

Ungdomspartier vil ha ny utredning av fjorddeponier

Vi veit stadig meir om den store belastninga som havet blir utsett for, med søppel, forureining, klimaendringar og spreiing av framande artar. Dumping av gruveavfall i sjø, ofte med høgt innhald av tungmetall og prosesskjemikaliar, kjem på toppen av alle dei andre belastningane.

Difor slår internasjonale avtalar som Noreg er med i (Londonkonvensjonen/Londonprotokollen) fast at det er strengt forbode å dumpe gruveavfall i ope hav, men dessverre gjeld desse avtalane ikkje det som blir dumpa i havet gjennom røyr frå land.

Havforskarane er uroa, dei fleste land har gått vekk frå praksisen, og til og med to av verdas største gruveselskap, BHP Billiton og Goldcorp, har erklært at dei ikkje dumpar gruveavfall i sjø.

I dag er det berre Noreg, Chile, Tyrkia, Indonesia og Papua New Guinea som har gruver der gruveavfallet blir dumpa i sjø frå land, og 99,3 % av verdas gruveselskap kvittar seg med overskotsmassane på andre måtar.

I eit forsøk på å få ein endeleg slutt på den utdaterte praksisen har organisasjonen Earthworks lansert kampanjen Ditch Ocean Dumping, der dei oppfordrar bank etter bank om å slutte å finansiere gruveselskap som dumpar avfallet sitt i sjøen.

Les også

Venstres nye miljøminister møtt med gruve-kritikk

Vi vil oppfordre Oljefondet (Pensjonsfond utland), dei store bankane og andre finansielle aktørar i Noreg om å følgje eksempelet til Standard Chartered Bank og Citibank, og erklære at det er i strid med deira miljøprofil å finansiere gruvedrift som dumpar gruveavfall i sjø.

Vi må alle bidra til å ta vare på vårt felles matfat, Noregs viktigaste ressurs, og havets uendeleg store biologiske mangfald.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg