Kva skal skje med bommane rundt Arna?

DEBATT: Så langt har det vore taust frå vore lokale bystyrerepresentantar her i Arna. Har de sovna?

Publisert:

TAUST: Skal dei fjernast, flyttast, eller skal satsane kraftig ned? Når skal elbilane yta sin skjerv? spør Bjarte A. Gjellesvik. Foto: Ørjan Deisz

Debattinnlegg

Bjarte A. Gjellesvik
Indre Arna

Arnabuen kan ikkje lenger koma nokon veg utan å yta høveleg avlat. Slik har det vorte, etter at Bergen kommune sette opp betalingsautomatar ved dei gamle kommunegrensene mot Åsane (Nordhordland) og Fana (Grimen).

No to månader før valet forventar nok veljarane i Arna at dei politiske partia tonar flagg, når det gjeld dei to bommane i Arna. Skal dei fjernast, flyttast, eller skal satsane kraftig ned? Når skal elbilane yta sin skjerv?

Så langt har de vore taust frå vore lokale bystyrerepresentantar her i Arna. Har de sovna?

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg