Kvifor vil ikkje fleire flytte til bygda vår?

I Fresvik står døra open for alle.

SMÅ FORHOLD: Fresvik Produkt er hjørnesteinsbedrifta i den vesle bygda Fresvik, sør for Sognefjorden. Innbyggartal: 204. Jakob B. Møller

Debattinnlegg

Gyda Bøtun
Adm. direktør i Fresvik Produkt

Frå tid til anna kjem det fram at mange potensielle arbeidstakarar, ofte velutdanna, slit med å få seg jobb. Kanskje blir dei ikkje eingong kalla inn til intervju, trass i at dei søkjer på jobbar dei er både kvalifiserte og overkvalifiserte til.

Her i Fresvik i Sogn ser vi ei anna side av arbeidslivet, som det og kan vere nødvendig å fokusere på. Her er det mange ledige jobbar, men få folk til å fylle desse stillingane.

For ein del år tilbake var det kanskje vanskeleg å få ein god jobb ute i distrikta, og det var ofte mangel på arbeidsplassar. Slik er det ikkje lengre. Arbeidsløysa er låg i heile landet, og då blir det sjeldan kamp om ledige stillingar – i alle fall i Distrikts-Noreg.

Sentraliseringa breier meir og meir om seg, og folk søkjer til byar og tettstader. Distriktskommunane tapar kampen om arbeidstakarane, og minkande folketal blir resultatet.

Er dette ei utvikling vi berre må godta, og ikkje kan gjere noko med?

Vår bedrift ligg i ein utkant av ein utkantkommune, men har ei 40-årig suksesshistorie bak seg. Ja, eg torer å kalle det suksess når ei industribedrift i ein utkant overlever år etter år, sjølv om det har vore både opp- og nedturar. Og bedrifta forventar vi skal fortsetje suksessen i mange år framover.

Likevel slit vi med å skaffe kvalifisert arbeidskraft, og det trass i at vi har ei flott bedrift med rundt 40 arbeidsplassar, eit godt arbeidsmiljø og ordna tilhøve på alle måtar. Vi hjelper til med bustad og at nytilsette skal finne seg til rette også i fritida.

Les også

I helgen femdobles innbyggertallet i Fresvik

Vi høyrer ofte om folk som vil søkje seg attende til naturen og vekk frå den travle urbane kvardagen. Vi ser rundt oss at naturen blir meir og meir viktig for mange. Vår vesle bygd kan by på unike naturopplevingar, som ein av inngangsportane til Nærøyfjorden verdsarvområde.

Vi har fjord, bre og høge fjelltoppar, som kan utfordre mang ein friluftseventyrar, både sommar og vinter. Men det er også tilrettelagt med mange merka turløyper i mindre krevjande terreng. For folk som set pris på naturopplevingar i kvardagen, så er bygda vår eit eldorado i så måte.

TRENG FOLK: Adm. dir. Gyda Bøtun skriv om vanskane med å trekkje til seg arbeidskraft til bedrifter i Utkant-Noreg. Ho vel likevel å forbli optimistisk. Trygve Indrelid

Så er spørsmålet, kvifor står ikkje folk i kø når vi lyser ut ei ledig stilling i ei slik lita bygd, og med slike mogelegheiter? Er det noko i samfunnsutviklinga som seier at framtida berre ligg på litt større stader?

Eller er årsaka at dei små bygdene er for lite kjende – og det følast ikkje trygt å søkje jobb på ein heilt ukjend stad? Minkande folketal i distriktskommunane og knapp kommuneøkonomi gjev ofte reduserte tilbod i utkantane.

Dette gir sjeldan signal om at ein ønskjer å satse på utkantane, og resultatet er ein ytterlegare forsterka folketalsreduksjon. Er dette ei utvikling vi ønskjer? Og er utviklinga bevisst frå politikarane?

Tilbake til vår vesle bygd og hjørnesteinsbedrift, som og er ein viktig industriarbeidsplass i heile kommunen. Bedrifta er også viktig nasjonalt, då vi er norskeigde og lagar produkt som vi er åleine om her i landet, i sterk konkurranse med import.

Det er ikkje berre vår bedrift som slit med å tiltrekke seg kvalifisert arbeidskraft. Eg håpar med dette innlegget å vise at det finst svært mange bedrifter i Utkant-Noreg som yter stor innsats i det totale samfunnsrekneskapen. Bedrifter som ser ein hard kvardag framfor seg, viss utviklinga fortset i same leia som no.

Eg har likevel framtidstru på at distrikts-Noreg vil overleve, og at samfunnet vil oppmuntre til å halde også Utkant-Noreg i live framover. Eg vonar fleire vil sjå verdien av å leve og bu også i mindre samfunn. Og vil nokon prøve, så held vi fabrikkdøra open! Velkomen!