Hilde Opoku

Førestillinga om «grøn vekst» er gammal. Men etter kvart som erkjenninga av miljøproblema veks blant dei etablerte partia, ser det ut til å bli stadig viktigare for dei å finna haldepunkt for at problema kan løysast utan å rokka ved vekstøkonomien. Eit trist døme fekk vi då Den globale kommisjonen om økonomi og klima nyleg lanserte rapporten «The new climate economy».Ein kunne venta at våre fremste leiarar løfta fram den positive bodskapen om at det enno er tid, at togradarsmålet er oppnåeleg, og at det er viktig at enkeltland går i forvegen i staden for å venta på ein global avtale. Men då stats— og miljøvernministeren kommenterte rapporten var dette det viktigaste: Løysing av klimakrisa er i samsvar med, ja «ein pådrivar», for sterk og varig økonomisk vekst!

Reint teoretisk moglegheit

Kanskje kan vi løysa klimakrisa og likevel halda fram å bli rikare. Så langt tyder erfaringane dessverre på at dette er ei reint teoretisk moglegheit. Dei overser òg at klima berre er éin del av problemet, for sjølv om vi blir kvitt alle menneskelege klimabidrag er vi framleis berre eit steg på vegen til ei leveleg framtid.

Sjølv om vi blir kvitt alle menneskelege klimabidrag er vi framleis berre eit steg på vegen

Alle energiformer har miljøkonsekvensar. Dette må vi langt på veg tola så lenge den reine energien erstattar fossil energi, men heller ikkje vind- og solenergi kan veksa uendeleg.

Alt krev sitt av både areal og byggjemateriale, og det gjer òg energibruken: Ei kopargruve forureinar like mykje, ein bil krev like brei veg, og eit hyttefelt fortrengjer like mykje natur sjølv om energien dei bruker stammar frå eit solcelleanlegg.

Held ikkje i lengda

Talet på ville dyr er halvert sidan 1970, ifølgje World Wide Fund for Nature. Talet kan sikkert drøftast, men det er heva over tvil at det går gale vegen med det biologiske mangfaldet på jorda. Det blir mindre plass til medskapningane våre, når vi blir både fleire og rikare. Ola Elvestuen frå Venstre var bekymra, men partiet hans er blant dei som snakkar varmast om «grøn vekst», at økonomien kan frikoplast frå miljøkonsekvensar.

MDG jobbar sjølvsagt for økonomisk vekst i fattige land, og innan grønt næringsliv i rike land. Og vi er optimistar på vegner av det enorme potensialet som ligg i tekniske nyvinningar. Men det held ikkje i lengda. Den totale plassen arten vår tek opp på jorda, kan ikkje halda fram å veksa stort meir. Å tru at dette løysast med teknologi aleine er ikkje seriøst.