Jula eg aldri gløymer
Kjensla eg hadde i fjor, vil følgje meg kvar desember så lenge eg lever.
- Ingvild Dalland HusabøFrekhaug

Med denne teksten vann innsendaren 2.-premie i BTs skrivekonkurranse «Vi som lager jul».
Eg har tre levande lys i staken. Frukosten min består av lussekattar og kakao med krem. På skjermen leiter Selma etter bestefaren Julius i luke 13 av NRK sin julekalender «Snøfall». Det er vinterstemning og roleg i huset. Men i magen min er det full jubel. Frukosten min må brått vente, eg har fått rier.
Tre døgn etter sit eg der midt i eit korona-nedstengd samfunn. Eg ser opp på Ulriken, og på alle hushjørne ser eg store, lysande hjarte. Eit desperat forsøk på å stå saman utan å vere saman på ekte. Men inne hjå meg er det ei stemning eg aldri vil gløyme, ei kjensle som vil følgje meg kvar desember så lenge eg lever.
På sjukehus landet rundt ligg kvinner aleine på barselromma og kjemper med tårene og amminga og lengtar heim. Men eg, eg er på familierom og eg ser ut i verda på jula som nærmar seg. Eg høyrer på Solveig Leithaug sine julesongar for å roe bylten eg har på brystet.
Eg ser bort på mannen min og seier at «denne jula kjem me aldri til å gløyme». Han nikkar bekreftande der han sit med nok ein bylt i armane.
Den jula eg aldri gløymer, kjem eg heim til ei varm stove og eit juletre som allereie er pynta for meg. Familien vår har vaska, dei har pynta, og dei er der med oss. Heim kjem også ein liten storebror som har fått to brør – i ein alder av elleve månader.
Ein dag i 2026 skal alle tre stille opp på fyrste skuledag hand i hand, men i dag er stemninga ei heilt anna. Det er jul, julelysa blinkar, og inne er det to babyer som gryntar, to foreldre som smiler i halvsøvne og ein liten storebror som ser babyer for fyrste gang.
Ute lyser det hjarter frå alle husveggar, for me skal ikkje klemme kvarandre, men me kan i det minste sende ein tanke til kvarandre i form av lys. Og auge som smiler bak munnbinda.
Og eg, eg har skaffa meg verdas finaste kohort. Tre lyshåra krøllegutar og ein mann som tar alt på strak arm. Ein familie som gjer det dei må, og som klemmer oss og omsluttar oss og lagar verdas beste familiekohort gjennom ei annleis, strevsam, men også tidvis nydeleg juletid som eg gøymer i hjartet mitt.
Jula då eg fekk tvillingar vil alltid stå for meg som eit av dei mest spesielle juleminna mine. Og koppen med kakao, den hadde svigermor fått vaska opp til eg kom heim.