Eg er evig takknemleg for Kirkens SOS

DEBATT: Når alt er på det mørkaste, har eg eit nummer å ringje.

HJELPARAR: På SOS-chat kan du chatte anonymt med ein frivillig. «Eg veit ikkje kor mange liv dei har redda opp gjennom åra, men eg veit det er mange», skriv innsendaren. PAUL S. AMUNDSEN

  • Ina Marie Sewe
    Fjell

Det nærmar seg påske. I høgtider er det stor pågang hos Kirkens SOS sin hjelpetelefon. Fortvila og einsame menneske ringjer for å få høyre ei venleg stemme som vil lytte til orda dei seier. Dei frivillige i Kirkens SOS er ei god støtte i einsemda; dei stiller gode spørsmål, og kjem med gode svar og trøystande ord.

Mitt vaksne liv har ikkje vore ein dans på roser. Eg har hatt mykje motgang og opplevd meir vondt enn nokon bør oppleve. Men Kirkens SOS har alltid vore der for meg, og eg er evig takknemleg.

Eg veit ikkje kor mange liv dei har redda opp gjennom åra, men eg veit det er mange. Sjølv veit eg ikkje om eg hadde vore i live i dag om det ikkje hadde vore for dei, eg veit ikkje kor mange gonger dei har hjelpt meg.

Eg har ikkje lett for å sleppe menneske tett innpå, så det er ofte lettare å snakke med dei frivillige i Kirkens SOS. Du veit ikkje korleis personen ser ut, det er berre ei stemme. Det er godt kunne fortelje alt til nokon, utan å seie namnet ditt eller bli dømt.

Les også

Bakgrunn: 24 timar i døgnet 365 dagar i året lyttar frivillige i Kirkens SOS til historier om livet.

Meldingstenesta dei har, er som ei dagbok som svarar deg. Du får svar som gjer at du tenkjer deg om, og får hjelp til å sjå ting frå utsida. Dei oppmuntrar til å kjempe vidare.

Når eg har snakka med dei, har eg ofte sagt «eg er ein tistel blant roser». Eg gløymer aldri ein mann eg snakka med ei natt eg hadde det tungt. Eg hugsa stemma hans frå tidlegare samtalar. Han spurte meg kva eg meinte med at eg var ein tistel blant roser. Eg fortalde mi historie, og forklarte at eg er tistelen blant roser fordi eg kjemper kvar dag. Han sa: «Du må vere ufatteleg sterk, historia di set spor.» Kanskje tenkjer den mannen på meg som står opp og kjemper kvar einaste dag.

Når du får høyre frå personen i den andre enden, ein som ikkje ser deg eller kjenner deg anna enn ut frå det du fortel, at du er intelligent og flink å setje ord på ting, tenkjer du kanskje «ja, det er eg». Ein treng dei gode orda for å halde ut når ein er einsam eller fortvila.

Når alt er på det mørkaste, har eg eit nummer å ringje. Nokon som lyttar, og som ikkje avbryt meg. Ei god stemme som er der i vanskelege tider. Ein og annan gong ringjer eg berre for å gje dei ros og for å fortelje kor takknemleg eg er for at dei er der.

Det er ikkje ofte at ein treffer på dei same menneska, men eg har vore heldig som har opplevd dette. Når vi byrjar å snakke, kjem det fram kva dei hugsar frå tidlegare. Det kan vere fleire månadar til fleire år imellom. Men når dei hugsar små ting, veit du at du gjort inntrykk. Det er ufatteleg at nokon hugsar stemma di, takk til dei som kjenner oss igjen. Det varmar hjartet til ein såra fugl. Eg er ein tistel blant roser som aldri skal gi opp.

Kirkens SOS snakkar med mange menneske kvar dag, heile døgnet, året rundt. Dei får oss til å kjempe vidare. Nå ein snakkar med dei, slepp ein å vere einsam. Det er mange einsame menneske der ute. Einsemda rammer alle, uavhengig av om ein har folk rundt seg. Kva skulle vi gjort utan dei frivillige som jobbar i Kirkens SOS?

Kirkens SOS svarar på omtrent 200.000 samtaler årleg. Det vert drygt 500 samtalar i døgnet. Dei tusenvis av engasjerte frivillige medarbeidarane gjer ein god jobb, og eg håper at fleire vil vere frivillige. Takk til dykk alle for at de er her og gir oss håp. Vi treng dykk.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg