Dagros har ein plass i eit klimanøytralt Noreg

Jordbruket møter både krav om auka produksjon og lågare utslepp.

Publisert Publisert

Løysinga på klimakrisa er ikkje nødvendigvis å slutte med landbruk, skriv innsendarane. Foto: Rune Sævig

Debattinnlegg

  • Eirik Magnus Fuglestad og Reidar Almås
    Forskarar ved Ruralis – Institutt for rural- og regionalfosknining
  1. Leserne mener

Dagros er sett i bås – det er ho for så vidt vand med – men ho vil ikkje stå der med kven som helst. No er ho sat i bås med oljenæringa og flytrafikken som klimaversting. Har eit klimanøytralt Noreg plass for Dagros på beite? Vi meiner ja, men det krevjast politisk endring og vilje.

I dag blir jordbruket møtt med krav både om å auka matproduksjonen på norske ressursar og med krav om store kutt av klimagassar.

Det blir i praksis eit dilemma der vi anten må kutta ut store delar av norsk matproduksjon fordi vi skal kutta klimagassar som kjem frå husdyr som Dagros, eller halda produksjonen og sjølvforsyningsgraden oppe, men akseptera visse utslepp av klimagassar frå drøvtyggarar.

Grunnen til at det blir slik er enkel: den norske bonden har fått som samfunnsoppdrag å produsera mat til oss her på berget. Omgrepet «her på berget» er ikkje tilfeldig valt, for i jordbrukssamanheng er Noreg for det meste «berg», og berre tre prosent av landmassen er dyrka.

Til samanlikning har dei om lag 60 prosent dyrka jord i Danmark.

Men mykje av «berget» vårt har gras som kan beitast av drøvtyggarar som kyr og sau. Samfunnsoppdraget til bonden er derfor i stor grad avhengig av å bruka gras og beiteressursane til å produsera mat til folk.

Eirik Magnus Fuglestad (til v.) og Reidar Almås (til h.) Foto: Privat

Samstundes må bonden bidra til å løysa klimakrisa. Jordbruket står for om lag åtte prosent av dei norske klimagassutsleppa, og, som dei fleste har fått med seg, mykje av desse utsleppa kjem frå drøvtyggarar via metangass som dei produserer i fordøyinga av gras.

Kjernen i samfunnsoppdraget bonden har fått, blir også kjernen i problematikken knytt til klimagassutslepp.

Kan vi ikkje berre dyrka meir frukt og grønt og korn og slikt då, spør du kanskje. Jau, bonden kan dyrka ein del meir av dette, og det bør vedkomande også.

Likevel: det overordna poenget er at dersom jordbruket skal brødfø dei over fem millionar menneska som bur i landet med mest mogeleg bruk av norske ressursar, så kjem vi ikkje unna graset.

Det vil rett og slett ikkje bli nok kaloriar på oss om bøndene skulle dyrka berre frukt og grønt og korn; for jorda er skrinn og været kaldt og vått og mørkt.

Sjølvforsyninga vår ligg på mellom 40 og 50 prosent, varierande frå år til år. Dei tre prosentane vi har av dyrka jord er ikkje nok.

Les også

Vedum kritiserer matberedskapen etter virusutbruddet

Men graset, det gror kringom bakkar og berg, kua et graset og vi et kjøtet og mjølka frå kua. Det er dette som er livsgrunnlaget vårt. Det ikkje utan grunn at det var ei ku – Audhumbla – som i den norrøne mytologien gav liv til dei første menneska.

Korleis kan den norske bonden nytta seg av kua på ein klimasmart måte som også gjer bruk av norske ressursar? Det er ikkje lett: Bøndene er ofte «låste inn» i økonomiske og politiske strukturar som gjer det vanskeleg å velja klimavenlege løysingar og bruk av norske grasressursar. Men vi har eit forslag.

Vi kunne utvikla politiske ordningar som sørgja for at mjølk og kjøt vart produsert med meir bruk av norske grasressursar gjennom såkalla ekstensiv drift.

Det betyr færre dyr som i større grad gjer seg nytte av norske fôrråvarer og beite. Ved færre dyr som bruker meir gras, får vi redusert utslepp fordi det er færre dyr. Samstundes får vi auka bruken av norske ressursar.

Dette er viktig i ei heilskapleg tenking kring miljø, klima og matproduksjon der vedlikehald av biologisk mangfald og lokale ressursar står sentralt. I Noreg er det slik at 30 prosent av raudlista artar lever i kulturlandskapet, og av dei mest artsrike biotopane er å finna i ekstensivt drive kulturlandskap.

Dette er betre ressursbruk enn å basera seg på import av til dømes soya og mais som i dag brukast i nokon grad til kyr og sau, og i stor grad i produksjon av kylling, gris og laks.

Les også

Sjølvsagt skal det vere lov med kjøtreklame

Vi får dimed frigjort areal i andre land som kan brukast til å produsera menneskeføde lokalt, og vi får nytta energien som fotosyntesen lagrar i graset i skråningane her nord til næring for oss menneske.

Bonden kunne få tilskot for kor mykje beite og gras ho brukar til kyrne sine. Då ville bonden verta mindre avhengig av å bruka det delvis importerte kraftfôret for stadig å produsera meir mjølk pr. ku i det økonomiske kapplaupet, som har drive jordbruket mot stadig større og færre gardsbruk som brukar stadig mindre norske grasressursar.

Det er sant at bruk av kraftfôr fører til noko lågare metanutslepp frå fordøyinga. Men mykje kan også gjerast med betre grovfôr (gras) kvalitet, og kyrne kunne framleis fòrast med ei viss mengd kraftfôr frå norsk jord, som rett nok ville vera litt mindre energirikt.

Dette ville redusera produksjonen av mjølk og kjøt noko, men det vil halda opne graslandskap som eit grunnlag for norsk produksjon av mat i heile landet. Sjølvsagt er det her ein fare for at det då vil bli meir import av kjøt og mjølkeprodukt, og til grunn for dette må det ligga ei endring i forbruksmønsteret.

Reduksjon i den norske produksjonen kunne delvis erstattast av noko auka grøntproduksjon på dei areala der dette er mogeleg. Vi kunne vidare kompensera kjøt- og mjølkebonden for lågare produksjon med høgare prisar for maten.

Noreg er eitt av dei landa i Europa der hushaldet brukar minst av inntekta på mat, berre 11 prosent av inntekta. Kanskje er folk villige til å betala meir for kortreist mjølk produsert på grasbeite som potensielt kan binda karbon? Kanskje vil folk også verta nøydde til det, i eit klimaperspektiv?

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg