Bokmål i nynorskens skog

Med røter som strekkjer seg langt utanfor Bergen bør BT ta sikte på å vere eit av dei største trea i nynorskens skog.

BOKMÅL: Det er litt trist, men sjansane for å finne nynorsk i BT er størst om du blar deg direkte til dødsannonsane og minneorda, skriv Peder Lofnes Hauge. Eirik Brekke

Debattinnlegg

Peder Lofnes Hauge
Styremedlem i Noregs Mållag

Bergens Tidende er ikkje kven som helst. I opplag er ho den største avisa utanfor Oslo, med tyngdepunkt i Hordaland og Sogn og Fjordane. I desse to fylka er 56 av 59 kommunar nynorske. Sjølv om bokmålet er det soleklart mest brukte språket i Bergen, kan ikkje BT ta seg råd til å nedprioritere nynorsken.

Eg skulle ønske lesarane fekk møte meir nynorsk i BT, i sine elles bokmålsdominerte kvardagar. Avisa har delar av det nynorske kjerneområdet på Vestlandet i sitt nedslagsfelt, og ho har mange lesarar som har flytta til Bergen frå ulike nynorskkommunar.

Då eg telte opp for eit par veker sidan var berre tre av over 100 redaksjonelle saker frå BT sine eigne journalistar skrivne på nynorsk. To av seks leiarteigar var på nynorsk, der plar dei vere flinke. Store delar av avisa er eksternt stoff, frå Aftenposten, NTB og Politiken. Litt mindre vestlandsk, kjemisk fritt for nynorsk. Tre kommentarar var på nynorsk – to av dei frå gjesteskribentar.

Det er litt trist, men sjansane for å finne nynorsk i BT er størst om du blar deg direkte til dødsannonsane og minneorda.

Som premissleverandør i det språkpolitiske ordskiftet er Bergens Tidende viktig, og dei trør som regel rett. Avisa er prinsipiell og klokkeklar når ho argumenterer for nynorsk.

I leiarteigen «Nynorskbyen Bergen» slår dei fast at fleire bergenske institusjonar må ta eit større ansvar for nynorsken – inkludert Bergens Tidende sjølv. I Nynorskhovedstaden gjev dei full støtte til forsøksprosjekt med tidlegare start med sidemålsopplæring. På leiarplass under tittelen «Nynorsk for alle» slaktar dei Høgre sitt forslag om å avskaffe sidemålsopplæring som «kunnskapsløst, kulturløst og udannet». Høyrer de, Høgre?

Det er bra at avisa lar journalistane skrive på det språket dei vil, anten det er nynorsk eller bokmål. Det sikrar dei tilsette sine språklege rettar og lar borgarane få møte språket sitt. Bergens Tidende har flinke journalistar med skarpe nynorskpennar, som Kjersti Mjør, Guro Valland, eller Gerd Margrete Tjeldflåt, for å nemne nokre. Men også desse vel tidvis bokmål.

Det er fleire som desse tre i BT, men andre igjen treng kanskje meir øving og opplæring, eller berre å bli oppmuntra til å velje nynorsk litt oftare. Aller helst frå øvste hald: Øyulf Hjertenes, sjefredaktøren frå det tjukkaste nynorskfylket. Han vel som regel bokmål. Eg skulle så gjerne sett at han sjølv skreiv nynorsk i avisa si oftare. Det hadde sendt eit fint signal til eigne tilsette som kanskje treng litt språkleg sjølvtillit for å ta gode språkval kvar dag.

Bokmålet vil truleg dominere Bergens Tidende også i framtida. Men det eine språket er ikkje meir naturleg enn det andre.

Kvifor brukar eg ikkje kreftene mine på alle desse avisene som på ingen måte kan måle seg med den språkpolitikken BT har internt og står for eksternt? Jo, fordi det er BT som er avisa mi. 70.000 menneske har i dag BT-abonnement. Under dei lange greinene til avisa, frå Sveio til Stryn, finn ein både abonnenter og abonnentar.

Særleg dei siste vil nok ønske seg at BT i større grad lever etter det dei sjølv skriv i «Nynorskbyen Bergen»: Nynorsk er ei sjølvfølgje på Vestlandet og må få større plass.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg