Opp av oljeoska

DEBATT: Opp av oljeoska dukka nye bedrifter opp.

FÆRRE KUNDAR: «Når Europa har fått opp vind- og solcelleproduksjonen sin, er det ut med norsk olje og gass», skriv Vestland Venstres fylkesordførarkandidat, Gunhild Berge Stang. Tor Høvik

Gunhild Berge Stang
Vestland Venstres fylkesordførerkandidat

Vi hadde ei krise i oljebransjen som kom brått og uventa. Det var dei brutale marknadskreftene som slo inn. Dei tek ikkje omsyn til om bransjen treng å omstille seg. Det gjekk frå full fart framover til bråstopp.

Nokre verksemder såg tendensane og starta omstillinga i tide. Antan fordi dei hadde tapt oppdrag, eller fordi dei skjønte kor det bar. Men det som var som ei forbanning for nokon, viste seg å vere ein velsigning for andre.

Naud lærer naken kvinne å spinne, som det heiter.

Mange velutdanna ingeniørar stod utan jobb og måtte finne seg noko anna. Då var det fleire som tok tak i eiga mastergradsoppgåve, eller ein draum dei hadde hatt, og utvikla heilt nye ting.

Nye bedrifter dukka opp av oljeoska. Mange av desse laga verktøy og utstyr til industrien, og andre fann opp heilt nye ting. Ein såg potensialet i å skape nye produkt med miljøverdi.

Gunhild Berge Stang (V). Privat

Vi har til dømes fått ein heilt ny industri som fangar CO₂. I Bergen starta ingeniørane Jan B. Sagmo og Finn Blydt-Svendsen opp Bergen Carbon Solution (BCS), eit selskap som er i stand til å trekkje karbonmolekylet ut av oksygenbindinga, og produsere karbon-nanofiber.

Materialet er så sterkt at ein kan lage matter så tynne som eit atom, eller eit par lag kan kanskje brukast som karosseri på ein bil, nesten vektlaust.

BCS skal ta ut CO₂ frå BIR sitt anlegg i Rådalen for å lage eit svært etterspurt produkt, som i dag blir framstilt ved bruk av hydrokarbon frå oljeindustrien, tilsett skumle kjemikaliar. Dette kan BCS gjere til ein brøkdel av prisen. Dermed vil denne skitne industrien også bli rein.

Dette hadde ikkje skjedd utan oljekrisa.

Les også

LES OGSÅ: Åpner for å skrote omstridt vindkraftplan

No må vi trappe ned oljeindustrien på ein regulert måte, slik at denne typen industri kan få tilgang på kvalifisert personell og kapital.

Ved å stadig lyse ut nye leiteområde og subsidiere oljeindustrien, får vi ei ny oljekrise neste gong marknaden endrar seg. Og krisa vert større, for då har mange andre oljenasjonar førebudd seg.

New Zealand har stoppa all oljeleiting og skal bli fossilfri. Mange andre land jobbar i same retning.

Når Europa har fått opp vind- og solcelleproduksjonen sin, er det ut med norsk olje og gass. Sjølv skipsfarten ser ut til å komme opp med andre løysningar enn fossil olje.

Då står vi igjen med ein overdimensjonert oljeindustri og ingen kundar.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg