Kredittkortselskap heiv pengar etter meg
Då eg vart nykter, hadde eg 300.000 kroner i inkassokrav.
- Raymond Lie45 år, Sotra


Eg var 17 år første gongen eg røykte hasj. Det var ei herleg og frigjerande kjensle. Fram til eg var 40, handla alt om rus. Konsekvensane var fatale.
Dei første åra gjekk det bra. Eg vaks opp på Sotra og utdanna meg til styrmann. Eg gjorde det godt som fiskar, jobba på ein ringnotsnurpar og tente gode pengar.
Når eg var ute på fiske, var eg rusfri. Når eg hadde fri, rusa eg meg. Alt som 21-åring kjøpte eg meg hus. At det låg på Askøy, var ikkje tilfeldig. Der kunne eg rusa meg i fred og ro utan at familien på Sotra eller kollegaer blanda seg opp i det.
Huset utvikla seg til ei narkobule. Alt der inne dreidde seg om å skaffa, bruka og selja stoff. Piller, amfetamin og hasj hjelpte meg å døyva kjensler, skyld og skam.
Familien min var fortvilte og visste ikkje si arme råd. Dei gjorde alt dei kunne for å hjelpa meg, men eg gjekk rett i fornekting. Eg hadde ingen problem.
Eg rusa meg frå gard og grunn, hus og heim. Dei 300.000 kronene eg fekk då eg måtte selja huset, brukte eg opp på eit par månader.
26 år gammal flytta eg inn på guterommet hjå mor. Der låg eg i tre år. Eg stod berre opp når eg måtte skaffa meir stoff, eller gå på toalettet.
Sjølv om eg verken hadde arbeid eller inntekt, kasta kredittkortselskap pengar etter meg, og sjukdom og avhengigheit dreiv meg til å bruka alle ressursar. Eg tok opp forbrukslån på masse småsummar og brukte alt på stoff, med unntak av ein ny Caddy. Varebilen brukte eg stort sett til å kjøpa og selja stoff, slik at eg kunne å finansiera mitt eige misbruk. Eg betalte berre avdraga første året.
Eg gjekk aldri i postkassa, opna aldri rekningar. Til slutt skulda eg masse pengar, men let alt fara. Det einaste som betydde noko, var neste rus.
Alenemor: – Jeg pantet flasker for å få råd til min sønns bursdag
Ein dag eg skulle reisa meg og gå dei ti metrane til toalettet, klarte eg ikkje å stå. Eg hadde lege i tre år og hadde ikkje muskelmasse att i beina. Det var eit menneskeleg botnpunkt.
Då mor mi ikkje klarte meir, flytta eg inn hjå bror min og budde gratis der. Eg var ei byrde, sleit ut alle rundt meg. Rusmisbruk er ein familiesjukdom.
I 2014 kom eg til eit vendepunkt. For første gong bad eg om hjelp og meinte det oppriktig. For første gong innrømde eg overfor meg sjølv at eg hadde eit problem, og at problemet var meg sjølv og ingen andre.
Derfor lanserer BT «Historier om fattigdom»
No har eg vore rusfri i fem år og tre månader, men å ta vekk rusen betyr ikkje at alt blir OK. Eg hadde 300.000 kroner i gjeld då eg vart nykter. Etter at bilen vart seld på tvangsauksjon, skulda eg framleis 155.000 kroner i forbrukslån.
Eg er 50 prosent ufør og jobbar i halv stilling som erfaringskonsulent på Betanien DPS. Eg brukar alle åra eg var på viddene og prøvde å koma meg til hektene igjen, som ein ressurs til å hjelpa andre.
Elles handlar livet mykje om å handtera daglegdagse utgifter og få endane til å møtast. Om å betala rekninga for livet eg levde i 14 år.
Alt eg tener, går til husleige, straum – og gjeld. Eg vil gjera opp for meg og betalar det eg kan. Kreditor er nøgd. Eg har 233 kroner att kvar dag til mat og klede, og ber til høgare makter om at det ikkje dukkar opp uføresette utgifter. At vaskemaskina ikkje går sund, at buksa ikkje raknar.
Eg kjenner meg fattig og ser ingen ende på det, men har lært meg å leva med lite pengar og nyttar meg av alle tilbod.
Hver uke leverer Ellen gratis mat til fattige i Bergen. Etterspørselen er enorm.
Eg er heilt avhengig av gratis mat. Kvar fredag får eg levert mat på døra av Trappen motivering Øyane, ein frivillig organisasjon som driv ettervern. Eg har også tilgang til matlageret til Crux Kalfarhuset oppfølgingssenter, og er veldig takknemleg for all hjelp eg får.
Av og til har eg ein tung dag. Då isolerer eg meg og synest synd på meg sjølv. Det tyngjer meg ned å veta at eg kjem til å leva på fattigdomsgrensa resten av livet, men eg prøver å ikkje sulla meg inn i sjølvmedlidenheit. For ikkje alt er svart.
At eg er blitt rusfri, har skapt ringar i vatnet for andre. Ti familiemedlemmar har fått det betre, og i dag er Raymond ein onkel som nevøar og nieser har lyst å vera med.
Eg syng i koret Bækkalokket og har fått eit rusfritt nettverk. Ein gong i veka går eg i ei sjølvhjelpsgruppe, der eg kan snakka om korleis eg har det.
Kva eg drøymer om? Ei dame kunne vore fint, og at eg ein dag har ein plass å bu som berre er min eigen.
—
BT inviterer til åpent møte om fattigdom onsdag kveld
Hvordan oppleves det å være fattig i rike Norge? Møt Monika Schelander, som vet hva det vil si å være fattig, fattigdomsforsker Tormod Bøe og mangeårig gateprest Thor Brekkeflat.
Tid: Onsdag 11. des. kl. 19-20.30 . Sted: Media City Bergen, Lars Hilles gate 30.
Arrangementet er åpent og gratis for alle, men krever påmelding. Billetter fås på nettadressen bit.ly/fattig2019. Se også arrangementets Facebook-side.