Digitaliser og døy

DEBATT: Når du, som tilsett, er effektivisert vekk grunna oppfylling av dine forventningar som kunde, kva då?

FRAMTID: For arbeidsgjevar er digitalisering og robotisering løysinga for å møte den teknologiske framtida, skriv Vigdis Vestvik. På biletet ein sjukepleier sammen med robot-kollegaen «Pepper», som skal ønske pasienter velkommen på sykehuset i Ostend, Belgia. Foto: FRANCOIS LENOIR / REUTERS

  • Vigdis Vestvik
    Politisk nestleiar Bergen SV
Publisert:

Arbeidsgjevarar legg om drifta grunna kundane sine forventningar. I dette tilfellet er det IKEA det dreier seg om. Men det gjeld ikkje berre IKEA, det gjeld heile arbeidslivet. Dei må bli sterkare på digitalisering, seier dei, for det er det som er kundane sine forventningar.

Kven er kundane, og kva er kundane sine forventningar?

Kundane - det er deg og meg, og det er altså våre forventningar dei vil imøtekome. Vi, kundane og forbrukarane, vil ha det enklast mogleg. Vi vil helst ikkje stå i kassakø, for det tek tid. Vi vil sitje heime bak ei datamaskin og shoppe varer til lavast mogleg pris, det er både kostnads- og tidssparande synest vi. Vi tek i bruk appar som gjer det mogleg å bestille varer og tenester berre med nokre tastetrykk. Vi lovprisar alle løysingar som gjer at vi slepp å bruke tida vår på eit unødvendig mellomledd. Og mellomleddet er tilsette på alle område og nivå i det norske arbeidslivet.

Mellomleddet er deg og meg, for vi er alle kunde og forbrukar samstundes som vi er tilsett i ulike bransjar og sektorar som blir møtt med effektiviseringskrav og omleggingar. Nettopp grunna våre forventningar og behov som kunde og forbrukar. Ei omlegging er oftast synonymt med å kutte i antall tilsette.

Vi kan seie det så enkelt som at vi sagar av den greina vi sjølv sit på. So kan det sjølvsagt ta litt tid før akkurat DU møter deg sjølv i døra, eller at den greina DU sit på dett i bakken. Men på eit tidspunkt skjer det. Våre behov fører til ei effektivisering som til slutt effektiviserer oss rake vegen til Nav.

Les også

Vår vidunderlege nye framtid

Kva slags arbeidsliv er det vi ser for oss med alle dippeduttar og appar og digitalisering her og digitalisering der, og som skal gjere kvardagen vår så mykje enklare?

Den digitale framtida, det høyrest fint og fjongt ut. Og alle seier vi at vi er nøydd å innrette oss etter den digitale framtida. Viss ikkje vi heng med i den teknologiske utviklinga, kan vi ikkje overleve, vert det sagt.

Etter kvart som kunde og forbrukar, altså deg og meg, i stadig større omfang tek i bruk nye teknologiske løysingar, vil behovet for tilsette, altså deg og meg, også bli mindre. For arbeidsgjevar er digitalisering, robotisering, omlegging og effektivisering for å fjerne overflødige og «dyre» ressursar(tilsette) løysinga for å møte den teknologiske framtida.

Og når dei har erstatta mange tilsette med robotar og/eller digitale tenester, kan dei stolt stå fram for å vise at dei tek den teknologiske framtida på alvor, og at dei digitale tenestene vil imøtekome krava ei teknologisk framtid inneber.

Det blir stadig framheva at ei omlegging til det digitale arbeidslivet vil føre til nye arbeidsplassar. Og i mindre grad (ja, nesten ikkje i det heile, skal ein tru dei rett) fjerning av arbeidsplassar. Men dei nye arbeidsplassane krev ein heilt ny kompetanse innan digitalisering.

Les også

– Fremtiden ligger i robotkirurgi, sier Yngve Nygård mens han styrer robotarmene dypt ned i underlivet til mannen på operasjonsbordet.

For regjeringa er løysinga på utfordringar innan dei fleste politiske område: Arbeid! Både sjuke, uføre, arbeidslause, innvandrarar og flyktningar, menneske med fysisk og psykisk handikap skal ut i arbeid, då løyser alt seg. Ut i arbeid i eit arbeidsliv som har færre og færre stillingar å tilby, grunna dei før nemnde tiltak for å møte våre behov. Forstå det den som kan.

Medan vi ventar på at det skal bli vår tur til å bli effektivisert vekk grunna det digitale arbeidslivet, den teknologiske jubel-framtida, så får vi berre halde fram som før med å leggje forholda til rette slik at ventetida ikkje blir altfor lang. Og når turen omsider kjem til deg, så må du førebu deg på at din framtidige arbeidsgjevar, Nav, også har lagt om drifta for å imøtekome den digitale framtida.

Men kanskje du tenkjer at dette aldri vil ramme din arbeidsplass og di framtid? Shit happens.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg