Risiko for arbeidstakar

NHH-professoren trenger ei innføring i arbeidsmiljølova.

Publisert Publisert

ENDRINGAR: Arbeids- og sosialminster Robert Eriksson (Frp) vil gjere endringar i arbeidsmiljølova. - Risikoen kan flyttast over på arbeidstakar, meiner innsendaren.

Debattinnlegg

  • Torstein Nesheim
    Seniorforskar ved Samfunns- og næringslivsforskning AS
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

Torstein Nesheim

Ein professor i marknadsføring ved NHH deler i BT 25. juni nokre tankar rundt regjeringa sitt forslag til ny arbeidsmiljølov. Ein offentleg debatt om dette emnet bør vera kunnskapsbasert. Ei innføring er derfor på sin plass:Forslaget legg vekt på to hovudemne: arbeidstid og alternativ til faste stillingar i topartsforhold.

Når det gjeld arbeidstid vil regjeringa «myke opp» dagens bestemmelsar om overtid, gjennom endringar i reglane om søndagsarbeid og utrekning av gjennomsnittleg arbeidstid. Her er det openbart at det blir lagt opp til større handlingsrom og fleksibilitet for arbeidsgjevar.

Faste stillingar er norma

Når det gjeld tilknytingsformer for arbeid har det i Norge vore politisk einighet om at faste stillingar i topartsforhold er hovudregelen og norma i arbeidslivet. Gjennom arbeidsmiljøloven ønskjer ein å fremja faste tilsetjingsforhold. Dette skjer gjennom to verkemiddel: bestemmelsar om oppseiing av faste tilsetjingsforhold, og avgrensingar på bruken av atypiske tilknytingsformer for arbeid.

Tre atypiske tilknytingsformer for arbeid er her aktuelle: direkte tidsavgrensa tilsetjing, innleie av arbeidskraft frå ei anna bedrift (eksempel: bemanningsbedrift) og bruk av oppdragstakarar eller kontraktørar med eige selskap («AS meg sjølv»). Det er verdt å merka seg at innleie frå bemanningsbedrifter er definert som atypisk arbeid. Dette gjeld også når ein er fast tilsett i og mottar vanleg løn frå bedrifta.

Tillet noko innleie

Bruk av direkte tidsavgrensa tilsetjingar er i § 14–9 avgrensa til å gjelda visse situasjonar; der dei viktigaste er «a) når arbeidets karakter tilsier det og arbeidet atskiller seg fra det som ordinært utføres i virksomheten, b) for arbeid i staden for en annen eller andre (vikariat), c) for praksisarbeid.». Regjeringa foreslår å gjera det lettare å bruka denne tilknytingsforma, og opnar for ein generell tilgang til bruk av tidsavgrensa tilsetjingar. Dette er ei viktig symbolsk endring og bidreg til normalisering av denne tilknytingsforma.

Les også

Minstelønn blir en sovepute

Les også

Endringene øker fleksibiliteten

Bruk av innleie frå bemanningsbedrifter har i dag dei same avgrensingane som bruk av direkte tidsavgrensa tilsetjingar. Bakgrunnen er at dette er verkemiddel som kan vera alternativ til faste tilsetjingar, og ein ønskjer å ha dei same restriksjonane for begge. Her blir det ikkje opna for endringar: «Det foreslås derfor at gjeldende regler om adgangen til innleie fra bemanningsforetak videreføres uendret». Dette medfører også at iverksetjinga av vikarbyrådirektivet i EU ikkje medfører større opning for innleie av arbeidskraft.

Bruk av innleie frå bedrifter som ikkje har som formål å driva utleige (eksempel: skipsverft) er tillaten, når arbeidstakaren er fast tilsett. Her er det ikkje føreslått endringar.

«AS meg sjølv»

Det er også avgrensingar på bruk av oppdragstakarar. Viss oppdraget er prega av økonomisk avhengnad og kunden har instruksjonsrett er dette i norsk samanheng reelt sett eit arbeidsforhold. Denne relasjonen må dermed handterast i eit tilsetjingsforhold, ikkje gjennom ein kontrakt mellom verksemda og «AS meg sjølv». Denne tilknytingsforma er regulert utanfor arbeidsmiljølova, og blir ikkje påverka av regjeringa sitt forslag.

Endringsforslaga vil altså gjera det lettare for ei verksemd å bruka direkte tidsavgrensa tilsetjingar, men medfører ikkje liberalisering av bruk av innleid arbeidskraft. Ein kan forstå vurderingane ved tilsetjingar ut frå avvegingar om risiko. Eit hovudargument for regjeringa er at ein vil gjera det lettare å tilsetja personar som har vanskar med å koma inn på arbeidsmarknaden. Ei liberalisering kan bidra til å redusera risikoen knyta til arbeidstakaren, og senka terskelen for tilsetjing av utsette grupper.

Les også

Todelt arbeidsliv

Her kan det vera felles interesser mellom partane. På den andre sida: Vurderingar om tilsetjingar er også knyta til uviss etterspørsel etter det ein produserer og tilgang på råvarer og andre innsatsfaktorar. Her er det ikkje trekk ved arbeidstakar, men eigenskapar ved faktor— og sluttmarknaden, som er kjeldene for risiko. Her opnar liberaliseringa for at arbeidsgjevar sine kostnader ved tilsetjing blir reduserte, ved at ein kan bruka tidsavgrensa tilsetjingar, heller enn å tilsetja folk fast. Viss endringane fører til at ein nyttar denne tilknytingsforma heller enn faste tilsetjingar, blir risikoen dermed flytta over på arbeidstakarar.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Paret fra Fana var lei av det travle livet. – I løpet av tre minutter bestemte vi oss.

– Det var jo helt skrullete det vi gjorde. Men vi var ikke aldeles bortreist heller.

Sakene flest leser nå

  1. Smitte ved 19 skoler i Bergen: – Vi ser alvorlig på situasjonen

  2. Motorsyklist hentet av luftambulanse etter ulykke

  3. 29 nye smittetilfeller i Bergen

  4. Christopher skulle overta suksessen, men valgte det vekk. – Det angrer jeg stort på i dag.

  5. Knuste egen rekord – så løp han videre ut av stadion

  6. Medier: Pakke med gift sendt til Trump

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg