Nina Karin Monsen kan ikkje skrive seg sjølv ut av historia

DEBATT: Nina Karin Monsen sin del av historia er der, den må vere der, og den høyrer heime i teaterstykket.

«KIM F»: I desember var eg på «Kim F» på Den Nationale Scene. For meg, som er lesbisk, vart det eit varmt, interessant, artig og nydeleg møte med vår kjærleikshistorie. Foto: Gisle Bjørneby / DNS

  • Isabel Jensen Grindheim
    Lærar, Bergen
Publisert:

I desember var eg på «Kim F» på Den Nationale Scene. For meg, som er lesbisk, vart det eit varmt, interessant, artig og nydeleg møte med vår kjærleikshistorie. Eg har, kanskje heldigvis, berre fått lov å vere med på delar av den historia, men gler meg til å vere med på resten.

Eit av dei mange historiske hendingane som blei framstilt i stykket, var då Nina Karin Monsen vann Fritt ord sin pris, som Kim Friele hadde gjort fleire år tidlegare. Det blei i den samanheng, som elles i stykket, kome med utsegn som var nedsetjande mot homofile. Ikkje direkte sitat, men nærliggjande ordlyden som Nina Karin Monsen i fleire år har drive med i sine fråsegn mot homofile.

Isabel Jensen Grindheim Foto: Privat

Sjølv om replikken i stykket ikkje eit direkte sitat, er den likevel så nær det eg har oppfatta at Nina Karin Monsen har meint, at eg kjente meg att. Når eg har lese det Nina Karin Monsen har skrive, har ho formidla til meg at vi er unormale, at vårt heilt ordinære liv er inhumant og at vi ikkje er glade i barn. Når Nina Karin Monsen har påstått at homofile sine barn blir fødd med eit handikap, fordi foreldra er homofile, er det vanskeleg å tenkje noko anna. Det er både interessant og fint å lese at Nina Karin Monsen ikkje er homofob, men det er vanskeleg å tru, basert på alt ho har skrive om oss skeive.

Les også

Nina Karin Monsen føler seg ærekrenket av DNS-stykke

Eg hugsar svært godt då Nina Karin Monsen vann prisen. Eg hugsar det med eit støkk i magen som sat lenge i kroppen. Det at nokon som i så enorm grad hadde retta sine hatske ord mot skeive, kunne vinne ein slik pris, var både skuffande og svært overraskande. Det var det også for Kim Friele, som valde å sende tilbake sin Fritt ord-pris. Både utdelinga av prisen, og tilbakesendinga av Kim Friele sin pris, er viktige delar av vår historie, og har sin plass i eit stykke som «Kim F».

Les også

«Kim F» på DNS er et lærestykke i demokratisk arbeid

Det kan ikkje vere slik at Nina Karin Monsen kan krevje endring av eit stykke som er så viktig. Ho er ein del av vår historie. Ho er den delen av historia som ofte gjer at eg skammar meg. Hennar bidrag i historia har fått meg til å grine og til å rope. Nina Karin Monsen sin del av historia er der, den må vere der, og den høyrer heime i teaterstykket. Den delen av historia kan ikkje krevjast fjerna frå eit kunstverk med historisk bakgrunn.

Det er kanskje ikkje direkte sitert, men eg seier som Kim F. i teaterstykket: EG FÅR FNATT!

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!