Ferietips: Slå av mobiltelefonen

Eller enda betre: Reis ein stad der du ikkje har mobildekning i det heile.

Publisert: Publisert:

LOGG AV: Smartelefonen din har mange kjekke appar og funksjonar. Den beste for deg i sommar er nok funksjonen «skyv for å slå av», meiner Lars Andreas Bysheim Myklebust.

Debattinnlegg

Lars Andreas Bysheim Myklebust
Bergen

Lars Andreas Bysheim Myklebust Foto: Privat

Eg har den siste tida vore skeptisk til kva eigen hyppige bruk av smarttelefon og PC gjer med meg. Iphonen lyg sikkert ikkje når han fortel at eg har fleire timar skjermtid, berre med den, kvar dag.

Eg tenkjer stadig oftare at smarttelefonen skaper ei kjensle av å vere pålogga heile tida. Det fører til at mange erstattar naturlege sosiale samanhengar med digital kommunikasjon. Eg har all verdas nyhendestraum i hendene, når eg vil. Tilgangen på informasjon er uendeleg, og behovet for å hugse eller vite noko som helst er lik null: Iphonen hugsar faktainformasjon mykje betre enn meg – og er alltid oppdatert på siste versjon.

Avtalane mine kan han og på rams. Alt eg treng gjere er å sveipe innom kalenderen eller Facebook, så veit eg kva eg skal. I tillegg får eg varslingar om ein heil del eg helst skulle ha gjort og kanskje ikkje kan gå glipp av. Det einaste telefonen ikkje kan gi meg, er tid til å senke skuldrene og slappe av.

Eg har forsona meg med at ulike aktørar har kome langt i å overvake vanane mine, men kva eg vil og har behov for er noko smarttelefonen ikkje veit like mykje om. Stundom har eg behov for å kople av, senke skuldrene, eller faktisk vere til stades i ein samtale. Der finst rett nok appar som skal hjelpe deg til mindre skjermtid, men alvorleg tala, noko må vi klare å ha kontroll utan at smarttelefonen gir beskjed.

Eitt val meiner eg at vi må ta sjølve: Legg vekk alle dingsane. Du treng dei ikkje for å vere til, kjenne kva du sjølv vil og kva du har behov for akkurat no.

Les også

– Mobilen gjør livene våre fattigere

Eg kjenner godt til «angsten» som kan melde seg om eg har lagt att telefonen ein stad, om den manglar batteri, eller om eg på anna måte må gå frå online til offline. Denne sommaren har eg likevel tenkt mykje på kor godt det er å la han ligge og berre vere til stades.

Den beste opplevinga med dette hadde eg på hyttetur ganske nyleg. I om lag eit døgn var eg kilometervis unna mobildekning, og vi på hytta hadde ikkje anna underhaldning enn fiske, kryssord, hytteboka, oss sjølve og Trivial Pursuit frå 1987.

Da tida for å avslutte hyttebesøket kom etter eit døgn, gav eg klar beskjed: «Eg tek ei natt til». Og så var eg der åleine, og eg fann att kjensla av å berre vere til for meg sjølv og det rundt meg.

Skal eg gi deg eitt tips til ferien, er det difor at du loggar av. Gjer deg sjølv ei stor teneste – bruk funksjonen «skyv for å slå av» og tenk «Eg er her. Eg er til stades».

Eller, aller helst, reis ein stad der du ikkje har mobildekning i det heile.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg