Trekk norske soldatar ut av Midtausten!

FARE PÅ FERDE: Risikoen for ein stor krig er høg og ser ut til å auka. At norske soldatar då kan kome i eldlinja og kanskje bli dregne inn i konflikten, er ikkje usannsynleg, skriv Vidar Lehmann. Shutterstock (illustrasjon)

Debattinnlegg

Vidar Lehmann
Forfattar og professor emeritus i medisin. Har tenestegjort i ulike fredsoperasjonar i FN-regi.

I samband med den aukande krigsfaren i nærområdet, har Tyskland og Nederland bestemt seg for å ta heim sine militære styrkar i Irak. Det meste av USA sitt ambassadepersonell og andre sivile er òg under evakuering. Som teikn på alvoret har USA mellom anna åtvara irakiske grupperingar mot å falla dei i ryggen dersom det bryt ut krig med Iran.

I denne situasjonen har norske myndigheiter enno ikkje vilja trekke våre styrkar ut av Irak eller andre nærliggande land. At risikoen for ein stor krig er høg og ser ut til å auka, treng ein ikkje lenger fleire indikasjonar på. At norske soldatar då kan kome i eldlinja og kanskje bli dregne inn i konflikten, er heller ikkje usannsynleg.

Les også

BBC: – Iran-krig kan sette hele Midtøsten i flammer

Om soldatane har vore stasjonert og operert i nært forband med USA, aukar det risikoen ytterlegare for at dei i ein komande væpna konflikt kan bli oppfatta som denne parten sine hjelparar.

Det ligg difor på norske myndigheiter å gje sterke nok grunnar til at det så langt ikkje er gjeve ordre om evakuering. Det beste ville vera at statsleiinga snarast snur og hentar styrkane våre heim frå dei statane i Midtausten som risikerer å bli innblanda.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg