Heile hausten kvidde eg meg til å velje gravstein

Å be barna mine vere med og ta ut gravstein til far sin, er noko av det tyngste eg har gjort.

Ranveig Lovise Bungum var ikkje førebudd på alt som måtte ordnast då mannen hennar gjekk bort.
  • Ranveig Lovise Bungum
    Bergen
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over ett år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Då eg var barn, budde eg på ein plass der det og stod ei kyrkje.

Til kyrkja høyrde det to gravplassar. Då eg på mørke haustkveldar skulle heim frå ei veninne, så sprang eg så fort eg kunne. Det blinka nemleg frå den eine kyrkjegarden. Det var ikkje til å forstå. Det gjorde meg redd.

Den som er død, blir gravlagt aust – vest. Hovudet ligg i vest, beina i aust. Gravstøtta blir sett opp der hovudet er, i vest.

Eg tenkte ikkje på det den gongen då eg sprang heim, at det var retninga på gravstøtta og lysa frå husa som gjorde at eg vart så redd. Det lyste frå vindauga på husa. Dette lyset spegla seg i den blanke overflata på gravsteinane. Det var dette som blinka. Då far min forklarte det for meg, så var eg ikkje redd meir.

Kyrkjegardane er fulle av gravsteinar. Det er slik det må vere. Det er noko føreseieleg og trygt over ein gravplass. Ei grav med ein gravstein er eit monument, ein bauta over dei som ein gong levde. På dette monumentet står kor tid dei vart fødde, kor tid dei døde og gjerne ei setning om at dei er sakna og aldri gløymde.

Eg var ikkje førebudd på at eg skulle bestemme, plukke ut, avgjere korleis monumentet skulle vere for han som så valdsamt gjekk ut av livet på eiga hand. Heile hausten har eg gått og kvidd meg til dette. Til slutt forstår eg at eg må få det gjort.

Eg kan ikkje gjere det åleine. Jentene mine, døtrene våre – det er dei som skal sjå til denne grava lengst, difor må dei begge vere med. Vi blir samde om dag og klokkeslett for å gå å sjå på gravstein.

Så kjem vi der, jentene mine og eg. Ei dame møter oss. Dama hos dei som sel gravsteinar, er lik dama frå gravferdsbyrået. Desse menneska som har som jobb å møte menneske i sorg, som ikkje vik i blikket dei møter oss med, som i sin profesjonalitet skapar ei ramme av tryggleik.

Jentene skal bestemme. Eg har bede dei ta ut den steinen dei synest er finast. Dei blir samde om ein som er lysegrå med ei fastmontert lykt. Oppå gravsteinen vil dei at det skal sitje tre små sporvar. Det er liksom oss tre som er att, seier den yngste.

Eg går der i gravsteinsbutikken og tenker at dette er absurd. Ein kan bli sjuk og døy. Ei ulykke kan inntreffe slik at ein mister livet. Det kjennest så tungt, så absurd at barna mine må gå der og plukke ut gravstein til far sin, han som meinte at sjølv for dei, for ungane sine, var det best at han døydde.

Turen til gravsteinsbutikken var ei absurd oppleving, skriv innsendaren.
Les også

Nært, rystende og vakkert om å miste et barn

Vi er ferdige og går ut. Det kjennest ut som om eg har gjennomført eit svært tungt motbakkeløp. Eg har kvidd meg sånn til dette, til å ta ut gravsteinen.

Seks til sju veker skal det ta, seier dama, før gravsteinen er på plass. Ho seier eg vil få ein SMS når steinen er montert. Etter fem veker kjem meldinga på telefonen min. «Vi vil med dette informere om at gravsteinen nå er montert.»

Eg sit på ei samling på jobb. Eg er akkurat ferdig med å snakke til forsamlinga der. Det er ein travel dag, for eg skal på ei avslutning rett etter jobb og så vidare på ein konsert inne i byen. Det kjennest som om eg mister fotfeste. Gravsteinen er montert, stod det. Eg vil dra ut med ein gong, men rekk det ikkje.

På vegen heim frå konserten i byen stoppar eg på ein kveldsopen daglegvarebutikk. Eg kjøper to små vinterroser. Eg køyrer ut til gravplassen. Det er andre veka i desember. Det er mørkt og det er kaldt. Eg har pynta meg i dag fordi eg skal både på avslutning og på konsert. Den tynne strømpebuksa varmar ikkje noko særleg.

Grava vart pynta med vinterroser.

Eg ser allereie frå bilen at det står ein gravstein der det før stod eit kross. Eg må plante noko der no i kveld, no i natt, slik at det ser verdig ut. Ei verdig grav til han som kjente at livet var meir enn han kunne bere. «Du er med oss, du er nær oss i våre tankar, våre hjerter og våre liv», står det på gravsteinen. Og så ville jentene ha med «Savner deg, Pappa».

Les også

Ranveig Lovise Bungum: Eit levd liv og alle tinga som ligg att

Det er noko føreseieleg og trygt over ein gravplass.

Eg står der i den mørke natta og ser at monumentet hans er kome på plass. Eg frys slik i den tynne kjolen. Det er kjensla av total einsemd som riv i meg. Vinden, regnet, den mørke desembernatta og einsemda.

Eg ville fortelje deg om dette, om gravsteinen.

Å be barna mine vere med og ta ut gravstein til far sin, er noko av det tyngste eg har gjort. Eg steller grava no. Eg vil ho skal sjå fin ut, verdig ut. Det er det som er att, monumentet over han som syntest livet vart for mykje.

Ranveig Lovise Bungum har òg skrive ei tekst som høyrer til denne, kalla «Eit levd liv og alle tinga som ligg att».

Innlegget vart først publisert på Psykologisk.no.

Publisert: