Refleksvest er det vakraste plagget

Kall meg gjerne moralpoliti. Eg drit katten i det. Men eg drit ikkje i livet, fordi det er det viktigaste vi har!

LIVREDDANDE: Refleks kan verte livsviktig dersom ein skal ferdast ute i vinterhalvåret. Det er ansvarslaust å senda det kjæraste ein eig ut døra utan, skriv Kaia T. Hatteberg. Fredrik Varfjell, Scanpix (illustrasjonsfoto)

Kaia T. Hatteberg
Student

Har du høyrt om korleis svarte kattar som går over vegen liksom skal bringa ulukke? At kattar har ni liv? Men kva med svartkledde menneske, som ikkje har ni liv å ta av?

Då eg gjekk på vidaregåande var mi veslesyster og min beste ven ei av dei uheldige. Ho blei overkøyrd i eit overgangsfelt. Nett den dagen var det veldig mørkt, på alle mogelege måtar. Syster mi nytta refleks, men kanskje var ikkje denne synleg nok, god nok? Livet stoppa liksom litt opp, men heldigvis lev syster mi i beste velgåande den dag i dag. Kanskje var det faktum at det hendte i eit overgangsfelt utslagsgjevande, at sjåføren hadde slakka på gassen i forkant?

Det er mørketid. Slik vi kler oss, er vi ikkje berre ein fare for oss sjølve, men også ein fare for desse monstera på fire hjul. For ikkje å snakka om det levande individet som manøvrerer fartøyet. I mørkeret blir vi desto meir usynlege. Vil du vera usynleg når det smell?

Les også

Hvem blir påkjørt neste gang?

I etterkant av denne hendinga, har eg endra totalt syn på refleksvesten. Før var det så viktig korleis eg tok meg ut. Refleksvesten var ikkje nett eit vakkert plagg, og difor så himla lett å droppa. Men dersom ein ser på den livsviktige funksjonen den har, vil eg hevda at den er noko av det vakraste ein kan ikle seg. Så legg igjen fokuset på ytre pjatt heime, og ta på deg det vakraste i livet! Det er ikkje vakkert å bli overkøyrt, vel?

Sagt at du ikkje gløymer vesten ved eit uhell, syns eg det er ansvarslaust å leggja refleksen igjen heime. Eg syns det er ansvarslaust å ikkje eiga ein. Eg syns det er ansvarslaust å senda det kjæraste du eig ut døra i svartaste natta utan noko så enkelt, men likevel så livreddande. Eg syns det er ansvarslaust overfor menneska bak rattet, som ikkje vinn over bremselengda, og som kan koma til å måtta leva med resultatet resten av sitt liv.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg