Ukrainas riksklovn kan bli president

DEBATT: Den skandaløse valkampen til no har hatt umiskjennelege likskapstrekk med Vladimir Zelenskijs eigen TV-serie.

Publisert:

FAVORITT: Komikeren Volodimir Zelenskij ligg an til å bli Ukrainas neste president. Foto: Mykola Tys / NTB Scanpix

Debattinnlegg

Åsgeir Kjetland Rabben
Universitetslektor ved Institutt for samanliknande politikk, UiB

Ein mann som fullstendig manglar erfaring med politikk, vinn heilt uventa presidentvalet og vert kasta inn i ei heksegryte der korrupte og maktsjuke politikarar og oligarkar overgår kvarandre i bruk av utspekulerte utpressingsmåtar og manipulasjonsteknikkar.

Dette er hovudmotivet i den populære komiserien «Folkets tenar», som har rulla over ukrainske TV-skjermar dei siste tre åra. Rolla som president vert spela av komikaren Vladimir Zelenskij, som sjølv aldri har drive med politikk i det verkelege livet. No leiar Zelenskij klart på meiningsmålingane også i forkant av det reelle presidentvalet, men mange spør seg om sceneerfaringa hans er nok til å gå inn i den høgst verkelege presidentrolla.

Fem år har gått sidan opprøret som velta regimet til president Viktor Janukovitsj, og snart fem år har også gått sidan Petro Porosjenko vart vald som etterfølgjaren hans i presidentsetet. No skal det veljast president på ny, og første runde av presidentvalet går av stabelen søndag 31. mars. Det meste tyder på at ingen greier å få meir enn 50 prosent av stemmene i første runde; det vil i så fall seia at det blir ein ny runde mellom dei to mest populære kandidatane 21. april.

Den som i augneblinken ligg best an til å sikra seg ein plass i andre valrunde er altså showmannen Zelenskij, medan sitjande president Porosjenko og ringreven Julija Tymosjenko også kjempar om å bli blant dei to som får flest stemmer i første valomgang.

Åsgeir Kjetland Rabben

Les også

Kronikk: – Putin er en autoritær statsleder, men han er en rasjonell aktør

Den siste femårsperioden har vore prega av den stadig pågåande krigen i Aust-Ukraina, som til no har kravd over 10.000 menneskeliv. Staten blir tvinga til å bruka store pengar på forsvaret – i ein situasjon der ei gjennomsnittleg månadsløn svarar til 3000 kroner, og der store delar av befolkninga lever i fattigdom. Korrupsjonen i landet er enorm, og Porosjenko er blitt kritisert for å gjera for lite for å bli kvitt denne. Noko Porosjenko har å visa til i presidentperioden sin, er at han endeleg har fått på plass ein avtale om visumfri innreise for ukrainarar til EU-området. I tillegg vil han bli hugsa for anerkjenninga av den ukrainsk-ortodokse kyrkja som ei sjølvstendig ortodoks kyrkje. Av dei tre hovudkandidatane er Porosjenko den mest entusiastiske tilhengjaren av ukrainsk medlemskap i EU og Nato, og han stiller no til attval under slagordet «Hær, språk og tru!».

Valkampen er skitten og bitter og har vore prega av ei rekkje skandalar. Ein av dei største til no er korrupsjonsskuldingane som har ramma delar av den næraste krinsen rundt president Porosjenko. Dette starta i slutten av februar med at ei gruppe gravejournalistar offentleggjorde ein video som syner at leiande personar i forsvarssektoren har importert store mengder utstyr frå fienden Russland, og at dei i samband med dette har stukke store summar i eigne lommer.

Det er no innleia etterforsking, og Porosjenko har fjerna sin gamle partnar Oleh Hladkovskiy frå posisjonane han har hatt. Det har likevel vore demonstrasjonar mot Porosjenko i samband med skandalen, og ved nokre høve har det vore samanstøytar mellom nasjonalistgrupper og politiet.

Julija Tymosjenko leia lenge på meiningsmålingane, men har i det siste lege godt bak Zelenskij, og omtrent heilt likt med Porosjenko. Tymosjenko har kome med lovnader om å sørgja for at levestandarden til vanlege ukrainarar blir høgare, mellom anna ved å gjennomføra ei kraftig heving av pensjonsutbetalingar og senka prisen på gass. Dette er tiltak som vil vera dyre for staten, og kritikarar meiner at planane ikkje lèt seg gjennomføra. Journalistar har nyleg avdekt ei rekkje suspekte pengeoverføringar til Tymosjenkos parti, men sjølv slår ho tilbake med knallhard kritikk av Porosjenko i samband med den pågåande korrupsjonsskandalen i forsvarssektoren.

Les også

Kronikk: – Russisk propaganda svekker Europa

Inn i kampen mellom desse to røynde politikarane byrja plutseleg komikaren Vladimir Zelenskij å blanda seg inn. Meiningsmålingane frå mars månad viser at han stort sett har ei oppslutning på mellom 23 og 34 prosent, og han ligg godt framfor motstandarane i første valomgang.

Det fremste våpenet hans i valkampen har vore nettopp å distansera seg frå den eksisterande politiske eliten, som svært mange ukrainarar (ofte med rette) ser på som korrupt og som dei meiner først og fremst er ute etter å mjøla si eiga kake. Og medan Porosjenko flaggar støtte til ukrainsk språk og kyrkje, har Zelenskij, som sjølv er russisktalande og har jødiske røter, vektlagt at ein er like ukrainsk uansett kva språk ein snakkar eller kva religion ein har. Den største veljarbasen ser Zelenskij ut til å ha i sentrale og søraustlege delar av landet, der dei fleste snakkar russisk til dagleg.

Om folk som seier at dei har tenkt å stemma på Zelenskij, verkeleg kjem til å gjera dette på valdagen, står sjølvsagt att å sjå. Men skulle Zelenskij vinna heile valet og enda opp som president i Ukraina, er det særs mykje som er uklart – både når det gjeld kven han vil peika ut til ulike posisjonar og korleis han vil stilla seg til politiske spørsmål. Ei kjelde vekeavisa Novoje Vremja har snakka med, hevdar at europeiske diplomatar som har vore i møte med Zelenskij, er sjokkerte over kor lite han veit om utanrikspolitiske spørsmål. Andre set spørjeteikn ved om han har nok kunnskap om dei politiske institusjonane i Ukraina til at han kan makta å reformera systemet slik han lovar.

Det har fått mykje merksemd i valkampen at Zelenskij har ei tilknyting til oligarken Igor Kolomojskij, som eig TV-kanalen der «Folkets tenar» og andre av Zelenskijs TV-program blir sende. Somme fryktar difor at den politiske novisen Zelenskij skal komma under sterk påverknad frå Kolomojskij.

12. mars utspelte det seg ei scene i det ukrainske parlamentet som kunne ha glidd fint inn i Zelenskijs TV-serie. Ein av Porosjenkos partifellar stilte seg då på talarstolen og spelte av eit lydopptak av det som skal vera Julija Tymosjenko i telefonsamtale med oligarken Kolomojskij, der ho gratulerer han med dagen og refererer til hjelpa han gir henne. Om opptaket er ekte eller ikkje, og kva betydning det i så fall har, er uklart. Sjølv seier Kolomojskij at han ikkje gir finansiell støtte til nokon av kandidatane i presidentvalet.

Det kan vera grunn til å håpa at sjølve valprosessen går føre seg på ein høveleg demokratisk måte. Valkampen til no har likevel hatt umiskjennelege likskapstrekk med Zelenskijs TV-serie. Kor sterk denne likskapen blir etter valet, står att å sjå.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg