Regjeringa må ta tak i lærlingproblemet

DEBATT: Er det rett at ein 17-åring skal vere redd for å gå på jobb?

FORDELAR: Som lærling har ein ikkje dei same fordelane som ein elev på studiespesialiserande. Me får ikkje utstyrsstipend, og me må betale for utdanninga vår sjølv, skriv innsendaren. Frank May / picture alliance

Alvilde Hellebø
Lærling i helsearbeidarfaget, og leiar for Elevorganisasjonen i Hordaland.

Kvart år startar tusenvis av spente elevar i lære. Dei har nettopp gjennomført skulegongen sin, og er klar for det som kanskje er deira fyrste møte med arbeidslivet. Mange er spente, og nokre er usikre. Det er ikkje utan grunn – eg har vore ein av dei.

Om ein følgjer den ordinære yrkesfagvegen, startar du i lære som 17-18-åring. Ein er ung og sårbar, og skal ut i ei heilt ny verd av opplevingar. Å vere lærling i dag skal vere trygt, sikkert og kjekt. Det er dessverre ikkje realiteten for alle.

Alvilde Hellebø Privat

Frå den dagen ein står med kompetansebeviset i handa etter fullført Vg2, står ein heilt på eigne bein. Dei trygge rammene ein var van med på skulen er vekke: Ingen lærarar som seier hei i gongen, eller venner ein kan henge med i pausen. Lærlingar kjenner ofte ingen, og det meste er nytt. Det kan vere ein skremmande nok oppleving i seg sjølv.

For mange lærebedrifter kan lærlingane vere ein freistande mogelegheit for billig arbeidskraft. Lærlingane kan verte utnytta, dårleg følgt opp, krenkja, eller oppleve at lærlingbedrifta ikkje gir rom for å prøve og feile. For å unngå dette, kan ei god løysing vere tett oppfølging frå elev- og lærlingombodet. Andre tiltak kan vere at lærlingen kan få bruke rådgjevingstenesta på sin gamle skule, eller i kommunen.

Saman kan desse tilboda bidra med hjelp om lærlingen lurar på noko, eller opplev sin læretid som feil. Ein sikrar kontakt med lærlingen, og skapar eit tilbod for dei som treng nokon som kan hjelpe.

Skulane må halde utstyret sitt oppdatert. I nokre av tilfella veit ikkje lærlingen korleis han eller ho skal handtere utstyret dei må jobbe med, nettopp grunna dårlege utstyrspakkar på skulen. Det kan gjere lærlingen usikker og redd. Redd for å spørje om hjelp, og redd for å gå på jobb.

Det er på tide at me lyftar fokuset på styrking av lærlingrettar i loven. Er det rett at ein 17-åring skal vere redd for å gå på jobb?

Les også

Les elektrikerens innlegg: «Yrkesfag er blitt den «dumme» utdanninga»

Som lærling har ein ikkje dei same fordelane som ein elev på studiespesialiserande. Me får ikkje utstyrsstipend, og me må betale for utdanninga vår sjølv. Elevar på studiespesialisering har ein rett på utstyrsstipend gjennom heile løpet. Grunngjevinga frå Stortinget: Jo, fordi utdanning skal vere gratis.

På ein vilkårleg yrkesretta linje treng ein også utstyr. Mange lærlingar må betale dette sjølv. Det fører til at læretida kan verte dyr, og prinsippet om gratis utdanning er brote.

Som lærlingar mistar ein retten på det obligatoriske grunnstipendet. Ifølgje lånekassen.no kan ein få grunnstipend som lærling, men har ingen fast rett på dette. Talla visar at lærlingane som tener under 5470 kroner i månaden, kan få stipend. Ein kan altså tene rundt 36 kroner i timen.

Sjølv om studiespesialiserande linjer og dei lærlingane med lønn under grensa kanskje mottar stipend, er ikkje dette nok for at skulegongen skal vere gratis. Regjeringa har sagt at dei skal auke stipendet for yrkesfagene, og det er sjølvsagt bra – men ikkje nok.

I fjor var det «yrkesfagenes» år. Regjeringa og staten skal satse på yrkesfag, fordi det er lærlingane som er musklane bak Noreg. Men slik det er i dag, promoterer staten for å starte på ei linje som er usikker, dyr og utdatert. Ungdom som ønskjer å ta yrkesretta utdanning, vil gå ei usikker framtid i møte.

Her er tre grunnar til at yrkesfag må fokuserast på:

1. Dei er ikkje garantert læreplass.

2. Det kan vere dei møter ei bedrift som behandlar ein dårleg.

3. Dei kan ende opp med å måtte betale mykje for sin eiga utdanning; det er ugreitt.

Les også

Her er skolene i Hordaland der flest dropper ut

Fokuset framover burde dreie seg om retten til lærlingråd og rettane til kvar enkelt lærling. I dag omfattar opplæringslova alle elevar, men berre nokre delar av den omfattar oss lærlingar. Etter mitt syn har dermed elevane sterkare rettssikkerheit enn lærlingane. Det er fullstendig absurd at det er eit så stort skilje.

No må regjeringa ta tak i problema rundt lærlingane. Ungdommen skal sleppe å lure på om dei får læreplass, eller om dei må betale dyre dommar for å kunne gjere jobben sin. Det på tide med strukturerte reglar for alle lærebedrifter, og fokusere på kva det vil seie å ha ein lærling tilsett. Alle lærebedrifter skal vere ei god lærebedrift, og alle lærlingar skal føle seg høyrd. Fordi ingen skal vere redd for å gå på jobb. Uansett grunn.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg