Nav-systemet er ei fattigdomsfelle

For dei som ikkje tek del i lønsveksten, kjenst det som om samfunnet dreg sin veg.

BORGARLØN: Alle er fødde med ein eigenverdi, og det i seg sjølv er argument nok til ei grunninntekt utbetalt kvar månad, skriv Kjell Magne Fagerbakke. Foto: Ørn E. Borgen

  • Kjell Magne Fagerbakke
    Kommunikasjonsgruppa BIEN Norge
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

BT har fortalt oss mange gode historiar om fattigdommen som er rundt oss. Dei rører oss alle, men me må ikkje gløyme at det ligg ei årsak bak. Kvar og ein fattig har si forteljing og det kan vere enkelt å peike på kva som gjekk gale, og kva som skulle vere gjort annleis. Frå det kan me fiksa ein, men det gjenstår 100.000 historier til, og vel så det.

Alle har eit grunnbehov, som må dekkast. Har ein kome skeivt ut, er den billigaste og humane metoden å gje folk pengar. Det er det stor semje om. Fattigdom er strukturfeilen, som gjentek seg i historia til mennesket . Det må ikkje vere naudsynt.

Meiner me alvor med å bygge eit moderne samfunn, er fattigdom ein enkel ting å gjere noko med. Svaret gjev seg sjølv, men virkar å bryte med memet rundt mitt og ditt: Me vil helst ikkje at vanlege folk får betalt av felleskassa utan motyting. Derfor er denne kassa beskytta med strenge kontrolltiltak.

Nav-systemet har eit utal tiltak, som fattige kan søkje på for å få eit betre liv. For å rasjonalisere utbetalingene, blir støtta redusert om ein klarar å skaffe seg ei delvis inntekt.

Systemet er ei fattigdomsfelle og ikkje eit funksjonelt sosialt nettverk. For dei fleste som blir fanga i dette systemet, er det passiviserande. Vil ein spe på med litt ekstra pengar i eit slikt system, er det freistande å jobbe svart.

Kjell Magne Fagerbakke Foto: Privat

Etter EU-norma ligg fattigdomsgrensa på 228.000 kr pr. år + 70.000 kr pr. born. Står du der utan noko, er 19.000 kroner pr. månad eit rimeleg startpunkt for all privatøkonomi. Så kvifor blir det lagt ned så mykje arbeid på å vurdere om ein fortener det? BIEN (Basic Income Earth Network) meiner at alle er fødde med ein eigenverdi, og at det i seg sjølv er argument nok til ei grunninntekt. Me føreslår at alle får utbetalt eit minimumsbeløp i form av ei grunninntekt.

Samfunnet vårt har gått gjennom ei endring, der lønsarbeid har gjeve oss stadig større velferd. Baksida er at dette aukar grunnivået for kva ein treng for å overleve. I fleire land er dette nivået i ferd med å hente inn arbeidarklassa, og for dei som ikkje har fått denne kvantitative auken, vil det opplevast som at samfunnet dreg sin veg utan at dei får vere med. Grunninntekta kompenserer for denne utviklinga.

Eit legitimt argument for ei heftefri grunninntekt, er at all formue me har rundt oss kjem frå felles naturresursar. Denne fellesarva har alle rett til å nyte av. Hans K. Mjelva trekk akkurat fram dette poenget til Guttorm Schjelderup i BT artikkelen om «Google-skatt»: «Kva om vi ser tilgangen til nordmenns internettadresser som ein nasjonal fellesskapsressurs? Ein tilgang til å sanke data av det norske folket.»

Gjer ein alvor av dette konseptet, er vegen til å la verdiane gå direkte til folket ikkje så lang som han kan synast, og når det kompenserer ei urett skapt av velstandsutviklinga, burde dette bli ei opplagt løysing.

Publisert
  1. Historier om fattigdom
  2. Privatøkonomi
  3. Samfunn
  4. Fattigdom
  5. Velferd
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent

Les mer om dette temaet

  1. – Dette vil virke mot fattigdom

  2. – Fattigdom er eit resultat av «den norske modellen», og ikkje noko det politiske fleirtalet vil gjere noko med

  3. – Det som hjelper mest, er å gi de fattige mer penger

  4. Alenemoren har tre jobber. Monika pantet flasker til bursdag. Krister fikk slengt «fattiglus» etter seg.

BT anbefaler

Christine ble utsatt for to hendelser på Haukeland. Den andre kostet henne livet.

– Pasienter som henne blir ikke tatt på alvor, sier Else Falch etter dødsfallet til den utviklingshemmede datteren.

LES SAKEN