Mat døgnet rundt

Mange av mattradisjonane frå før i tida lever vidare i dag. Nattmat, til dømes.

FESTMAT: Nattmat var ikkje uvanleg på gardane før i tida, skriv innsendaren. Fenalår åt ein ofte i festleg lag. Svein Erik Furulund (arkiv)

Alexander Kemp Privat

Alexander Kemp
Nordfjording

I dag er mat tilgjengeleg døgnet rundt. Det er lett å bli freista av både middag og snop altfor ofte, seiast det. Før i tida var det naudsynt for arbeidsfolk på gardane å få god, feit og mettande mat servert.

Skulle handmakta duge til arbeid, måtte der vere dugande med mat både seint og tidleg.

05:00 – Åbit

På gardane kringom var det vanleg å trø til svært tidleg om morgonen. Utpå sommaren skulle graset slåast, og i si tid vart dette gjort med handmakt, då dei treiv långorven. Med myndige grep skulle den lange orven trivast, og sterke armar krev kraftig kost. Både bonde og dreng starta gjerne med før-frukosten dei kalla åbit, og skulle helst vere komen ut på markene medan doggen framleis stod i graset.

På vinterstid måtte dei òg starta grytidleg. Kyrne skulle ha mat og måtte mjølkast. Kuriøst nok var mjølkinga oftast arbeid for gardskonene då det vart gjort for hand og blei fort kara-arbeid når der kom maskiner inn i biletet. Det hende nok på vinteren i mørkeret at folk gløtte både til nabogarden og over fjorden for å sjå om det var lys i fjøsane her og der. Dei som låg frampå fekk nok høyre det!

Trygve Indrelid

08:30 – Frukost

Det gjaldt for arbeidsfolk å få i seg ein solid frukost. Eg har høyrt at drengane stundom hadde kontraktar der det stod kor mykje mat dei skulle få, og det gjaldt ofte ost, smør, kjøt og feitmat. Med åbiten langt faren, kunne frukosten fortærast før ni. Sjølv i nyare tid har eg fått høyre at ein seier slett ikkje «god morgon» etter at klokka har slått ni, då er det formiddagen som rår. Og formiddagsmaten som skal på bordet.

12:00 – Middag

For nordmenn med arbeidsvanar frå bygda, er det ofte sjølvsagt med middagsmåltid ved middag. Ordet «middag» tyder både klokka 12:00 og måltid med varmmat. Verre blir det i møte med europeiske vanar der «midday» og «dinner» er to vidt forskjellige omgrep, og folk med slike sørlege bordskikkar kan kanskje våge seg på ein lunsj i tolvtida, medan middagen kan vente både til klokka 18:00 og endå seinare.

Slikt held ikkje når der er gras som skal slåast, hestar som skal selast, tørrhøy som skal inn, ugras som må reinskast og vegger som skal målast. Det som kanskje er likt mellom nord og sør er middagskvilen, siestaen, litt utpå ettermiddagen. Det trengst blund på auget for å fordøye maten og for å kvile lekamen.

15:30 – Nons

I tre-firetida på ettermiddagen er det på tide med mat og sjølvsagt også kaffi igjen, og gjerne kaffimat. Er sommaren med på laget, kan der gjerne dekkast til nons ute. Eg hugsar godt baksten av søte bollar med utesmør (romtemperert) og bringebærsyltetøy. Sjølvsagt heimelaga, både syltetøy og bollar. Og der skal vere orden ved bordet, verken fluger eller fireåringar får lov å pirke på osten!

Etter nons er det opp mot tolv timar sidan dei lengste arbeidsdagane starta, og bonden er gjerne trøytt. Eg vert trøytt berre av å tenkje på alt arbeidet! Difor er det på sin plass å fyre attpå med sukker og koffein: Kaffien er for mange sjølvsagd gjennom dagen og det gjorde seg med sjokoladar, gjerne av den no nedlagde Freia Dessertsjokolade, med kringler, plater og pastillar av lys og mørk sjokolade.

Shutterstock

Ein viktig parallell til nonsmaten er kaffibesøket, også kjend som gjestebod eller stundom kaffislabberas. Etter god vestlandstradisjon skal ein stille med rikeleg med kaffimat av type gjærbakst og gode, heimelaga kaker, noko mange meistrar og gleder gjestane stort med. Kaffien er altså svært viktig: Eg har sjølv vore gjest der bestemora/husfrua får beskjed om at no har ho stelt i stand heile dagen og treng å setje seg ned. Då seier ho: «Eg sit ikkje ned før her er kaffi!».

Bordskikken gjeld sjølvsagt både heime og ute. Medan dei i byane har «møblerte hjem», har gardshusa ofte to stover: Den eine er kvardagsstove og den andre er bestestove.

Sjølv om der er nærast tradisjon for å ha tronge kår på Vestlandet, så er det god skikk å by godt til gode gjester. Og gjestane gjer vel ved å ete godt. Verten byr og folk er kledeleg beskjedne ved opptil fleire serveringar.

«Det er stor skam å ete mykje, men endå større skam å løyve lite». Ein skal ete og ete opp. Då blir verten takksam. Han/ho blir nøgd når gjestane veit å forsyne seg og etterpå let drøset gå, og kjem med uttrykk som «ditta var mektig» og «takk for skiftet».

19:00 – Kvelds

Magen fekk sjølvsagt sin tørn på gardane kringom, og det er gjerne slik framleis. Kveldsen kan gjerne vere graut, men helst brødmat, godt påsmurde skiver med egg, kjøtpålegg og syltetøy. Kanskje ein kopp med te.

Ein av klassikarane er godt, heimelaga brød med smør, salami og majones. Majonesen hugsar eg i pose, med eit hjørne avklipt, og plassert oppi eit ruglete mjølkeglas av typen «eit sånt der glas». Eit glas som Dr. Internett fortel meg heiter Duralex Dricks Provence 9. Svært konkrete barndomsminne altså!

Tone Georgsen (arkiv)

21:00 – Styrkjedrikken

Innimellom gjaldt det også å få seg styrkjedrikk, sjølvsagt. Saupet, som somme i nyare tid kallar «kjernemjølk», styrkjer arbeidsnevane og kjøler halsen i varmen og gjev tilskot av væske og protein.

Til fest høyrer det ofte øl. Når ein tenkjer seg om så har det blitt brygga både her og der, og ein dyktig heimebryggar held gjerne oppskåke for å presentere produktet og hauste godord. (Både i gamle dagar og no til dags er det sjølvsagt opp til gjestane å halde god skikk undervegs, og ikkje la ein fuktig kveld bli skildra som «ein sørgjeleg leik» i dagane derpå.)

00:00 – Nattmat

I anstendige samankomstar som bryllaup og på velorganiserte festar kjem der gjerne nattmat på bordet i ordna former. Det kan vere diverse lapskausar, og fine smårettar som skiver av fenalår og fin, heimelaga potetsalat. Godt! Dei meir uorganiserte festlydane let det gjerne skli ut i dei små timane.

Den norske klassikaren i moderne tid er karen som har vore på fest og berre klart å dra i land ein date med ein Grandis, som han sovnar frå. Vonleg vaknar han til røykvarslaren og ikkje til brannvesenet, før han kan hauste eit rundt stykke krympa, svart karbon i omnen.

Levemannen veit i alle fall å ta føre seg, bonden måtte ta føre seg!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg