Nyheitsterror

Nyheitsformidlinga spreier frykt med eine handa og trøyster med den andre.

Publisert: Publisert:

TERROR MINUTT FOR MINUTT: Kjeldekritikk og faktasjekking blir nesten fråverande dei første minutta. Alt handlar om å vere først og best. Kjelder som lokale radiostasjonar og spekulasjonar om gisselaksjonar og anna terror i nærleiken blir ukritisk pøst ut. Foto: Paul S. Amundsen

Debattinnlegg

Arild R. Sætre
Skribent

Terroralarmen går. Denne gongen Barcelona. Frå å vere ein vanleg harmonisk arbeidsplass blir nyheitsredaksjonen i løpet av nokre sekund forvandla til ein kamparena.

Tragedien som har skjedd blir startskotet for ein kamp om å vere først til å melde det som har skjedd, skaffe dei sterkaste bileta, dei mest dramatiske augnevitneskildringane og dei beste spekulasjonane.

Kjeldekritikk og faktasjekking blir nesten fråverande dei første minutta. Alt handlar om å vere først og best. Kjelder som lokale radiostasjonar og spekulasjonar om gisselaksjonar og anna terror i nærleiken blir ukritisk pøst ut.

Les også

Morten Myksvoll om terror: Dei nyttige idiotane

Biletmaterialet er så lite at dei same bileta går om og om igjen heile tida. Menneske som flyktar i frykt, politibilar og ambulansar i stor fart, blod på fortauet og menneske som ligg i gata. Frykta blir synleggjort i all si gru – ikkje som informasjon, men som repetisjon.

Det viktige er å fylle sendeflater og nettsider. Frykta blir spreidd i eit tempo og ei mengde som ingen har godt av, verken dei som lagar dette stoffet eller dei som er mottakarar.

Når alle dei fryktskapande bileta, alle augnevitneskildringar, alle spekulasjonane og faren for ny terror har blitt repetert i nokre timar, blir politikarane henta inn. Dei skal då kommentere det heile og fortelje at vi ikkje må late oss påverke av all den frykta som no har blitt spreidd og repetert. I tillegg skal dei prøve å overtyde oss om at terroristane ikkje må få oppnå det dei eigentleg vil: Å spreie frykt. Denne type nyheitsformidling er, slik eg ser det, å spreie frykt med eine handa og prøve å trøyste med den andre.

Les også

Debatt: Smarte barn skjønner at «vi er ikke redde» retorikken ikke harmonerer med den enorme medieoppmerksomhet som terror får.

Eg veit at dette blir diskutert i redaksjonen når sendingar, nettsider og avisinnhald blir evaluert. Eg reknar med at det finst ein plan for korleis informasjonsformidlinga skal gå føre seg når terror råkar. Men det syner seg igjen og igjen at dei gode intensjonane i desse planane forsvinn i ei sky av adrenalin og konkurranseinstinkt når terroralarmen går neste gong.

Det må lagast betre instruksar for dette i mange nyheitsredaksjonar. Instruksar som demmer opp for denne frykta og gir rom for refleksjon og klokskap også i slike situasjonar. Då slepp vi at faktafeil, fryktskapande bilete, og at augnevitneskildringar og spekulasjonar blir repeterte så mange gongar.

Då slepp vi også at terroristane oppnår det dei vil og mykje meir – for ikkje berre blir frykta spreidd, men den blir mangedobla.

På denne måten blir nyheitsformidlinga ein del av terroren. Det blir det ein kan kalle nyheitsterror.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg