Historielaust at vi er dei ypparste smaksdommarane

Av og til ser vi ikkje det vakre i noko, før det har gått litt tid.

Publisert: Publisert:

REGJERINGSKVARTALET: Når riksantikvaren seier «at rivning av Y-blokka vil medføre det største kulturminnetapet i Norge etter 1945», er det på tide å lytte, skriv Renate Rivedal. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Debattinnlegg

Renate Rivedal
Kunstformidlar

Sommarhuset til familien på ei øy i Askvoll kommune er eit evig oppussingsobjekt. Ingen veit heilt kor gamalt det er. Når fleire generasjonar skal finne ut kva som skal takast vare på og kva som er fint, er det ikkje
alltid enkelt å verte einige.

Syster mi tok ein sommar med seg heim ei slipemaskin for å få fram dei (synest vi) nydelege, gamle tregolva. Tantene og mor mi såg derimot midden, som hadde ete seg inn i golvet og laga gongar i treverket.

Slipemaskina vart raskt returnert.

Ein annan sommar fann eg eit nydeleg skatoll ute i regnet som tanta mi skulle kaste. Der ho såg eit umoderne og utslite 1960-talsskatoll, såg eg eit nydeleg teakmøbel, og ikkje minst eit minne om henne og onkel.

Vi vart begge glade over at skatollet fekk ein ny heim i Bergen.

VARIG VERDI: Vi treng av og til nokre tiår, ofte endå meir, for å forstå at det vi har, er av verdi, skriv kunsthistorikar Renate Rivedal. Foto: Kristin Hege Klemsdal / Bergen Kommune.

Smaken kan, som vi veit, vere ulik mellom generasjonane. Av og til ser vi ikkje det vakre i noko, før det har gått litt tid.

Det er vel ikkje tvil om at Bryggen er noko av det bergenserane er mest stolte av. Men pipa hadde ein annan lyd på 1960-talet, med innlegg til debatten som: «En samling gamle rønner», «Et rottereir for både to og firbeinte» og «Det er like greit å rive hele stasen».

Men Bryggen vart heldigvis bevart, og fekk plass på Verdsarvlista i 1979. I dag er Bryggen ein naturleg stoppestad for alle turistar som er innom Bergen.

Les også

Y-blokken bør bli stående

Like godt gjekk det ikkje med Edvard Munch sin villa på Ekely. Sommaren 1960 starta Oslo kommune rivinga av den verdsberømte kunstnaren sin heim. I løpet av dei 16 åra som hadde gått sidan kommunen arva bustaden, atelieret og kunsten til Munch, hadde dei late heimen hans forfalle.

Journalist Ulf Andenæs i Aftenposten fortel korleis ungane i nabolaget, han sjølv inkludert, opplevde villaen som eit spøkelseshus. Men til og med ungane tykte det var rart at kommunen ikkje ville vedlikehalde huset til den verdskjende kunstnaren.

Huset var bygd i sveitsarstil, noko 1960-talets smaksdommarar syntest var forferdeleg usmakeleg og umoderne. Der bustaden ein gong stod, vart det laga ein parkeringsplass.

Atelieret fekk stå, men bustaden til Noregs største kunstnar gjennom tidene, er borte for alltid. Som riksantikvar Hanna Geiran seier: «Vi angrer aldri på bygninger vi lot stå og satt i stand, men vi angrer veldig ofte på bygninger vi rev».

No er Oslo kommune på ny i gang med rivingskula si. Dei har gitt klarsignal for å rive Y-blokka i regjeringskvartalet, og det kan skje kvar augneblink. Riksantikvaren strittar i mot, men for døve øyre.

Y-blokka sitt kanskje mest kjende verk er Pablo Picassos «Fiskerne», som er ein integrert del av fasaden. Som kunstnar Anders Nordmo Kvamme seier til P2:

«Det er et stedsspesifikt verk som ikke lar seg skille fra dette bygget. Hvis det plutselig skal puttes i et maktsentrum laget av stål og glass, som signaliserer mer kommersialisme etter min mening, så synes jeg det er å le Picasso opp i ansiktet.»

Den verdsberømte Picasso, som teikna fuglen vi i dag forbind som fredsdua, Picasso med det store måleriet «Guernica», i gråtonar som uttrykte det absurde, grufulle og jævlige med krig og terror.

Det er klart kunstnaren Picasso passar ypparleg i regjeringskvartalet som eit symbol mot terror, hat, vald og krig. Men verket må stå i ein heilskap saman med Y- blokka og høgblokka. Y-blokka og høgblokka med sin naturbetong, som viser det nye Noreg etter krigen, som saman er eit modernistisk hovudverk i Noreg, og som ikkje minst fortel ei historie om terror i vår eiga samtid.

Når riksantikvaren seier «at rivning av Y-blokka vil medføre det største kulturminnetapet i Norge etter 1945», er det på tide å lytte!

Det er flott med nye kulturbygg, signalbygg og byggverk frå vår eiga samtid. Samstundes er det mest økonomisk og klima- og miljøvenleg å bruke bygningane våre om att, og faktisk ta med oss historia vår inn i framtida.

Vi treng av og til nokre tiår, ofte endå meir, for å forstå at det vi har, er av verdi. Det er historielaust å tenke at vi i vår eiga tid er dei ypparste smaksdommarane, og at vår tanke om kva som er vakkert eller verdilaust, vil vere den same som hjå dei som lever om 100 år.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg