Kven er det som feilinformerer om Acer, Knutsen?

Knutsen kommenterer ikkje korleis EØS-avtalen undergrev norsk demokrati.

FRISTILT: Norske reglar i strid med EU-rett må bort. I praksis vil Acer diktera vedtaka, skriv Toril Mongstad i Hordaland Nei til EU. Tor Høvik (arkiv)

Toril Mongstad
Nestleiar, Hordaland Nei til EU

Det Eigil Knutsen (Ap) og kampfellene hans held på med, er strutsepolitikk. I BT 9. februar skuldar han meg for «grov feilinformasjon om Acer».

Diverre ser det også ut til at leiaren i BT same dag legg seg på same nivå.

Energibyrået Acer har omfattande styringskompetanse som berre er avgrensa av Lisboa-traktaten til EU. Den gjev fri etablerings- og investeringstilgang.

Har Knutsen informasjon om at dette ikkje skal gjelda for energibyrådirektivet?

Usemje om grenseoverskridande kraft skal avgjerast av Acer. Det regelverket som gjeld i den indre EU-marknaden er gjeve av EU. Norske reglar i strid med EU-rett må vika.

Norske styresmakter prøvde å vinna fram med sitt syn om at Norges vassdrag- og energidirektorat (NVE) skulle ha ei uendra rolle framover. EU sa nei.

Naudløysinga vart å oppretta Reguleringsmyndigheten for energi (RME). Det er ein reiskap for EU, ikkje for norske myndigheiter. RME skal vera heilt fristilt frå den norske stat og styringsverk, og kan berre instruerast frå EU.

Acer har vedtaksmynde på fleire område.

Artikkel 7 i Acer-forordninga gjev byrået løyve til å treffa vedtak om tekniske spørsmål, og slik vil byrået bestemma reglane for flyt av straum gjennom overføringskablar.

Artikkel 8 gjev Acer myndigheit til å avgjera i saker der det er usemje mellom dei nasjonale organa, eller der byrået meiner at det er manglande tilgang til overføringskablar eller rør over landegrensene. ESA har den formelle myndigheita ovanfor Noreg, og ESA skal gjera kopivedtak etter forslag frå EU.

I praksis vil Acer diktera vedtaka.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg